Skulle gjerne vere laid-back som Francis Sejersted!
Kven skulle ha trudd at eg i desse dagar skulle sitje og slite med deler av boka hans:
Det har vore særs triveleg å verte student igjen -
men slitsamt med pendling og lange dagar!
Det vert ikkje så mykje høve til å kvile når eg treng det,
slik eg har gjort dei siste 2 åra!
Det vert ikkje så mykje høve til å kvile når eg treng det,
slik eg har gjort dei siste 2 åra!
No derimot, er alvoret kome!
Det er ikkje mange dagane til innlevering av oppgåva -
og om tre veker veit eg resultatet av arbeidet hittil.
Prestasjonsangsten er heftig og lammande!
Får tru det vert betre dagar enn dette!
Apropos prokastinere - sjekk denne 'YouTube-videoen!'
I helga var vi i Provincen og plukka litt eple,
veret var nydeleg med knallblå himmel og sol
- og eg hadde ikkje med noko kamera!
'Bilete frå i fjor!'
Foto Arne Flaaten - lånt utan å spørje om lov!
Apropos prokastinere - sjekk denne 'YouTube-videoen!'
I helga var vi i Provincen og plukka litt eple,
veret var nydeleg med knallblå himmel og sol
- og eg hadde ikkje med noko kamera!
'Bilete frå i fjor!'
Foto Arne Flaaten - lånt utan å spørje om lov!
Eg hadde ein Sejersted som førelesar (son?). Han føreles i den stillinga, godt tilbakelent, eller framoverlent over falda hender på kateteret, og med augo att. Ikkje det at det gjorde oss noko rolegare - prokrastineringa var like utbreidd, og stressframkallande, då som no.
SvarSlett-Mari
Ikkje uvanleg at born arvar kroppsspråket til foreldre eller andre nære slektningar!
SlettDet er særs slitsomt å ikkje greie å halde fokus lenge nok! Men skal eg få høve til å skrive den lenge planlagde (ca. 25 år) oppgåva mi, så lyt eg gjere jobben dette semesteret også!
Kjekt med livsteikn frå studenten. Det er vel litt av ein overgang - men tippar du fiksar det, prestasjonsangst eller ei.
SvarSlettSåg på "Jentene på landet " i Lærdal i går - og registrerte at ordføraren sa det var enkelt å finne jobb i Lærdal. Så bra! Reknar med det blir storinnrykk av årdøler snart, då :o)
Ikkje heilt sikker nett no, men skal ha skrivestund med over halvparten av dei trivelege medstudentane i morgon! Sytalaust å avtale slikt når alle er med i fjesbokgruppa. "Alle" er 9, inkludert meg!
SlettSåg kun heilt på slutten av programmet,-
men du veit ordførarar må vere flinke til å markedsføre kommunen sin sjølv om søknaden til omstillingskommune er klar.