onsdag 17. desember 2014
fredag 12. desember 2014
Oppteljinga til jul 10.-12.desember
No vert det stendig vansklegare å vise oppteljingane berre på eit bilete.
Difor vert det mange bilete på kvar biletbloggside.
tirsdag 9. desember 2014
onsdag 3. desember 2014
Oppteljing til jul - Del I til XXIV
I fjor ville eg lage ein adventskalender som kyraregister eller kuregister.
I år er Kyraregisteret ein eigen blogg som held fram til eg ikkje har fleire kyr.
Julekyr frå Patience Brewster Krinkles |
tirsdag 30. september 2014
Rosa
I dag er det fire år sidan eg fekk beskjeden.
Årleg får svært mange slike beskjedar.
Dei aller fleste av oss er kreftoverlevarar.
Dei viktigaste årsakane til dette
er den årlege aksjonen som syter for mykje pengar til forsking og informasjon.
Merksemda kring aksjonen minner kvar enkelt av oss om å sjekke sjølv.
Opne lommeboka di for rosa oktober, for sikkerheits skuld!

mandag 29. september 2014
Oliventre
For fire år sidan stod oliventreet mitt i gangen, akklimatisering på veg innomhus.
Dagen etter fekk eg vite at eg trong helsehjelp ei stund.
Eg tok uansett den lenge planlgde turen.
Om fire dagar sit eg på flyplassen.
Oliventreet mitt kan trenge akklimatisering
Eg tek det inn i morgon.
Eg ser fram til å sjå oliventre, og palmar og Sakkeus sitt morbærtre,
der det står på russisk-ortodoks eigendom.
Eg ser fram til å møte vener og få nye vener.
Denne gongen får eg truleg også sjå korleis EAPPI arbeider.
Denne gongen får eg truleg også sjå korleis EAPPI arbeider.
Eg trur eg må ha hummus til middagen i dag.
og mitt kamera skal ikkje knusast.
Etterskrift - det vart falafel, hummus, kylling og salat.
Gler meg til å smake korleis det eigentleg skal smake!
Etterskrift - det vart falafel, hummus, kylling og salat.
Gler meg til å smake korleis det eigentleg skal smake!
lørdag 20. september 2014
Når det kjem til stykket
År ut og år inn har du site bøygd yver bøkene,
du har samla deg meir kunnskap
enn du treng til ni liv.
Når det kjem til stykket, er det
so lite som skal til, og det vesle
har hjarta alltid visst.
I Egypt hadde guden for lærdom
hovud som ei ape.
Olav H. Hauge -
Diktet er frå diktsamlinga "Janglestrå" 1980
Diktet er frå diktsamlinga "Janglestrå" 1980
Biletet er funne på Pinterestkontoen til Unni Merete
onsdag 17. september 2014
Bovin spongiform encefalopati
Eg har lenge vore open om at eg har denne sjukdomen.
Difor treng eg slike sofaputer i sofabenken på Biblioteket.
Difor treng eg slike sofaputer i sofabenken på Biblioteket.
I følge Store norsk leksikon er Bovin spongiform encefalopati
ein smittsom hjernesykdom som utviklar seg langsomt.
Inkubasjonstiden er frå månedar til fleire år.
Eg fekk den for 16-17 år sidan og resultatet av sjukdomen aukar stendig.
Litt av resultatet er å finne oppe i høgre hjørnet på verdsvevsida
"Kuregister"
"Kuregister"
fredag 12. september 2014
2000 ord
Skriv mange bokstavar
i mange ord
ikkje lett
å finne det rette ordet
i den rette setninga
i rett samanheng
i rett avsnitt
i rett rekkefølge.
Det siste ordet får sensor.
Det siste ordet får sensor.
torsdag 11. september 2014
Ogmund reiste lengre
Ogmund rid heim
Du kunde godt venda heim.
Ingen jorsalfar hadde lenger veg.
Stengd av drivis i Kvitehavet.
Lange var elvane i Russland.
Med askespjot frå Spånheim
stod de ved Jeriko.
No rid du heim yver sletta i Ungarn.
Kveldsoli skin,
og vinden helsar frå nord.
Då ser du skautet på Vassfjøro.
Tårone dryp under hjelmen.
(Olav H. Hauge - Dropar i austavind 1966)
Snart et eg frukost i Jeriko.
Reisa mi vert noko enklare enn då jorsalfar Ogmund reiste for 800 år sidan.
Han for i korstog saman med fleire skip til Bjarmeland.
Ogmund av Spånheim drog vidare frå Arkangelsk på dei russiske elvene til Suzdal og Kiev for å besøke slekta. Han for vidare til Svartehavet og Konstantinopel og nådde fram til Jeriko i det heilage landet.
Spånheim er ein gard i Ulvik herrad, der er også fjellet Vassfjøra som er 1633 meter høgt. Fjellet har ei form som gjer det lett synleg.
Jeriko er 260 meter under havoverflata.
Biletet er teke frå Freistingsfjellet over Jeriko, i bakgrunn ligg Dødehavet og fjella bak er Jordan.
Foto: JET 2010

tirsdag 9. september 2014
Gamle historier
Ein kar i Sogndalsdalen har irritert seg over steinheller i hagen,
han har ikkje kunna slå med grasklipparen over dei.
Han ville grave vekk hellene med gravemaskin.
Han fann eitt sverd.
Han ville grave vekk hellene med gravemaskin.
Han fann eitt sverd.
Han gjorde det eine rette og melde frå til Fylkesmannen.
Han hadde funne ei smedgrav frå vikingtida.
Olav H. Hauge skreiv om ei endå eldre grav.
Alle tre fortel ei historie om det som har vore.
Alle tre fortel ei historie om det som har vore.
Steinaldergrav
Mauren vimar
gjenom verdi.
Det gjer mannen òg.
Eit armt krek.
Men du
la att
beini dine...
som vitne
at du var her,
kvite bein
og ei leirkrukke
i ei liti hole.
Og du var djerv
og bar livet.
Og draum flakka i hugen.
Ein sterk eld.
gjenom verdi.
Det gjer mannen òg.
Eit armt krek.
Men du
la att
beini dine...
som vitne
at du var her,
kvite bein
og ei leirkrukke
i ei liti hole.
Og du var djerv
og bar livet.
Og draum flakka i hugen.
Ein sterk eld.
(Frå Dropar i austavind)
søndag 7. september 2014
Auksjonkyr - lokkekyr - fine kyr.
Har uendeleg mange kyr laga av uendeleg mange materiale
og ting som er dekorert med kyr.
Denne handla eg på ein auksjon i sommar.
og ting som er dekorert med kyr.
Denne handla eg på ein auksjon i sommar.
Fordi den er så fin, er den endå ikkje flytta vekk frå spisebordet.
Den har vore ei stund i Aurland og er fint medfaren, før den kom til oss.
Den har vore ei stund i Aurland og er fint medfaren, før den kom til oss.
lørdag 6. september 2014
...gåve til godgut
Han er kokk på det beste hotellkjøkenet i Nordfjord,
dei kan også kortreist mat.
Teppet har både eplegrønt og Puma-grønt.
Eit teppe med lang produksjonstid.
dei kan også kortreist mat.
Teppet har både eplegrønt og Puma-grønt.
Eit teppe med lang produksjonstid.
Olav H. Hauge skriv om eple som ikkje kjem på marknaden.
Eg hogg ned den store apalen utafor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um summaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.
Eg hogg ned den store apalen utafor glaset.
Han skygde for utsyni, det var eitt, det
vart skumt i stova um summaren, dessutan
vilde ikkje Gartnarhallen ha
Flaskeeple lenger.
Framsida eller baksida.
Jada, - teppet skulle ha vore meir dandert -
men dei flygande gjessene -
viser kor breitt stoffet var.
Jada, - teppet skulle ha vore meir dandert -
men dei flygande gjessene -
viser kor breitt stoffet var.
Eller kanskje baksida eller framsida.
fredag 5. september 2014
torsdag 4. september 2014
Gjer ein annan mann ei beine
Han kom or fjellet, skulde heim,
fekk føring ifrå Osa
ut til Øyvindstò.
Og han var raust
og baud betal.
Men Osamannen
var ikkje fal.
Eg vil betala;
eg kan ikkje nå deg
med ei beine att.
Så gjer ein annan mann
ei beine då,
sa Osamannen,
og skauv ifrå.
Olav H Hauge
(frå Seint rodnar skog i djuvet)
Øyvindstò er eit par tre kilometer frå Osa -
i ei av fjorarmane til Hardangerfjorden.
I dag opnar Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
Eg ser fram til ein tur til Ulvik.
Biletet er frå Storfjorden på
Utsiktspunktet på Ljøen fv60,
der Sunnylvsfjorden møter Geirangerfjorden.
Ei fredeleg stund akkurat då -
fri for dei store mengdene av foto- og utsiktsvillige reisande,
men den verkelege verda var til stades med ein ikkje heilt lydfri vedproduksjon.
Hurtigruta er på veg til Geiranger - ein sightseeingbåt nærmar seg Matvika.
Ta i mot hjelp frå ein som vil deg vel og gjer det same vidare,
det er også ein måte å betale gjelda av takksemd.

onsdag 3. september 2014
Utsikt frå ein blå traktor i Provincen
"Lær av i går, lev for i dag, håp for i morgen."
Det finst uendeleg mange Albert Einstein-sitat, men dette held fram med:
"The important thing is to not stop questioning.”
tirsdag 2. september 2014
Starthjelp er godt - ...greitt å oppdage!
Oppdagingar - Trine Hovden
Kring Høgskulebygget i Sogndal er det 50 små bronsefigurar.
Nokre svært synleg, andre er synlege for berre dei som leitar.
Nokre svært synleg, andre er synlege for berre dei som leitar.
mandag 1. september 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)