tirsdag 25. oktober 2011

Praktisk bygningsvern

Til deg som er glad i gamle hus og vil ta godt vare på dei!

- er tittelen på seminaret som Fortidsminneforeninga inviterer til laurdag 5.november på Knaken kafé og befaring på Kaupanger hovegård.
Her er lenkja til Fortidsminneforeninga si side!
Dette er huset vårt!
Det er ei glede å bu i eit verneområde med 170 bygningar i eit hus frå 1847 -
med gamle gode vindu som har fått innervindu og difor betre enn mangt anna og
panel som huset har hatt sidan det vart kledd for vel 100 år sidan.
Det er viktig for meg å fortelje at gamle hus er gode hus!

Eg gler meg til seminaret til Fortidsminneforeninga (Fmf) og trur det er mykje å hente
frå dei tre som held foredrag og andre seminardeltakarar.
Varm lunch og omvisning på Kaupanger hovedgård svekkar ikkje akkurat seminaret!

Hallvard Trohaug, Jon E.Tamnes - dagleg leiar i Fmf Sogn og Fjordane og Hans Johnsson
Ove Losnegård

Hallvard Trohaug - arkitekt, kunsthistorikar og hovedstyremedlem i Fmf held foredraget:
Kva kan spora i huset fortelje oss? 
Korleis verte ein husdetektiv? Korleis gjer du huset ditt fornuftig for deg, samstundes som du tek vare på karakteren til huset?

Ove Losnegård - snekkar, båtbyggjar og leiar av Fmf avd Sogn og Fjordane:
Vindu i gamle hus – betre enn nye?
Om val av gamle vindu. Kva kan du gjere sjølv for å ta vare på dei originale vindua i huset ditt?
Gamalt glas gjev huset karakter og dei gamle vindua er av betre kvalitet enn dei som vert laga i dag.
Meir om Ove Losnegård her.
  
Hans Johnsson - bygningsantikvar held foredraget:
Gamle hus treng komposisjons- eller linoljemåling!
Då vert dei best ivaretekne. Linoljemåling er ein av dei beste målingstypene du kan bruke,
den passar på dei fleste overflatene og er lett å påføre.
Få med deg denne grundige gjennomgangen av kva linoljemaling er, hva slags eigenskaper den har og kva du bør tenkje på før du går i gang på eige hus.
Vi skal koke komposisjonsmåling på låven, og omvisningane i tunet på hovedgarden vil vise eksempel på både vellukka måling og vi får høyre om dei problema som kan oppstå.

Det vil også vere ei orientering med gode råd og vink til dei som vil søke om offentlege tilskot til arbeid på eige hus.
Arrangementet kostar kr. 500,- for medlemmer av Fortidsminneforeningen og kr. 700,- for andre.
Dette inkluderer dei tre foredraga, varm lunsj m/kaffi på Knaken kafé og befaring ved
Kaupanger hovedgård.

Dei som teiknar medlemskap i Fortidsminneforeningen i løpet av kursdagen får attende mellomlegget på kr 200,-. Deltakeravgifta skal betalast kontant.
Laurdag 5. november kl 10.00 – 16.00
Påmelding til Fortidsminneforeninga på e-post: sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no
Påmeldingsfrist 31. oktober 2011.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar