tirsdag 8. mai 2012

Gamalt og nytt - vi treng altihop!



Kurbits - er ei av dei svenske verdsvevsidene som stendig gler meg -
her er lenkja til ein oppslag om ny bruk av hekla serviettar og andre ikkje-ferdige-produkt på ein absolutt uventa måte!

Førre veke var det mange fleire mediaoppslag knytt til Verneområdet - dei vel 170 verna bygningane på gamle Lærdalsøyri - ein del var berre på papir og ikkje på verdsvevsidene til Sogn avis.
Mange meinar noko om deler av området, - nokre av buene treng snarleg kjærleik og omtanke - nokre meinar at enkelte av bygningane likegodt kunne vore rivne.

Nokre bygningar er i god stand egentleg - dei ser berre svært slitne ut som til dømes Losjehuset.
Her fortel Fortidsminneforeningen at dei har fått løyve av eigaren til å pusse opp bygninga.
Fortidsminneforeningen tek på seg oppussinga og vil sørge for at arbeidet vert finansiert av andre enn eigaren.

Eit av dei kjende fotomotiva på gamle Lærdalsøyri er Løyntnantsbrygga - nokre av bygningane der treng snarleg hjelp.
Her er artikkelen til Nrk om mogeleg stenging av Løyntnantsbrygga,
og artikkelen i Sogn avis om at Riksantikvaren vil løfte fram Øyri,
og Fortidsminneforeninga sin omtale av Riksantikvaren sitt besøk på Lærdalsøyri.

I dag er det 37 dagar til Lærdalsmarknaden set i gang -
den årlege marknaden gler vi oss til, trass i at det betyr ein del arbeid både i førekant og etterkant.
Ikkje lokalkjend? - Lærdalsmarknaden føregår i Verneområdet.

Det opna ei ny utstilling i Sogn kunstsenter medan vi var ute og reiste som aller mest.
Ei ny Hans Gjesmeutstilling - her er Nrk si dekning av opninga av denne utstillinga
og her er lenkja til plakaten til Gjesmeutstillinga.
No fram 14.mai, er det ope på laurdag- og søndagsettermiddagar og onsdagskveldar.
Etter dette er utstillinga open alle dagar.
Sogn kunstsenter er vel vert ei vitjing, både kunsten, arkitekturen og den snart sommaropne kafe/restauranten. Norsk Villakssenter med med levande laks og utstillingar om den lange laksehistoria til Lærdalselvi, det så absolutt ei adresse med litt for ein kvar smak.

Denne fine biletserien frå Sogn avis er frå då Sogn kunstsenter vart opna.

Lenkje til programmet til kunstmusea i Sogn og Fjordane

- og eg kan ikkje dy meg for å vise til denne lenkja om 15 måtar å verte meir lukkeleg på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar