onsdag 14. april 2010

Sommarmål!

Kua og kalven har truleg halde seg på Nedste Øyri ei stund, - stod og venta på å verte tekne vare på, på eit loft for nokre år sidan.

Skulle du vere i tvil - den er her - i dag startar sommaren! -sommarmål-
Vi starta på sommarsida av den tosidige primstaven i dag!
Wikipedia fortel også at denne dagen var flyttedagen fram til 1.verdskrig, ute i provincerne som indre Sunnmøre heldt det iallefall ei stund lengre. Flyttedagen var altså dagen der tenestefolk skifta arbeidsgjevar. Far vaks opp inne i Bygda, - nokre kilometer langs fjorden sør for tettstaden Sløgstad, - skulehuset var første bygning nordover langs vegen frå Olagarden - så han var nok ikkje til Sløgstads sånn utan ærend -. Far fortel at ein framleis i hans oppvekst, -  han var t.d. 15 år i 1946, - så stod ein på kaia og kika på dei nye tausene som kom med fjordabåten på dei to flyttedagane i april og oktober.
Ute i provincerne, heldt altså tradisjonane seg noko lengre. I mi leiting etter eit vakkert bilete av Bygda på nettet - fann eg desse bileta på fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal - Farmor i Bygda på husmorskule på Ørsta - i 1910 - bak til venstre! Ho og Farfar gifta seg i 1911 - så her er ho framleis ei av tausene frå Klokkargarden på Ringstad. Romsdals amts husmorskule opna 18.april 1910, så ho gjekk der retteleg så i ei nybrotstid! På biletet under av halvparten av dei tjue første jentene på husmorskulen, er ho tredje frå venstre bak.
Det sler meg at Bystudenten ikkje er ulik...



Eg fann ikkje bilde frå Olagarden - her er eit bilde teke frå Kjølås halvveges frå Sløgstad i retning Bygda - og "min" del av Bygda er altså den vika som går inn omtrent halvveges i biletet - vakkert må vite! Neset som stikk ut er Uksneset, inn bak det går Sunnylvsfjorden som også går vidare til Geiranger...Verdsarvområde der også... Fjorden mot vestre bildekant går vidare til Norddal/Valldal og Tafjord...
- berre for å feire sommaren... dette har eg lånt av Svein Lunde.








Wikipedia si beskriving av 14. april Sommermål,vårblot, sommerdag, sommernatt og primstavmerka er eit lauvtre eller ei grein.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar