tirsdag 6. oktober 2009

Medan ein venter på styggever


Etter vermeldingane skulle styggeveret allereie ha vore her, i grytidlege morgontimar -.
Det er alltids noko innomhusarbeid å gjere, men det hadde vore greitt å verte ferdig med resten av Aromaepla. Det heng enno litt eple som kan verte dropar i produkta frå Balholm og som god norsk usprøytt frukt,- berre til å ete framover vinteren.
Har teke mange bilete av IngridMarieepletre, - dei vert med attende til sentrale strok. Ingrid Marie er eit skikkeleg juleeple - mørkeraudt, ja nesten borgunder og set fin farge på vår eigen sjølvpressa juice...
Etterskrift:
Vi rakk å plukke alle Aromatrea før regnet kom, og Balholm fekk nokre aromaeplekassar denne veka også. Resten av epla står og er klar til å verte frakta vidare til meir sentrale strok!
Trea med Ingrid Marie og Raud Gravenstein ventar til mindre fuktige dagar, seinare i veka.

Etter at bilen køyrde til Balholm - tok eg fram Husqvarna-maskina og sydde og skar fleire stjerner på teppet som kun skal syast på den fine symaskina eg fekk etter tante Ellen. Symaskina har ettermontert Electroluxmotor og ettermontert lys, - og kan ha vore den første symaskina som tante Ellen kjøpte etter ho hadde lært å sy hjå Julie moster i Klokkargarden.
Symaskinreparatøren har varsla at drivreima på symaskina ikkje akkurat er lagervare. Etter det eg forstår har han notert varianten slik at han kan etterlyse ei ny reim når han treff andre maskinreparatørar.
Det er ikkje fotpedal på maskina, den vert sett i gang med hjelp av ein knehendel, uvant det også... Ei glede å kunne nytte maskina!
Den aller første maskina mi var ei gammal med handsveiv,- før eg var ti!

Bileta - øvst eit Ingrid Marieeple og nedst kjøkkenet som systove.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar