torsdag 29. juli 2010
Verdsrekord i drageflyging, - viktig det!
Har lånt scanpix biletet frå denne artikkelen i BT.
7202 barn leika seg samstundes med drager i lufta på stranda Beit Lahiya nord på Gazastripa som ein del av UNRWA sitt sommarprogram.
UNRWA = FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten.
Tenke seg til når ungar får nytte energien sin til å gjere noko fint i lag på denne måten - lage ei positiv palestinsk verdsnyheit saman - slikt skapar sjølvkjensle for gode samfunnsbyggande faktorar også -
Fleire gongar i dag har eg støytt på dette sitatet av C.S. Lewis ”You cannot make men good by law and without good men you cannot have a good society".
I Jeriko er det to flyktningeleirar der UNRWA spelar ei viktig rolle, flyktningleiren Aqbat Jaber - 3 km søraust for Jeriko
og flyktningleiren Ein el-Sultan ved foten av Fristelsens fjell – 1 kilometer frå Jeriko.
Og så må eg gjenfortelje det Ole i NRKSF fortel - det er ikkje fleire villmenn i Lærdal !
- og i denne artikkelen frå BT vert i den augneblinken eg lenkjer den, Sognefjellet brukt som stadnamn på Åsen på Frønningen (ikkje alle fjell i Sogn er Sognefjellet!!!) - det eine store fjellet på Frønningen er Bleia - (fann ei fin beskriving og bilete av tur på Bleia her) - og journalisten kallar staden Rønningen - reknar med at einkvan endrar det til Frønningen etterkvart...
Journalisten bør inviterast av ALR - dei kan ha mykje å hente på nærmarkedet!
Som om det ikkje er nok med viktige utdrag frå særs aktuelle media!!! : Det er vakre kyr i Naustdal , det er forsåvidt ikkje noko nytt - eg veit at det har det no alltid vore heilt sidan NRF-kyra Rosa kom til Fimlandsgrenda i fjern fortid - men no altså royale kalvar!
- er ikkje heilt klar for å tru at Bestefar meinte at Rosa var dronninga i flokken - nei, det ville vel vere majestetsfornærming å rekne.
onsdag 28. juli 2010
Skulle ha vore så mange stadar - er heime på sofaen
biletet er lånt frå www. smp.no
Han hin er reist til ein god heim i Sunnfjord for å vere støttekontakt for eldstemann på motorsykkel, medan eg er sjuk og heimeverande.
Det er lov å drive øvelseskøyring på veg, der eleven køyrer fremst åleine med intercom og øvingslærar bakom med "L" på ryggen!
Eg sydde "L" til han hin i går - og laga det same til Thomas i Sunnfjord i dag. Då er begge litt tryggare - dei er litt meir synlege - og det gjev eit signal til resten av trafikken at dei må vise omsyn.
Eg fann denne fine som starten på læreplan for føreropplæring klasse A1 og A (lett og tung motorsykkel)
Om å veilede
”….at man,
når det i sannhet skal lykkes en
å føre et menneske et bestemt sted hen,
først og fremst må passe på å finne ham
der hvor hen er,
og begynne der."
Søren Kierkegaard
Andre stadar ein godt kunne ha vore, er på Giske der denne flygekua er symbolet for Sommarfestivalen!
Han som gjerne bestyrer reiselivet i Indre Sogn er lite nøgd over marknadsføringa av Verdsarvfjorden, - og så les eg denne skildringa av høysanking i Mari sin blogg - den fortel andre og særs viktige sider ved livet ved Verdsarvfjorden!

tirsdag 27. juli 2010
Litt MC-sikkerheit for Thomas og dei....
Vi planlegg ein sunnfjordstur - som inkluderer litt MC-opplæring,
han hin trur ikkje at han bør sitje bakpå ein 125 kubikkar som lærar - men har funne ut at han kan køyre bakom med intercom!
Eg syr reversibel pynt til refleksvesten frå Biltema - sjekk borrelås i rett farge + refleksband og satinband og rett sytrådfarge frå Stoff og stil!
mandag 26. juli 2010
Byhandel -
Biltema , Clas Ohlson, Kappahl, Truck&Trailer Industry, Stoff og Stil, Staples - dyktige til å få unnagjort viktige planlagde kjøp, når listene er klare - og så finn ein alltids litt til -
Vi fann tildømes ei vakker gåve til Ingrid på Staples og A3-kopipapir, dessutan vart vi vist vidare til Truck&Trailer Industry av kundehandsamarar på andre buer som visste betre då han hin leita etter nye speglar til den 25 år gamle Iseki'en - det var butikk med hyggeleg kundeservice - det var mannebutikk med stil !!!
På heimvegen via Voss - sært ettermiddagslys gjennom/mellom skyene.

søndag 25. juli 2010
Fjellsiden - Sandviken - Herdla og nørst i Øygarden
I årevis har vi planlagt å køyre MC på øyane utforbi Bergen, - på tide å verkeleggjere - skulle berre innom Bystudenten ein tur først. Vi stolte på GPS'en som valde ein litt utradisjonell veg. Vegen hadde vore spanande med MC, men ikkje med stor raud kassebil!
Ein av naboane til denne døra hadde parkert slik at det var naturleg å rygge opp til neste hårnålsving - manglande koordinering mellom sjåfør og trafikkassistent/skribent førte til at han hin køyrde på blomsterkrukka som sto til høgre for trappehella.
Vi skreiv beklagelseslapp med namn og nummer og putta i postkassa, - og lovde å kome attende med ny krukke neste dag. På veg utover til havet var det naturlegvis søndagsopne blomsterbutikkar - der fann vi både fine krukkesett og blomster til vertinna i Vognstølen
Siste etappe på søndagsturen vart å plante om frå den knuste krukka til den nye blå. Krukka til venstre var knust av ein kvan annan - så vi sette krukke nr to på trappa til huseigar. Vi la ny lapp i postkassa, og vel heime i Vognstølen kom takke-sms frå huseigaren. Krukkene hadde vorte knust fleire gongar medan ho hadde budd der - og ho syntest visst vi hadde gjort meir enn opp for oss,- i motsetning til andre uheldige sjåførar! Vi hadde også eit ærend til ein hekkeeigar på Askøy - han hadde fått låne ei hekkesaks av Storebror. Han tipsa oss om raspeballmiddagen på Herdlevågen Gjestehus.
Ein av naboane til denne døra hadde parkert slik at det var naturleg å rygge opp til neste hårnålsving - manglande koordinering mellom sjåfør og trafikkassistent/skribent førte til at han hin køyrde på blomsterkrukka som sto til høgre for trappehella.
Vi skreiv beklagelseslapp med namn og nummer og putta i postkassa, - og lovde å kome attende med ny krukke neste dag. På veg utover til havet var det naturlegvis søndagsopne blomsterbutikkar - der fann vi både fine krukkesett og blomster til vertinna i Vognstølen
Siste etappe på søndagsturen vart å plante om frå den knuste krukka til den nye blå. Krukka til venstre var knust av ein kvan annan - så vi sette krukke nr to på trappa til huseigar. Vi la ny lapp i postkassa, og vel heime i Vognstølen kom takke-sms frå huseigaren. Krukkene hadde vorte knust fleire gongar medan ho hadde budd der - og ho syntest visst vi hadde gjort meir enn opp for oss,- i motsetning til andre uheldige sjåførar! Vi hadde også eit ærend til ein hekkeeigar på Askøy - han hadde fått låne ei hekkesaks av Storebror. Han tipsa oss om raspeballmiddagen på Herdlevågen Gjestehus.Det vart ein søndagsmiddag som heldt lenge, vi enda opp med å handle fleire boksar Ben&Jerry's is på Holbergsplass i by'n, før vi tinga kaffi og melde vår ankomst attende til verandaen i Vognstølen. Inderleg godt med så mykje stor himmel og stort hav!
lørdag 24. juli 2010
Eikedalen til frukost og Vognstølen til natt
Frå verandaen i Vognstølen etter nydeleg middag på Zupperia i Nordahl Brunsgate, dessert på Yr i Marken 32 og avrunding hjå Dyvekes i Hollendergaten.
Av dei tidlege hendingane i Eikedalen var tekstmeldingar frå slike som har tidleg leveranse av BT. Bystudenten var på side 12 og 13 ,- så naturlegvis kjøpte vi papiravisa når vi kom tilbake til sivilisasjonen!

Hytta i Eikedalen var ein triveleg stad å vere, gangsti som delvis går gjennom myr eller frakt via båt med batterimotor.
Vi feira eigaren sin 40-års dag på hytta på fjellet for 10 år sidan. No når han har stige i gradene frå firmahytte til eiga hytte, er vimpel til flaggstanga den mest naturlege 50års presangen!
Med litt hjelp frå velviljuge naboar kan det verte lettare for Hytteeigaren å vere Konge på Haugen også i framtida,- han yngste å kjøpe seg inn i privatveg frå austsida - håper han lukkast!
Den batteridrivne båtmotoren var kul! Utan lyd!

fredag 23. juli 2010
Praktfull sommarsdag - ein fin dag for det meste!
Skulle alltids gjort litt meir - det er sol og det er ferie - og vi trekkjer pusten litt fredelegare - PEF målingane er sikkert bra...
Gode meldingar i dag - Elvi verkar frisk - gyroen er vekke - grunneigarlaget vil klokeleg vente til det er fisk i Elvi før dei slepp fiskarane til, - denne eine av to Dronningar - for å sitere HMK Harald - hadde berre 73 laksar i fjor.
Fin konsert - gler meg til å høyre fortsetjinga i Jeriko i oktober! Har teke mange bilete og han hin tok video av heile konserten - men det får verte til etter helga!
No har eg gjort det beste ut av bileta - ikkje ein god fotodag!
Framleis sit denne rare kjensla av å nikke gjenkjennande til tradisjonsmusikk ein har høyrt så mange gonger før, ende opp som palestinsk/arabisk tradisjonsmusikk utan at ein er heilt sikker på kor overgangen var! - Tom meinte at 3 dagars samspel ikkje kvalifiserte til å kalle dette konsert - eg gler meg til fortsetjinga i Jeriko i oktober!
torsdag 22. juli 2010
Sola skin, - ikkje Hardangertur i dag - fordi det vert konsert i Kvammegården i morgon klokka 17!
Vatnet fløymer over sånn elles i landet, her har vasspøylene allereie byrja å forsvinne! Statens Vegvesen har fått oppdatert lenkja si frå NVE flomvarsel - den gamle var slutta å verke for 1 1/2 år sidan, - no funkar den også, godt det - slike dagar!
I Kvammegården vert det truleg ein spontankonsert med musikarane som skal til Jeriko i oktober og ein palestinsk musikar Jamil Sayeh som fekk visum i siste liten,- slik at han rakk dei hine som hadde øvingsveke denne veka!
Først meldt som truleg i morgon føremiddag - det vert likevel litt seinare ut på dagen - men stendig meir info å hente på http://www.jericholaerdal.org/ etterkvart!
- og slik var det sist gong det var ein konsert utanom den ordinære konsertplanen på onsdagane i Kvammegården!
Wikipedia primstaven fortel det er Mari stol, magdalidagen eller magdalimesse på denne dagen. Primstavmerka er ei krone med kors og eit beger.

onsdag 21. juli 2010
Livet i Ø27
Vaskar andre vaskemaskina - mange fleire ventar - kva skulle vi ha gjort utan tørketrommel?!
Brownies og 3 korger jordbær klar til feriebesøk på veg heim til den vakre dalen i Sunnfjord!
Har også fleire ringar av kransekaka og store mengder is i frysen - om andre har udekka kosbehov i desse regntunge sommarsdagane - vi er ikkje på MC-tur...
Mellomskrift: No har sunnfjordingane sett kor flinke vi er i gjenbruk er i Indre Sogn - dei har besiktiga bygget (bilde 4&5) der taksteinen frå huset deira skal få eit nytt og tørrare liv!
Etterskrift: uendelege mengder regnvatn - vi har planar om å ta Hardanger og Bergenstur med bil i helga, ikkje MC - synest framleis det ser ut til å vere fare for ras litt for mange plassar!

tirsdag 20. juli 2010
Ei arbeidssom veke i Provincen - greitt det viser at vi har vore her!
Vi har begge hatt eit muskeloppbyggande opphald - det har vore lite sauming, - det vert vel dagar etter dette... Såpass ujamnt i ver og vermeldingar, at nokre vinduskarmar må vente til neste gong.
I dag har det vore yr eller regn mesteparten av dagen - ikkje noko godt teikn i følge wikipedia primstaven for det er Marit Vassause, Margretemesse eller Mari(t)messe og primstavmerka for dagen er eit hjul, eit sverd, ei drage, ei bok, bokstaven «M»og eit kors med glorie.
Elles er krompen 37 år i dag!
Vi kjem til å ha zenkveld i Lærdal !

mandag 19. juli 2010
Roen senker seg...
Bystudenten og bystudinen/trønderpia har reist attende til storbyen med bybåten -
vi gamle ryddar opp...
Han hin er mannen med ljåen - og ordnar det han ikkje rakk med traktor før helga. Kaker med og utan gluten er komne i frysen. Der har vi også samla opp stort nytt lager av Feios-is!
Eg lagar kantar på blomsterbeda med all stein som er til overs - det er ikkje det at eg trur eg lagar nye steingardar, - eg meir fortset linjene...

søndag 18. juli 2010
Ein fin dag i Provincen
Eg bur ikkje lenger saman med ein kar i tredveåra, - det er i grunn greitt!
Vi feirar relativt pent og pynteleg, - og det er såpass mykje oppvask at det hadde vore greitt med oppvaskmaskin, - men ikkje så mykje at det hadde vore greiast med papptallerkenar...
Hyggeleg med gjester frå meir sentrale strok i Sogn - og etter det vi ser er fleire som hadde god grunn til å reise tidleg frå Provincen og støtte sine heltar - det går rette vegen for Sogndal mot Follo!
Ein fin dag - der vi kunne sitje ute på terrassen frå kaffien av, - tok ikkje sjansen på buffetmat i yr...

fredag 16. juli 2010
Gruuusomt mykje grus i 3 lastebillass - no er dei jamna med jorda!
Potetene steikjer i omnen - han hin er på Vikøyri for å hente bystudentane på bybåten, - avbuda rullar inn - så det vert rikeleg med mat i veka som kjem.
Fin ferie -!
Ferdig med å få ut over grusen - og det er nydeleg - hadde det vore litt tørrare i veret - hadde det vore nymåla vindu - kunne ha vore fint det og!

torsdag 15. juli 2010
På spa-opphald i Provincen
Det er så mangt han hin vil ha gjort medan han er i 30åra! I relativt lang tid har 3 store gruslass venta på å verte det ein kan kalle jamna med jorda! Det greie hadde vore å nytta ein traktor med frontlastar seier han hin, - den gamle Isekien og vi to ordnar det mellom regnbygene innan gjestene byrjar å kome.
Det er berre to halve gruslass som no står at og ventar på ei siste økt..., - så vi rekk det - eg og han hin og Isekien med skuffe bakpå!
Vi kan også forsikre gjester om at vasstrykket er attende til det det var før klokka 6.35 i dag - for då fann vasspumpa ut at den også trong litt service, - det naturlege trykket er litt lite på desse kantar. Rørleggaren skulle ikkje på ferie før i morgon, så det gjekk heilt greitt. Med ein liten reservedel og litt arbeid, var dette klart relativt tidleg på dagen.
Vi var på Vikøyri for å få ordna litt nødvendig utstyr, etterfylle med litt andre matvarer enn det dei har på bui i Osen - og ein tur innom blomsterbui og naturlegvis på ostebaren for å nyte eit grovt rugbrødstykke med 3 store skiver fersk gamalost dandert med rømme og tytebær...

onsdag 14. juli 2010
ingenting er betre enn å teste kor fordomsfri ein er...
Sola er vakker her ute i Provincen! Tidleg oppe fordi traktorservicemannen frå hi sida av fjellet skulle kome.
Prøver å rydde blomsterbeda fri for ugras, før det var vi godt i gang med å få spreidd dei store grushaugane ut over tunet med traktor, grafse og jernrive, for traktorservicemannen kom aldri!
Servicepersonen var naturlegvis ei lita tynn dame! Nei, bondeyrket er ikkje det det eingong var...
Held på med å bake opp eit lager av glutenfri kakemat, lønsjen på terassen inneheldt browniesmuffins og lyse muffins med store mengder 70% sjokolade-bitar - nesten bortimot sunt,- spør du meg . Måtte innrømme at det ikkje er kvar dag vi har heimelaga muffins her i provincen heller...

tirsdag 13. juli 2010
Skodda ligg nesten ner'i hårgarden - det er godt feriever -
Får ordna så mangt når det er fint nok ver til å vere ute og fint nok ver til å vere inne...
Lang fredeleg føremiddag, jaudå - vi trur framleis at ferien varer evig...
Kjem heilt sikkert til å sy i dag - og bake litt kake for frysaren også!
Sit og filosoferer over at det har vorte for lite søppel i Årdal, då tenkjer ein gjerne at det er bra - for gjenvinningsfirmaet er det tydlegvis ikkje! Kunne ha tyda på at årdølene har vorte flinkare og laga mindre søppel pr person,- men det er vel på bedriftsnivå dei største endringane i leveransar har kome. Får tru at det vert tenlege tenester på det området att, etter kvart!
Dette er ei sak i kategori med at Årdal ikkje lenger er på toppen i bruk av pengar på Norsk Tipping pr veke, - det går attende med årdalssamfunnet - mindre søppel og mindre til tipping!
Skulle nokon ha ynskje om å sjå Fridtjofspelet på Vangsnes og vitje oss samstundes, så tek vi ansvar og er nok på Målrock på Årdalstangen! Nemi i dag er lånt frå bt.no!
Han hin køyrer traktoren med beitepussaren bakpå og knuser graset slik at det går attende til naturen...
Traktorservicemannen kjem over fjellet for å sjå om traktoren i morgon - då er det greitt at alt traktorarbeidet er ferdig...
Har baka muffins - og gjort klart til fleskepannekaker til middag, dei skal berre steikast ferdig når han hin er komen oppatt i tunet. Det er nok bondekjerring ein skulle ha vore - tenkje seg til alt ein hadde fått gjort då...!!!
I ettertid har eg kome over Norges største grasklippar - ikkje noko for Iseki'en det!

mandag 12. juli 2010
med hug til å sjå opnare himmel og større sjø -
og ha rikeleg tid til viktige ting og vi vel den fergefrie varianten til Provincen denne gongen! Det er mange som ikkje har funne ut at det om sommaren er eit fergefritt alternativ allereie mellom Bergen og Trondheim via Lærdal og Turtagrø - om enn ikkje for alle køyrety og sjåførar -
Har nokon sett desse i handelen?
og Porten fortel at no kjem det litt Lærdalsjordbær også!
Etterskrift: Det gjorde godt å gå berrføtt her ute i Provincen og drikke eit godt glas terrassevin, før regndropane fann oss.
Vi hadde ein fin tur via kina-uterestauranten og Narvesen på Voss - over Vikafjellet - store utbedringar på gang - inntil 1 times stogg fram til 15.juli - men dei er ferdige for dagen klokka 20.00
Vi åt softis og hadde ein fin spasertur på kaia på Vikøyri - det er sanneleg lenge sidan vikjene gjorde ein god jobb på vedlikehald av det gamle strandsitjarmiljøet og skilting direkte på fasaden i "tradisjonell" stil har dei visst forlate som ide forlengst, eller berre veit dei ikkje om det kanskje - og den nye fasaden mot fjorden på kommunehusII ser interessant ut, - førebels ikkje med positivt forteikn kanskje...
Firda melder om at det trengs aksjonering mot dårleg skilting - vere med på å finne Norges dårlegaste vegskilt ? - ingen dum ide, spesielt no når vi alle er endå meir på farta i område der vi treng skilt som verkar!
Vermeldingane tyder på at det vert innedag i morgon, - kakebaking og litt førebuingar til helga og litt sauming - det står ikkje på - i tillegg lese ferdig Morgen i Jenin - og mangt anna godt lesestoff, - nei - det står ikkje på!

søndag 11. juli 2010
Eplemøya songlag i Kvammegården søndagskvelden
Eplemøya songlag gledde oss i kveld på utescena i Kvammegården - ein dag med eit heller ustabilt verlag, heitt og vindfyllt! - Ei samansett helg med mykje prat og mange uplanlagde treff - ikkje slik den var tenkt - gjorde ikkje noko det heller...
men den opprinnelege planen var å innleie med ein konsert med Vazelina bilopphøggers...
Har lånt bileta av han hin som hadde kameraet med seg.
Kjenner verknadane av sommaren - mannar meg opp til å vere budd på å teste PEF-verdien i 4 veker med mindre innhalert medisin enn ellers - har gått opp før meg at det vert i allerverste perioden...

Det har vore viktige fotballkampar i kveld - for Sogndal var det greitt å vinne 2-5 over Bryne, medan Spania sleit hardt og lenge for å vinne over Nederland.
fredag 9. juli 2010
Pollensliten og heimeverande - ferie frå i ettermiddag.
Astmaen er tilstades slike vakre dagar - sjukemelding og fredeleg heimeverande...
Fann Fjellkua på postkort hjå Ann Granlund - må visst ta ein Ålandstur ein vakker dag og gå på bui SALT, reiseminnebutikkar kan vere så mangt!
Om tre månader er det dagen før dagen i Jeriko - arbeider med orientering til dei hine som skal vere med - og verdsvevsida til Vennskap Jeriko - Lærdal. Deter 36 grader varmt der i dag.
Ein fin dag for å sitje på trappa med sunn lønsj og eit kaffiglas og kike på turistane!
- så eg låner endå eit bilete på Flickr som har vore publisert siste dagane.
Etter(lønsj)skrift: Hadde ein hyggeleg prat under lønsjen med godt vaksne turistar frå Dokka som hadde kome over Sognefjellet og Turtagrø til Øvre Årdal . Til si store glede slapp dei å køyre over fjellet for å kome til Lærdal, men kunne køyre langs fjorden! Vegen frå Fodnes var ikkje innteikna på kartet deira, - det har skjedd litt i dei siste 20 åra på samferdsleområdet sånn rundt om kring her også...
Han hin snakka om å oppdatere GPS'en sin i går kveld - i eit slikt perspektiv, er eg ikkje sikker på om vi treng det når eg ser verda slik dei gjer det på Land!
Sein-etterskrift: Har hatt vitjing av slekt på gjennomreise austanifrå til den fagre dalen midt i fylket - 3 korger jordbær i den store stettaskåla med kesam vanilje til.
Jau, den aller første smaken av jordbær er spesielt god - og endå betre når det er så seint på sommaren! Allerbest vert det når ein sit i bakhagen og kan snakke om viktige ting i livet som gode jordbær og overnattingsplassar i Lærdal!
Tante og Onkel hadde vore innom hjå vener på Gol og kom med ei gåve til meg derifrå - ei aldeles rykande fersk bok signert av Runar : Ting talar - "ei uhøgtideleg bok frå Hallingdal om tingas eiga historie" - Line Sandvik og Runar Foss Larsen, utgiven av Hallingdølen - og den er fole fin! I fjor var fotoutstillinga Ting til Ulf Palm - vist på Gamle-Kiwi, museumsfoto frå Nordfjord. Det er ein slik ting på kvar side - i tillegg talar tingen gjennom teksten som fortel om den konkrete tingen og historie rundt eller sett i ein samanheng,- retteleg så ei bok for meg!
I kveld starta syklistane som for egen motor syklar Jotunheimen rundt! - og desse karane kom først fram!

mandag 5. juli 2010
om 5 dagar er det ferie...
Frykteleg tidleg start på jobb og tidleg ferdig også ,- mykje sterk vind - men regnet kom aldri...
Kornbønder frå Østfold var innom på kake, is og kaffi - greitt å bu slik til at det passar med ein stogg som er noko anna enn oppgradering av ferdselsåra, - for både folk og dyr på veg mellom heim og feriebustaden i den fagre dagen midt i fylket.
Testa middagsbuffet'en hjå naboen i dag - kan ikkje anna enn tilrå den på det varmaste - startar klokka 19 og held på til 21!
Oppmerksome kelnarar ryddar kjapt og med eit smil,- kjøkkenpersonalet heldt buffeten ryddig...
mykje godt i fisk - og likt&ulikt tilbehør...
Av det mest eksotiske - marinerte små terningar av kvalkjøt - uventa stort utval av kaker - gode kaker!
Hadde ein fin spasertur i nabolaget - fleire av naboane skiftar tak i desse dagar - kos å vere turist i nabolaget...
men vi hadde framleis hatt trong for eit slikt eit! - eller noko litt enklare

søndag 4. juli 2010
Lukka er å ha kontroll på sykkelen - og vere beskytta mot dei største farane...
Når eg køyrer til Erdal mot den gamle fergestaden Revsnes til Vindedal, - er eg glad for andre vegar, tunnelar&Fodnes! Der er det mange spor etter ras - resultata etter ras vert ikkje fjerna eller reparert så fort på sånne vegar...
Strekninga utanfor busetnaden frå Erdal til Vindedal har såpass lite trafikk at ein kan finne balansen og kontrollen over sykkelen, utan for mange andre trafikantar...
og ein kan øve på unnamanøvreringar og bremsing og denslags - såkalla rustfjerning for dei som syntest dei kunne det ein gong før - i fjor eller noko slikt...
På veg ut over køyrde han hin eit godt stykke bak meg på sykkelen sin - han hindra bilen bak der han "låg" i venstre hjulspor om det kan seiast at det er er det på ein såpass smal veg - då køyrer du midt i vegen...
Den barske 4-hjulsdrivne bilen som nådde oss igjen hadde ikkje høve til å køyre forbi han hin og stresse opp meg - som dreiv og leita fram køyretryggheita på MC'en framfor! Sjåføren innsåg at han likegodt kunne vente litt til før han køyrde over Aurlandsfjellet - kanskje han skulle opp og sjå på den nye utkiks- og kunstprosjektet og finne roen...
Kneet greidde godt å vere på MCsykkeltur - så eg trur kanskje på litt rundturar i fylket likevel - i feeerien.....
Kvelden før stogga lensmannsbetjentar ungdomar som køyrde med passasjer på mopeden. Eg er glad for at dei visar at dei ser dei...
I tettstaden ser ein fleire eldre damer som synest det er tryggare å sykle på Bui, enn å gå på glatta om vinteren - og ungane syklar åleine på vegen, lenge før det tilrådde 10årsbelet.
Eg ser mange ungdomar som er van med å sykle med hendene i lomma, - då er balansen i orden!
Ungdomar på 16 og bittelitt har kanskje betre kontroll enn eg trur, på laurdagskvelden hadde dei hjelmar - synest det er verst når dei er utan hjelm - lettkledd hud er ikkje så beskytta heller...
Viktig å få testa grensene - tilogmed for MCjenter i vaksen alder - utryggheit er dumt på ein grøn halvstor Honda shadow også...

søndag 27. juni 2010
Fred på landet
Einaste støykjelde er Reiseradioen,- og ein kor sjeldan gong ein traktor som startar opp!
Seglbåten som måtte gå på motor i heftig motvind i går - eller ein som likna,- låg i lang tid ved Grinde i håp om å finne nok eller litt vind...
I veka som kjem skal eg sy - fleire gongar - skal ikkje starte på noko nytt - men gjere ferdig - og drøyme om å bruke litt av stofflageret mitt seinare i sommar...
Les at politiet har hatt det travelt i fylket i natt - dei rakk visst ikkje alt dei heller -
og at Gjerland og Følling meinar at lojaliteten til innbyggjarane i Sunnfjord sine behov bør telje meir - sanneleg gode signal å gje i desse nominasjonstider -
Det forbausar meg at desse midtresunnfjordingane ikkje skjønar seg på resten av innhaldet i sentralisering.
Kan ikkje anna enn filosofere vidare kring historia om dei tre jentene som skulle dele ei litt for smal seng - ho i midten minna dei på at dei berre måtte pakke dyna godt rundt seg - det var ikkje så farleg med henne...
Etterskrift - ugras er noko herk... - men du verda så greitt det er når jobben er gjort - vakkert ver og opne dører og glas - tilogmed myggen har funne vegen inn på kjøkkenet -
det er godt med ei langhelg i provincen...

lørdag 26. juni 2010
Lang laurdag i provincen
Vi rakk ikkje middag på Herman i gårkveld på Leikanger - ope til 01.00 - men matservering "berre" til 21.00!
Litt snurtne for vi vidare 21.05 og ordna ein bondeomelett og nysteikte baguettar til seinkvelds etter at bilen var tømt og det grøvste utpakka.
Regnet kom attende etter at vi vel var komne i hus! Det har vore ein vindfyllt morgon og føremiddag, men no er vi utkvilde og klare for å gå ut i sola og vere litt bønder. Det er godt å vere langt ute i provincen, relativt stor blå himmel med litt lysekvite skyer, bølgene på fjorden har roa seg ned - minst to cruiseskip har fare innover og målaren på kjøkkenvinduet viser 20 grader varmt!
Har site og filosofert over politisk avmakt og praktisk bruk av makt og veit at manglande truverdigheit og forklaringsproblem er å finne bak mange dører no tildags, også innanfor utviklinga av ein ny sjukehusstruktur.
Verda kallar!
Han hin har vore flink bonde - eg har gledd meg meir over livet og freden -!
No ventar grillen og nye Lærdalspoteter -!
Sidan Ole Johannes Ø. ikkje er her, kan vi snakka skikkeleg om poteter, politikarar og Palestina - men også om plommepung, septiktankar og ugrasbekjempelse og feiring av 90årsdag med rømmegraut og spekemat - tru om det hadde kome gjester til Provincen då ...
På veg ut i Osen for å vitje folk med stor uteplass og fjordutsikt i går kveld, fann vi ut at det er måsereir i nærleiken av vegen ovom skulen - stor angrepsvilje frå heile storfamilien. Har alltid likt Odd Børretzen sin "jeg hater måker" - har dei siste åra funne ut at det er matinga av måsene eg set minst pris på - fordi dei då vert stadbundne...
Sidan det var snakk om Jeriko - må eg legge ut denne fine Jerikovideoen

fredag 25. juni 2010
tek helg i provincen...
Ikkje anna enn å innrømme at Nemi (lånt frå http://www.bt.no/) forstår meg - og kan artikulere det eg som oftast held kjeft om....!
Måtte heile verda ha ei fin helg - alternativt i fredeleg forståing med størst mogeleg del av omverda!
torsdag 24. juni 2010
Berre frykteleg trøtt og sliten, - vi står han av - betre det enn å aldri strekke langt nok!
På grillen ligg pakkar med torsk&laks og kosar seg. Bystudenten lagar salat og ris - og han hin er og ser etter om bålplassen frå i går framleis er vakker og ryddig. Han har gått brannvakt i natt - alt vel i så måte...
Bystudenten vil til hovedlandsbyen og vi bør førebu ei helg i provincen - men det vert etterpå...
Det er sumar - og eit halvår til julaftan -
Etterskrift - godt å sove middag på benken under open himmel - vakna tidsnok før naboen sine gjester og ettermiddagsregnet kom!
Set uendeleg pris på synleggjering av problematikken kva har vi - kva vil vi ha - kva får vi lov til å meine noko om...!
Aller siste etterskrift er å slenge på lenkja til Du sa jo ja!!!

onsdag 23. juni 2010
Jonsokaftan på hi sida av pøyla for Løyntnantsbrygga
Trykk her og sjå korleis bålet såg ut i fjor, - vinden avgjer når bålet vert tendt - men grillane er varme frå 1900.
Det første biletet av jonsokbålet er eit eg tok - eit stykke utpå kvelden 2010, - det nederste biletet er teke av han hin medan det framleis er full fyr i pallehaugen - og lav seinkveldsol!
Jonsokbål er dugnad - og slik såg Slinningsbålet i Dagbladet ut då dei sette fyr på det 25.juni 2010!og her er Sunnmørsposten sin artikkel om det same!

tirsdag 22. juni 2010
Dagen innimellom -
Dagen for oppattrydding - middagskvild og litt sauming... I morgon er det jonsokbål ved pøyla på hi sida av Løyntnantsbrygga - mogeleg at det vert andre år på rad utan regn -!
Det er bjørnejegarar på laust i kommunen - with a licence to kill...
Det er motbør på HelseFørde vedtak - i helga kom Fylkeslaget i SV sitt forslag - i dag krev Liv Signe at HelseFørde vedtaket vert overprøvd - og årdølene har kremta sterkt... og alle undrar seg over det berekraftige tiltaket til HelseFørde - sende maten som returlast med ambulansane som må køyre tomt heimatt - eller var det ikkje heilt slik...
Folkebevegelsen for lokalsjukehusa var naturlegvis samstemte i helga,- og aurlendingane har bestemt seg for å la vere å freiste få ned alt laust fjell... - og førdianarane har nettopp funne ut at dei burde hatt lengre stigar på brannbilane sine - og Øberg har funne ut at det kan ende med katastrofe for stigane rekk berre til 3.høgdi - høyrest gjennomteknt ut, det!
På Leikanger likar dei at bålet er stort og vidt, medan ålesundarane strekkje seg litt høgare - verdsrekorden er naturleg mål!
Samferdselsministeren opna designdoen på Linge - sånn i forbifarten i dag på veg til å opne dette hotellet i Valldal - men helseministaren er med på opninga av bybanen i byn - her er prøveturen - det er visst sumar!

mandag 21. juni 2010
Sommarsolkverv klokka 11.28 - det går mot mørkare tider!
Sola skin - fuglane syng - og eg er tidleg vaken.
Wikipedia fortel at det er Sommersolkverv - rett dag å nyte sola på!
Dette er årets Lærdalsmarknadsku - ei bruktku. Det er av dei største eg har av denne typen kyr. Eg har berre 9 mjølkemuggekyr, - men har to par som er tvillingar, difor berre 7 sortar.

søndag 20. juni 2010
Marknadssøndagen
Knallblå himmel - litt rørsle i bjørkelauvet hjå naboen - men ikkje verre enn at eg trur på godt ver...
Ein typisk dag då ein om morgonen kjenner seg som ein lightversjon av Tordenskiold sine soldatar fordi ein skal vere tilstades så mange plassar samstundes, - og i kveld fortel beina fortel heilt sikkert at noko lightversjon, er eg iallefall ikkje...
Også denne marknadssøndagen har eg tenkt å delta i gudstenesta i Kvammegården.
Etterskrift: Helene prest og hennar medhjelparar laga ei fin stund med himmelen som tak og eit kafebord som altar - som ho plar seie!
Vakkert pynta med fine tekstilar og kyrkjelysestakar og døypefonten frå Hauge kyrkje - og reklamebanneret til Lærdal energi som bakteppe på utescena - berre vent, vakkert og nydeleg!
Etterpå rakk vi kuleis frå Feios is og ein bitteliten runde før eg var i Gamlebakeriet til marknaden var over.
Lærdal bygdekvinnelag brukar i følge heftet deira ca 1 dl semulegryn pr liter rømmegraut - 16 kilo semulegryn vart for lite denne helga - det seier litt om mengdene bygdekvinnene i Lærdal produserer - og det er mange ulike serveringstilbod under marknaden - så det har vore litt folk på Øyri desse dagane!
No er alle marknadsbodene plassert ved montørstasjonen - freden senkar seg - sola skin - gjestene våre ser fotballkamp.
Etterpå var det teogkaffivitjing av nokon som berre tilfeldigvis kom forbi i rett augneblink, - fint det - å bu slik til at to damer som kjende kvarandre for 60 år sidan kan dele felles minner...

lørdag 19. juni 2010
Marknadslaurdag
Solstrålane har allereie funne seg veg gjennom skyene for å fortelje at det vert ein rimeleg bra dag...
Det er den 29. Lærdalsmarknaden i nyare tid - og den 24.speletreffen - og enkelte av musikarane i Longhorn som spela frå scena i går kveld er forlengst vorte bestefedre - og når dei spelar "Sumar i Lærdal" kan dei fleste lokale tilhøyrarane teksten uansett alder -
Marita Vangen Bratteteig som fekk kulturstipendet i går, er 22 og har ei lang rekkje gongar også stått på scena i Kvammegården. Bidraga frå barn og unge i Kulturskulen og ulike skuleprosjekt er viktige, det er fint også å sjå kor dei utviklar seg over tid. Linedance har også vorte ein tradisjon i fredagsprogrammet - Ottar Wik snakka vent og vakkert om berekraft!
Etterskrift - Det har vore hardt å vere i vinden i dag - min kamp med å halde "fylkesbåtanet-skjurtene" på salsbordet har vore hard! Veret har vore fint - men Marknadsnemndsbordet står akkurat der vinden finn sin veg inn Øyragata - middagskvilda var svært nødvendig i kveld!

fredag 18. juni 2010
Marknaden opnar 18.00
LÆRDALSMARKNADEN 2010!
Berekraft!
Dei mest ivrige selgarane har flytta inn forlengst!
Dei varmaste ynskje for ei god helg for alle!
Mellomskrift:
Marknaden er i gang - bystudentane sit i busskø - og ein times forseinka på veg til Arna...!
Mor og Far kom også med bussen, framleis ledige sengar!
Har kjøpt FylkesbåtTskjUrte og ein fin voven løpar frå Ulvik, fekk låne med meg løparen over gata og inn til spisestova. Etterpå vart vevaren med heilt inn for å sjå at ho gjerne må lage dei ein meter lengre - om ho kjem att!
Har gått opptoget - og fått lufta luggen av ein del vind frå vest i havet - nokre regndropar har gjort til at støvet vert bunde, det vart ikkje verre. Innom heimen for eit lite kaffiglas og kvile ryggen!
På vegen bortatt skjøna eg at ei mjølkemuggeku måtte få seg ein ny trygg heim!
Scena funkar godt, og då lydmixaren fann bassknappen, vart det endå betre - ikkje spesielt heit sommarskveld. Grei start.

torsdag 17. juni 2010
Høyrt meg på radioen i det siste - ikkje eg heller....
Vart intervjua på føremiddagen i dag, kanskje det ikkje skulle sendast i dag - kanskje det er i morgon! Det gjer noko med ein når journalistar ringer og seier at du skal på radioen...
Det vert litt styr - eg har ikkje vaska huset til marknads - men det er no ikkje noko nytt...
Det luktar godt av grønsåpe i Eldhuset - og det skal ikkje vere ope i morgon kveld, berre laurdag og søndag!
Mykje kommunikative nyhende på Porten som liggande trailer på Ljøsne og spanande kunstprosjekt på vegen over fjellet til Aurland - medan presentasjonsutstillinga vert hjå naboen.
Andre viktige kulturelle uttrykk med eit ikkje altfor utvida kulturbegrep, vart beskrive i Sogn avis i går - staute karar frå Dalen!
Her er marknadsavisa for årets Lærdalsmarknad!
- ein øyredobb eg kjøpte på Rørosmarknaden - vanskeleg å ta bilete av!
Wikipediaprimstaven fortel det er Botolfsmesse, botsok og primstavmerke som er nytta er ein bispestav og eit kors.

onsdag 16. juni 2010
Onsdagstankar
Neste veke skal eg sy nokre slike som Mona har laga etter mønster frå siste nummer av Quiltemagasinet det som kom sist veke... - det er så mange som burde ha fått ei slik med blomar av meg...
Skulle ein ha nokon til overs så er det jo berre å levere dei på Eldhuset for sal til Haustmarknaden...
det var det å skulle rekke stendig meir - er ganske dyktig i å prokastinere - prestasjonsangst kan slå inn - men meir fri fritid hadde gjort seg - må visst rydde der...
Noko eg MÅ gjere før jobb i dag, er å ta eit nytt bilete av Kvammegården med den nye scena og Eldhuset - slik at eg får oppdatert bilete på verdsvevsida til husflidslaget før dagen er over!

Etterskrift- Den nye scena var ikkje heilt ferdigstilt, det er mange timar til starten på Lærdalsmarknaden klokka 18 på fredag!
Det mest er i rute i Marknadsnemndi også - sjølv om det er programendringar denne gongen men er veret bra, - har vi det greitt uansett!
Difor har husflidslaget eit ekstra stort bilete øverst på verdsvevsida - slik at endringane er ekstra synlege - får vente til over helga med å legge nye skikkelege bilete av Eldhuset med utescena.
Kvelden avslutta med jobbgrillfest i Hedler!
tirsdag 15. juni 2010
Kortveke - slik vekene før marknaden alltid er...
Det er snart Lærdalsmarknad - og vermeldingane er ikkje lenger av dei stødige...
Likar verkeleg ikkje! -
dansekua frå museet var den rette i dag - det er ei tja kan det heite - strikkmarionette - bevegar seg etter kor ein trykker på botn av boksen den står på.
Det vert teke spektakulære bilete i Gudvangen og ho Clara synleggjer korleis ein med bruk av barneoppdraging kan få folk til å reise langt til kjøpesenter i staden for å nytte lokalbutikken.
Har allereie starta planlegginga av neste veke også - då vert det iallefall sauming - endå eit teppe trengs for lotteriverksemd...
Kan ikkje skjøne at eg ikkje jobba hardare for AFP ved 50, iallefall for oss pollensjuke....!
mandag 14. juni 2010
Blåmåndag!
Dårlege meldingar for sjukehuset!
Artikkel - Sogn avis
Artikkel - Nrk FØRDE
Artikkel - Firda
Artikkel - Porten
Artikkel - Nrk Sogn og Fjordane
Verdsvevsida til Forsvar Lærdal sjukehus

søndag 13. juni 2010
Ein heller normalt travel søndag
Ein arbeidsdag med utsikt til siste sykkelløpet denne helga - ikkje spesielt tenleg å verte forblingra på den måten... - Porten sin omtale av søndagen - Det var Toms Skujins vann dette rittet og tre tidlegare - så han vann ein overlegen fyrsteplass for heile helga
Etter jobb var det møteførebuingar, før vi åt årets første rabarbrapai i hagebesøk. Tenkjer stendig at ein skulle hatt ei rabarbrarot, men det er litt sytalaust å få det servert.
Møte med vidare planlegging for turen i oktober - og så var klokka nesten midnatt -
og då var visst helga over.
Vart litt mjuk i sjela etter å ha sett merkelappen på den første av bloggane til Miranne i dag - årdølene har vore retteleg flinke over lang tid å kviltar til barneavdelinga på Haukeland.

lørdag 12. juni 2010
Våt laurdag
Har nett sjekka yr.no - der er denne verradaren for Sør-Norge og naturlegvis er det utsnittet som er der nett no ikkje det same som nårsom helst det vert lest, - men yr.no fortel iallefall at mitt regnver er "lett"!
Kjensla av regnet vert naturlegvis styrkt av at regnskodde ligg ned i "hårgarden"! Den trykkande kjensla frå fredagsettermiddagen, gjer det naturlegvis ikkje betre.Har hatt gleda av å kose meg med det ferske Quiltemagasinet, - av dei fine artiklane er ein presentasjon av Nina Lise Moen, med bloggen Mrs Moen, ein blogg eg har gleda meg over lenge!
Fekk så inderleg lyst til å lage ein kvilt med uttrykk!Samstundes vert eg minna på at eg har godt igangsette kviltar som slike fine kom-i-gang-og-sy-restetepper artiklar som dei av Julie Kvamme, Tove Fevang og Magda Imregh, kan få meg i gang med ferdiggjering igjen...
Det er arbeidsdag - og sykkeldag - men det treng ikkje å regne så mykje...
Etter jobb og før løpet rakk vi ein tur på Kvammes og fekk testa kakedisken - kan verte greitt å ha ein kakedisk i nærleiken også! Nytt vertskap på Kvammes, opna i dag!Det gjekk bra med sykkelløpet - vi naut heile opplevinga på 1 time og 45 minutt - til Diplom yoghurt-karamell og -brownies - og salte peanøtter...
Skulle kome attende med lenkjer til alle sportsjournalistar som var her for å dekke løpet. Det er sumar i Lærdal og naturlegvis var det ein latviar som var mest uthaldande, denne gongen Bekmanis!Romøren i Sogn avis fortel at det var latvisk vinnar i striregnet opp til Holsbru i går på Årdal Criterium - Skujins. På temporittet i føremiddag var det to nordmenn som greidde seg best, Stensaker ni sekund betre enn Fordal på andreplass!
Det er greitt med litt nærleik til sportsarrangementa for oss som ikkje finn det naudsynt å følge med på fotballVM, - endå.Men som apropos til alle matgledene det har vore blogga om - laurdagens Nemi frå bt.no måtte berre lånast:
fredag 11. juni 2010
Klassiske Lærdal - for 26.gong!
På føremiddagen i morgon er det temporitt på RV5/E16, - på ettermiddagen er det 60 rundar Klassiske Lærdal -Øyraplassen-Øyragata-Grandanevegen-Øyraplassen, for alle som berre skal gjennom kommunen vår eller berre på KIWI betyr det litt styr...
Når ein bur så sentralt som vi gjer i denne samanhengen - både Kiwi, arbeidsplass, bustad og eigen gangrett til nyopna kafe innanfor denne sirkelen - så har ein det greitt ein laurdag etter arbeidstid...
Eg skal sitje på benken på gatetrappa og berre nyte - og ta litt bilete naturlegvis, - bør vel kanskje ha kyradrikkeflaska mi med ut då! Neste helg er det Lærdalsmarknad - då er travelt på ein heilt annan måte!
Eg kan jo alltids la det gå innover meg at det er WWKIP-dag Verdas strikk-offentleg-dag i morgon - ikkje måte på kva ein kan få gjort berre ein sit still nok! - Nrk har også har oppdaga at det vert drive internettstrikking og forsking på denslags, les artikkelen som hjå Nrk er definert som krysningspunktet mellom underhaldning og kultur!

Til høgre er putetrekket Fjällko med blåa blommor - eit av produkta til kunsthandverkaren Ann Granlund - det vert truleg ikkje butikkrunde i Mariehamn på Åland denne sommaren heller -
det må vere vakre draumar på ei slik hovudpute!
Dagen i dag vert ikkje huska for at fotballVM starta.
Abonner på:
Innlegg (Atom)