tirsdag 7. februar 2012

Ein god tysdagsmorgon med eit lukkeleg fjes!



Put on a happy face

Eg har fått gåve i posten - frå Nina Lise Moen med bloggen MrsMoen
- ein blogg eg har fylgt lenge!
Nina Lise har ei leikenheit og utføring av både blogg og produkt som eg har likt frå dag ein!
- og rausheit med mønster, opplæringsinnlegg og idear!
- ein forpliktar seg til å lage ei gåve til tre personar innan eit år.

Nina Lise fortel på kortet som fylgde med at ho har nytta hennar handlaga
- og naturlegvis kan eg ikkje anna enn gle meg over kyrastoffet!.

Tusen takk for gåva - Nina Lise!

torsdag 2. februar 2012

Førre veke; - bilete frå nokre av aktivitetane.

Kanefart - hesten bak oss er Smukken - fekk ikkje namnet til hestekaren!

Stavgangtur frå Sjusjøen til Montebello

Suppelønsj og kaffi frå kjelen over bålet - på turen frå Sjusjøen.

Montebellosenteret med varmvassbassenget i første del av bygninga.
Starten på Montebello-teppet - ved ein av benkane på veg inn det store auditoriet.
Det er store mengder vakker - spennande - flott kunst i heile senteret.

Gul gruppe i varmvassbassenget
Det siste biletet er godkjent av alle til offentleg bruk!

Kommentaren frå Nina Lise minte meg på to andre bilete -
begge er tekne frå vindauga på rommet mitt L106.
L-fløyen er finansiert gjennom Røde Fjær-aksjonen til Lions -
ein relativt ny fløy med mange rom i to etasjar.


onsdag 1. februar 2012

Omsydd veske


Veska er laga for lenge sidan -
den hadde svarte plasthandtak -
det eine knakk - også det for lenge sidan
- og slik har den venta på å verte teken vare på.

No har den fått lomme med glidelås og lomme til briller, mobil og pennar.
Veska har fått glidelås og har lange skulderreimar og nøkkelhankkrok.
Med andre ord - i dag har eg fått ny veske!


Eg har kvilt ut etter Montebello-opphaldet - og pusla rundt i heimen.
I dag trengst det både peis og varmepumpe for å halde komfortvarme i stova -
vi er ikkje av dei som treng høg innetemperatur
- men med minus 12 ute, trengst det litt meir!
Eg både broderer når det er lyst og strikkar åttebladroseteppe i finull
når det er litt mørkt.
Eg starta på teppet medan eg fekk strålebehandling på Haukeland -
eg trong eit sysselsetjingstiltak til dagane/kveldane på Haukeland hotell.
Eg hadde det med som strikkearbeid på Montebello også -
men eg hadde tydlegvis ikkje tru på kor mykje strikking det skulle verte i Gul sofa i Storstova!

Vi danna Montebello husflidslag :-D8!!!
og starta på Montebelloteppet sidan mange mangla eit spøt og garn var tilgjengeleg i kjellaren. 
For å kompensere for ulike garntypar, strikkefastheit osv.. vart
lappane strikka diagonalt i rillestrikk på til dei to sidene er21 cm - det er breidda på eit A4 ark.
Legg opp 3 maskar - 2 pinne: strikk 3 masker
3.pinne og vidare : Strikk 1 maske, auk med 1 vridd maske i starten av pinnen (alle pinnar) -
og når sidene er 21 cm
strikk ei maske og fell ei  på byrjinga av pinnen (alle pinnar)
til 3 masker - fell av
Flest mogeleg fargar for eit fargerikt fellesskap - 
eg er spent på å sjå om det vert mange lappar på Montebello om eg får eit marsopphald.
Eg har også fått tre lappar i posten :-D8!!!

Montebello skriv på nettsida si at det er ledige plassar på kursa som startat i byrjinga av mars.
Kjenner du nokon med høvesvis alle krefttyper utan spesifikke diagnosespesifikke kurs 
og kurs for dei med myelomatose, lymfomer og leukemier.