Kreftlegen min i by'n ringde i føremiddag og sa at det var ikkje kreftceller i prøvene som vart tekne av "flekken bak øyra".
Den vakre stemma fortalde at det difor ikkje var funne spredning av kreften,
- eg går rundt og gler meg over å berre ha brystkreft!
Du verda kor glad eg er for at røntgenlegen min i by'n fann ut at det var mogeleg å nå flekken og at øyrenasehalslegen min laga større bihuler på meg for å få tatt prøver,
- slik at eg slapp å bli strålt i skallen!
Tenk kor mange hjerneceller eg har spart - dei skal jammen vidareutviklast til noko godt!
Det var virkelig gode nyheter!! Jeg gleder meg med deg!!!
SvarSlettDet er fantastisk nytt, Bente! Så godt å høyre - no har det vore så stille frå deg at eg var redd du hadde fått dårleg nytt.
SvarSlettDå er det berre å konsentrere seg om å få ordna opp med den puppen. Peanuts i forhold :o)
Hurra, og sikkert vel verdt den der gravinga bak øyret!
SvarSlettKjempegod påske!
Takk til Kjersti, Marianne og Magni!
SvarSlett- Marianne - puppen blir peanuts - LOL!!!
- Magni - så lenge ØNHlegen ikkje rota seg borti det som har med synet å gjere i den siste bihola, så var det vel verdt det!!!
Eg har hatt ein vakker dag, - og satsar på at vi alle får vakre dagar framover!