Det er praktfullt ver - sola skin frå skyfrihimmel!
Eg er litt innomhus, også for å gjere klart til i kveld.
I dag har vi vår tradisjonelle Grammpri-fest.
I mange år har vi hatt selskap når det er internasjonal Grand Prix finale.
Dei færraste av oss er opptekne av musikken,
- men det har aldri vore eit problem for oss som likar å diskutere antrekk!
- men eit problem for dei som gjerne ville ha høyrt betre!
I dag har blomsterbed på gatesida av huset fått fleire nye blomar -
mellom dei er Blå torskemunn og Levisia.
I mange av krukkene i bakhagen har eg planta fine nye blomar frå Blomsterbui.
Prydtobakk minner meg alltid om Vancouver.
Eg fann nokre spanske margerittar som eg syntest gjorde seg godt til fargen på huset.
Hengelobeliaen var komen, men ikkje kantlobeliaen, og eit par av dei måtte også verte med.
Eg likar best dei små kvite margerittane.
Blomsterbui fortalde at dei fekk altfor mykje veksthemmande midlar for å verte slik og
dei ikkje ynskjer å tilby det - greitt nok - etter dette handlar eg dei vanlege margerittane!
Det er begrensa kor mange blomster ein får i 4 papirbæreposar på sykkelen.
Eg gjekk heimatt i dag, med to på kvar side av styret.
Uaktuelt å ta risikoen med noko anna!
Når ein er ferdig med utearbeidet er det greitt å ha ein neglebørste,
i tillegg til den kvardagslege frå Felleskjøpet, har eg naturlegvis ei neglekyr.
Neglekyra står ikkje heilt på eigne bein - den treng litt oppoverbakke.
Det er akkurat eitt år sidan eg starta strålebehandlinga -
eg nyt å kjenne meg frisk og levande
og dekker framleis huda på halsen og brystkassa med solfaktor 50.
I går hadde eg ei lang treningsøkt på treningsstudioet på tidleg føremiddag
og bassengtrening på ettermiddagen.
Det vart ein rask sykkeltur for å rekke ein seinkveldsavtale.
ikkje så lang -
men nesten framkomen -
gjekk det opp for meg at det er sein mai -
med uendelege mengder av årsaker til allergiar -
og eg var ikkje andpusten ein gong.
Det er det same om det var allergiane eller anna som gjorde meg blankøygd der og då -
det kjentest fint.
Kurbits - er ei av dei svenske verdsvevsidene som stendig gler meg -
her er lenkja til ein oppslag om ny bruk av hekla serviettar og andre ikkje-ferdige-produkt på ein absolutt uventa måte!
Førre veke var det mange fleire mediaoppslag knytt til Verneområdet - dei vel 170 verna bygningane på gamle Lærdalsøyri - ein del var berre på papir og ikkje på verdsvevsidene til Sogn avis.
Mange meinar noko om deler av området, - nokre av buene treng snarleg kjærleik og omtanke - nokre meinar at enkelte av bygningane likegodt kunne vore rivne.
Nokre bygningar er i god stand egentleg - dei ser berre svært slitne ut som til dømes Losjehuset.
Her fortel Fortidsminneforeningen at dei har fått løyve av eigaren til å pusse opp bygninga.
Fortidsminneforeningen tek på seg oppussinga og vil sørge for at arbeidet vert finansiert av andre enn eigaren.
Eit av dei kjende fotomotiva på gamle Lærdalsøyri er Løyntnantsbrygga - nokre av bygningane der treng snarleg hjelp.
Her er artikkelen til Nrk om mogeleg stenging av Løyntnantsbrygga,
og artikkelen i Sogn avis om at Riksantikvaren vil løfte fram Øyri,
og Fortidsminneforeninga sin omtale av Riksantikvaren sitt besøk på Lærdalsøyri.
I dag er det 37 dagar til Lærdalsmarknaden set i gang -
den årlege marknaden gler vi oss til, trass i at det betyr ein del arbeid både i førekant og etterkant.
Ikkje lokalkjend? - Lærdalsmarknaden føregår i Verneområdet.
Det opna ei ny utstilling i Sogn kunstsenter medan vi var ute og reiste som aller mest.
Ei ny Hans Gjesmeutstilling - her er Nrk si dekning av opninga av denne utstillinga
og her er lenkja til plakaten til Gjesmeutstillinga.
No fram 14.mai, er det ope på laurdag- og søndagsettermiddagar og onsdagskveldar.
Etter dette er utstillinga open alle dagar.
Sogn kunstsenter er vel vert ei vitjing, både kunsten, arkitekturen og den snart sommaropne kafe/restauranten. Norsk Villakssenter med med levande laks og utstillingar om den lange laksehistoria til Lærdalselvi, det så absolutt ei adresse med litt for ein kvar smak.
Bjørg var ei av dei mange bunadkledde som bar skilt framfor dei ulike landslaga
inn til opningsseremonien i Lillehammer.
Bjørg fortalde at ho visste at ho trong vottar i kulden til bunaden sin -
ho leitte i kjelder og museumsregister etter vottar frå Indre Sogn.
Ho fekk strikka votten i tvibandstrikking, broderte sjølv broderiet, med årstal og initialar på tomlane. På hennar vottar er det ikkje flossaum - den ruta blå/gulekanten som er på orginalen,
den har nok gjeve ekstra varme kring handleddet.
I innkallinga/pressemeldinga frå museet og Sogn bunadnettverk var nemninga tveband nytta
her gjengjeven på Lærdal husflidslag si verdsvevside.
Tveband og tviband vert nytta om kvarandre.
Tvi- og tve- er ei eldre nemning for to -
"totråda strikking"
Bjørg Hovland viste også fram desse strømpene som er kopi av mannsstrømpene frå litt lenger ut i fjorden som ho strikkar nett no.
Orginalen og andre strømper har helar i tvibandstrikk -
naturlegvis er årsaken at teknikken gjer strømpa slitesterk!
Eit vottepar frå Færøyane som ei av kafegjestene hadde med seg
Framside/bakside - i to fargar er det lettare å sjå korleis dei to sidene er ulike -
På Lærdalsvotten er det brodert på den glatte sida - det er den stripa "framsida" ovanfor.
Færøyvottane har forskyving av stripene som viser ovanfor.
Dette vert då baksida - som viser at kryssinga av trådane på baksida lagar mønster
og sørger for at det vert ekstra sterkt, varmt og tett.
Det er mykje å finne på verdsveven både i bilete og på film.
Den engelske nemninga er twined knitting og svenskane kallar det tvåändsstickning.
Her er Knitwhits Tutorial - Siena Braided Trim: - god beskriving av opplegg og kanten.
På vegen heim bestemte vi at vi skulle ha strikkekafe i Eldhuset den fyrste tirsdagen etter påske 10.april klokka 18.00 - med høve til å kome i 7-tida!
Enkelte av oss "må strikke oss opp" innan den tid!
Sogn Bunadnettverk - Siri Benjaminsen - opplyste om at Lærdalsvotten nett no vert kopiert i Sverige og det vert laga mønster som kjem for sal gjennom Bunadnettverket til hausten -!