mandag 28. november 2011

Vaskar Anna-loftet, vermerkje og vakkert!

Bilete frå førre veke - Berit har vore innom og regnet har sørga for at eg har teke mindre utebilete!

Loftet ruvar mindre og mindre - naboane til Sanden Pensjonat ser stendig meir mot nordaust!
 Merkt tømmer
Merkt tømmer - det meste kan resirkulerast
Opa dør mot lysare tider 

Noko tømmer kan ikkje resikulerast
Mellombels lagring
Naustet på naboeigendomen - på baksida av Kulturbanken. 
Vaskar Anna-loftet i skodda førre veke.

Eg har heilt gløymt merkjedagen Klemmetsmess -
men tek meg innatt med å nemne den samstundes med Karimess.

23. november er klemetsmess, til minne om Clemens 1., som var biskop i Roma 92–101.
Han vart vist bort frå Roma og send på slavearbeid på Krim. Der var han med og bygde kyrkjer. Legenda fortel at som straff vart han søkkt i Svartehavet med eit anker om halsen.
Somme primstavar har eit anker til merke denne dagen, og i den folkelege tradisjonen kom det til å stå for at då skulle skipa liggja i vinterhamn.
Somme stader sette dei frå den dagen borna på skralare kost, så julematen skulle smaka så mykje betre.

25. november er karimess, ein minnedag for den heilage jomfrua Katarina frå Alexandria.
Ho skulle etter legenda drepast ved å bli lagd på eit hjul med piggar.
Eit under hende, og hjulet vart øydelagt, men då vart ho halshogd.
På nokre primstavar var merket den dagen eit hjul,og i folketradisjonen vart
hjulet stundom omtolka til eit rokkehjul.
Somme stader vart dagen kalla «Kari med rokken».
Eit gammelt værtegn Karimesse, - veret denne dagen fortel kva ver det vert i jula!
Ei anna kjelde seier nesten det same,-
det vert ein streng vinter om det er kulde og vinter på Karimesse.


Vakkert - er smykket eg fekk på søndag laga av Eke Klug - mjukt og lett!



søndag 27. november 2011

Kviledag!!!

Vakne så seint at det er søndagspreika som er på radioen i dusjen på badet - då må ein kunne seiast halde første del av kviledagen heilag.


Ein av dei mange gevinstane i julelotteriet til husflidslaget, er denne strikka julekrybba.
Lærdal husflidslag har julemesse i foajeen i Sogn kunstsenter - Jerikobui er også med og Ellen Antikk si lærdalsavdeling og  Lærdalsøyri brukt og antikk -  elles ost og mølseprodusent frå Veitastrond,ei skinn og vevnadspar frå Sunn-hordaland - garn og spøtejenter frå Hallingdal, hudpleie og smykkeprodusent frå Underdal.


Tenkje seg til at nokre samlar på sauer også, - :-D8 !!! -, denne i bui til garndamene frå Hemsedal, der eg plar kjøpe strikkakyr og kyraknappar når det er Lærdalsmarknad og Haustmarknad.
Eg har handla Dale Monjita- garn til halsen som "alle" strikka på Montebello førre veke - kanskje eg skal nytt nokre av kyraknappane som ein del av dekorasjonen på den!

Eg gler meg til å få det store metallhandsbandet - i resirkulert materiale - i ettermiddag når julemessa har søndagsope!

Heldigvis har julemessa ope neste laurdag også - her er det rom for mykje god julehandel - og julekakene gjekk visst unda i år også!

- og her er lenkja til artikkelen på Porten!

mandag 21. november 2011

No er det Vaskar Anna-loftet sin tur til å verte vakkert!



Dette vinterbiletet er frå 2009, resten er tekne i dag med unntak av det som er lånt på Porten!
Eg er oppteken av at dei mange bygningane i Verneområdet og for så vidt også bygningar utanfor bøagarden vår vert tekne vare på.
Slik sett kan det likegodt gjelde alle huseigarar med halvgamle bygg som skal skifte vindu at dei nyttar vindu som kler bygget, - også om bygningen er frå førre århundre!

Det er ikkje berre dei store flotte bygningane - dei som gjerne på folkemunne vert kalla verneverdige - som er verdt å verne, men også små og usynlege bygningar og uthus.
Det kostar også å ha ta vare på eit uthus eller ei anna bygning som ikkje vert nytta,
- dei som ikkje gjev inntekt eller kan ha ein annan funksjon enn den opphavelege.
VaskarAnna-loftet er ikkje eit lite bygg som Raudestova, men har hyst to husstandar i andre høgdi.

Kjellardøra til venstre har nok vore enklare å opne enn no!
Det har vore ei bratt trapp frå kjellardøra og opp til to dører -
det er spor av ei dør til venstre for den som er opna.
Det har kanskje opprinneleg vore eit naust som har vorte forlenga og fått ein etasje til,
ei ikkje uvanleg utvikling av bygningar her i det opphavelege strandsitjarområdet.
Vaskar Anna-loftet har i ein lengre periode vore eigd av Lærdal kommune
om eg ikkje tek feil så var det tidlegare også eigd av Lærdal sparebank.
Vaskar Anna vaska i banken.
No er namnet på bankbygninga Kulturbanken, det er der Kulturskulen høyrer til!
 Meir om Lærdal kommune.

Næraste naboane - eigarane og vertane til Sanden pensjonat
fekk kjøpt loftet med plan om å gjere det om til privatbustad.




Det har teke tid å få kartlagd tilstanden til loftet.
Endeleg har den høgst påkrevde restaureringa av Vaskar Anna-loftet starta,
etter antikvariske prinsipp.
No er tømrar/snikkar Knut Olav Lie og arbeidsfolka hans igang med å rive/plukke ned loftet slik at dei kan ta mål av dei delane av tømmerstokkane som må erstattast grunna husbukk eller rote.





 Vaskar Anna-loftet får ny grunnmur og kjellarrom, - loftet har også vore i ferd med å rotne på rot.
I underetasjen har det vore naust med tregolv - i dei seinare åra var det lagringsplass for søppelspann for dei kommunale bygga i området.
Ein av eigarane til Sanden pensjonat og Vaskar Anna-loftet, arkitekt Hallvard Trohaug Mnal
har teikna det som vert ein god bustad med indre kvalitetar og samstundes vert dei ytre kvalitetane til loftet tekne vare på. 

Dette biletet er frå den lokale verdsvevsida Porten.
Vaskar Anna loftet har også vore utstillingslokale for vernearbeidet som vart sett igong på Lærdalsøyri på 70-talet.
Litt endringar vart gjort då - ny trapp og nytt vindu for å gje betre lys til utstillinga.
Ein særs viktig og sentral person i vernearbeidet var sivilarkitekt Claus Lindstrøm,
fagleg leiar og sekretær for Arbeidsutvalet for gamle bygningsmiljø på Lærdalsøyri.

Eg kan ikkje gløyme Primstaven heilt heller -
det er Marioffer i dag.
Frå Språkrådet si verdsvevside - sprakradet.no:
21. november er marioffer, ei gammal kyrkjehøgtid til minne om at jomfru Maria som barn vart førd til templet i Jerusalem som offer til Gud.
Primstavmerket kan vera eit krona hovud med strålekrans.
Den dagen var det etter den folkelege tradisjonen skikken å betala tiendeull til prestekonene.




lørdag 19. november 2011

Kreften gjev meg høve til Montebello senteret = glede!


Sidan førre laurdag har eg og han hin vore på Montebello senteret i Mesnali.
Dei fleste av oss på Meistringskurset (eller Mestringskurset :-D8 !) som var der for første gong,
reiste heim med klare formeiningar om at dette ikkje var det siste kurset!

Eg er heilt klar over at eg kjem til å verte ein Montebello-predikant
- det var eit særs vellukka opphald -.
Ei kjensle av å vere inne i ei boble kanskje
- der verda stod litt still, -
med tid til å trene slitne kroppar
og sette igong prosessar for å kome attende til arbeidsliv og kvardag.
Svært mange opplever mange slags biverknader og fatigue i ulik grad etter kreftbehandling.
Det var ei travel veke fylt av særs positive opplevingar - særs god mat -
særs gode førelesarar - særs gode gruppemøter for oss -
partnarane våre hadde eigne etter det dei fortel særs gode gruppemøte -
særs positive fysiske utskeielsar ute, inne i varmtvassbassenget og gymsalen - 
og særs gode møte med menneske eg håpar å møte igjen på Montebello eller andre stadar!

Ekstraprogram på kveldstid gav mange herlege stunder
slikt som standupkomikar, korkonsert, musikarpar som sjølv var på kurs
 og besøk frå Lillehammer husflidslag som lærte oss å lage saueperler,
også beskrive som tova smykkekuler av merinoull
og julekulestrikking.
At ei av kursjentene lærte vekk strikking av ein hals som liknar den
Maskeblomster har laga oppskrift på,
  sørger garantert for mange heimelaga julegåver og nypynta jenter!
Zumba var også eit ekstra tilbod -
hadde store nok problem med å følge fotarbeidet til fysioterapeuten,
men moro var det trass i stive kroppar - vonde ledd og manglande styrke -
cellegifta verkar også inn på alle dei andre cellene! 








torsdag 10. november 2011

Etterkontrollert - igjen!

Åt thaimat på Bambus i Marken 33 i går - godt å ete - godt lokale - god service.

Møtte i tillegg Bystudenten og Trønderinna på Cafe Opera, då vert no alt greitt!

Quiltehuset er i ferd med å selge ut alt - dei vil slutte til nyttår.
Vi rakk ikkje butikken innanfor opningstida sidan det er 16.30 onsdagar.
Triste greier, det er ein veldig god og hyggeleg butikk å handle i, -
 det betyr vel at vi har handla forlite der!

Vi har hatt ein bytur via Provincen - overnatting der og i Vognstølen og ein onsdagstur på Haukeland.  

Denne gongen var det mammografi av det eine gjenverande og ultralyd frå alboge til alboge -
ein lymfekjertel er igjen i på innsida ned til albogen,
i følge røntgenlegen såg den frisk ut og kan vere årsaken til at eg ikkje har lymfeødem.
Greitt det, - så lenge den verkar!
Nokre vanncyster i det gjenverande, 
røntgenlegen var sikker på at dei ikkje var noko å bry seg om,
ho skulle be Førde sende bilda frå august i fjor, - dei hadde ikkje kava seg opp med å sende dei endå.

Det er godt å kjenne seg sånn litt lukkeleg etterkontrollert!