fredag 27. mai 2011

Reiseeffekter

Småtingbutikken på Bryggen hadde ikkje stoffkyra eller bamsen som ho sa den hyggelege dama som på kort varsel endra status for mor med barn i vogn til tilsett fordi ho hi bak disken hadde rikeleg å gjere for tanter og turistar bak disken!
Men ho avslørte at dei hadde eigen internkontroll på slikt, skreiv på eige skjema - noterte tlf og namn og ho lovde attendemelding om nokon av dei hine butikkane hadde den! Innsåg fortåelsesfullt at eg treng ei stoffkyr!
Men dei hadde denne og naturlegvis trong eg ein kyratannbørstehaldar frå flipper.
Denne har ikkje berre bruksanvisning, den har også namn Howdy Cowie!
Strålingsområdet er litt rødt og varmt, skal til ny stråling no, etterpå ØNHkontroll og ny CT i ettermiddag.
Sola skin og eg vart minna på at eg må vere tildekka i stråleområdet - det spørs om ikkje det verrt ei vitjing på Kappahl Åsane - det er der dei alltid har klede som passar både smaken og lommeboka mi!
Etterpå reiser vi dit himmelen og havet er større!

torsdag 26. mai 2011

Strålestartdag

Solstrålane skin på boksen og dei fire koppane som eg fekk 2.oktober i fjor!
Handla på ein museumsbutikk nordpå!

Tidleg morgonstart heimanfrå - gjorde førpremiera på Nattjazzen i foajeen på sentralblokka mogeleg - vi hadde ete føremiddagsmaten i atriet i Parkbygget, før vi innsåg at vi var i feil lokale! Legg ut bilete litt seinare...
Etter tapping av ødem på mammografisenteret kom ferdiginnstilling til strålestart med øving på gating, - dei utsette starten til i dag. Ein annan pasient fortalde at var det avdi dei var litt seint ute fordi ei av maskinen hadde vore trøblete!
Eg er teikna på overkroppen slik ein liten unge som har fått sin første tusj teiknar på nymåla flater... ser praktfullt ut, - men det er ikkje tilfeldige linjer egentleg!
Fiskegrateng og sjololadepudding til middag og vitjing av kaffigjester i hotellrestauranten. Han hin for opp i Vognstølen for å finne seng der, medan Bystudenten vart igjen ei stund til og heldt meg med selskap til eit glas raudvin - ei hyggeleg avrunding på ein travel dag - det er ikkje til å kome vekk i frå at kreftbehandling har utvikla seg...
Kva ville ikkje indremisjons- og avhalddama Tante Sigrid ha sagt om ho vart boden på raudvin på Radiumhospitalet i si tid...

Fekk nett telefon om at overlegen som laga større biholer på meg ville ha meg inn til kontroll, - alt er så sytalaust når ein kan avtale slikt mellom trening og stråling i morgon.
Det er godt å vere her på Haukeland hotell, at det vert ei stund gjekk opp for meg då resepsjonisten spurte om eg kom til å bu her heile perioden fram til juli.

tirsdag 24. mai 2011

Litt dagen-før-uro... og Nattjazz som bonus!

Denne Milkakyraveska er handla på flyplassen i Wien på heimtur frå Jeriko i oktober 2010.
Den var naturlegvis fylt med Milkasjokoladeplater.

I dag er ein slik konsentrasjonsproblem-dag. Kjem på og startar det meste, - men har forlengst gløymt kva det var...


Har huska å tinge tapping av ødem før strålinga, sist var det ein halvliter!
Fekk ettersendt faktura på konsultasjonen, måtte betale "maksimal pasientbetaling for utgifter til bandasjemateriell osv..."
1 rør til tappinga, 2 pussbakker, ein 25 cm kirurgtape og ein bandasje til holet og utskrivinga av fakturaen og porto naturlegvis kr 25,-
Lurer på kva minimum pasientbetaling er!

Konsultasjonen i morgon startar på desse tider i morgon og strålinga ein time seinare.
Strålinga er såkalla gating - pustestyrt stråleterapi, så i morgon har eg på meg videobrillene og passar på å halde pusten i 30 sekund  eller ”Deep Inspiration Breath Hold” - slik at hjartet held nokre tiår ekstra!

Har nettopp funne ut at vi skal vere der minst ein time før.

Klokka 12 er det Rosa bil- konsert i foajeen i Parkbygget, - og som alltid stiller sogningar sterkt i høve Nattjazzen. Denne gongen med ein lærdøl som ein tredjedel av av bandet - Building Instrumnets!
Javel då - han er vel borjynde, - det er beviseleg langt til oss i sentrale strok!
Meir om den rosa Mini One bilen.

Elles ser det ut som om Storbritannia får ein ny askeonsdag i morgon!

mandag 23. mai 2011

Kyratoalettveske og reiseplanlegging

Denne har vore på syrommet ei stund, utan å ha vorte fotografert på førehand!
Eg forbind den med Førde, - men trur egentleg at det var Edith som fann den!

Den får nok ikkje lov til å vere med til by'n som toalettveske -
det vert vel som dei andre små og store veskene, dei endar opp som einplass der ein oppbevarer små og store skattar eller sikkerhetsnåler, heklekrokar og strikkepinnar.

Med knappe to døgn til avreise til Haukeland vert det mest rydding og organisering, - kva er viteleg å ta med seg på ein bortimot tidagarstur...
Om forma er fin, kan det vere at vi tek oss ei helg der himmelen og havet er større...
Det veks gras i frukthagar - det er ikkje berre fruktbløming på våren!
I dag skin sola her hjå oss, og det er litt vind. På Stadt er det storm og askeskya fell fortare i havet enn førre gong - så den lagar eit problem for Svalbard førebels...
Då er det godt å skulle reise til by'ni ein raud 2 1/2 seters Toyota, eller Hiace for å vere meir presis!

Her er Nrk Sf sine morgonbilete - storm på Kråkenes fyr og snø på Sognefjellshytta!

søndag 22. mai 2011

Korsstingskyr og hårklipp!

På bloggen Korsstygnsarkivet fann eg kyr, - kyr i mengder.

Ein av dei som er nemnt er mønstrene og lenkja til bloggen til Brigitte Dadaux.

Fransken min frå året eg gjekk kjole og draktsaum på 70-talet hjelper ikkje på å forstå teksten, - men bilda av både broderi og lappesaum er vakre og lett forståelege!

Hjå Les Marottes de Nathalie tek det heilt laust, der er det 6 sider med kyr, du kan bla rett under namnet til vevsida!

I dag er eg klar for årets andre hårklipp!
Må naturlegvis vere nystelt på håret før ein fér til by'n!
Ser framleis fram til at dusjsluken vert litt tett av håret mitt, det er nok ei stund til!

Etterskrift: Det er lenge sidan eg har nytta ordinær kam, det næraste har vore grov kam ein kan kjemme langt permanentkrøllete hår med - elles børste...! Han hin hadde ein raud Toyotakam i lageret sitt som eg kunne få!
Hårklippemaskina på avstand 3, gler meg til det nærmar seg 0!

lørdag 21. mai 2011

Gamalostgleder og Princesskyr!

Det er gamalostfestival i Vik, - nett no;
gratis frukost på Vikøyri til alle.

Gamalost er godt -
når gamalosten luktar vondt har modningsprosessen gått for langt.
Gjerne på rugbrød, - her med Kesam, gamalost og tytebærsylte. Kesam i dette tilfellet ein enklare og lettare variant enn rømme.

Gamalost er tilnærma fettfri og inneheld 50% protein, og er salsmoden allereie etter 3-4 veker! Med andre ord - ingen gamal ost!

Forlaget Skald presenterer si nye bok under Gamalostfestivalen  "Gamalost" skriven av Henning Rivedal og Kjerstin Risnes.
Det vert nok bokhandling!

I gårkveld var vi på Bedehuset, viltgryte og raudvin og Ole Johannes Øvretveit som inspirator med trening og slankehistorie hans - no også med plan om å springe marathon - mykje god lått!

Det trengs litt stoffkyr slike dagar også, desse er frå Princess i svart og raud modell! Men tydlegvis ikkje lenger i assortementet!

fredag 20. mai 2011

Ikeakyr og Tepper til glede!

Kua og kalven er del av "Landet" frå Ikea og handla i Åsane.
Eg fann det ikkje naturleg å kjøpe varianten Bondegård med dyr.

I følge IKEA oppmuntrar desse
"- til rollespill; barn utvikler sosiale ferdigheter ved å imitere voksne og skape sine egne roller."


Hjå oss bur svenskekyra og kalven på glashylle i kjøkkenglaset, medan dei hine dyra er respektlaust plassert i ein pose på syrommet.
På merkelappen står 100 % polyester på 31 språk og vaskbart på 40 grader, om det skulle verte behov for det! Særs få av kyrne mine er levert med bruksanvisning!

Eg fekk servert ideen om å låne symaskina til Trønderinna medan eg er i by'n, - som endå ein grunn til å få gjort noko i all den ledige tida eg vil få på Haukeland hotell! Kunne ha vore ein ypparleg plass å sy Tepper til glede eller Tepper som varmer. Hjå Arna Quiltelag fann eg også historien bak Tepper til glede, og her er Bergen quiltelag sine sider om det same.

Elles nyttar eg høvet til å lenkje til den nyopna dagkirurgiske klinikken , det er mest vanleg med dagkirurgi for oss som skal brystkreftopererast. Verkar kanskje rart når ein har så lang behandlingsperiode - eg starta med cellegift i oktober og planlagd ferdig med stråling i juli. Dei første signala på at noko var gale fekk eg i juli i fjor. Det tok lang tid før sjukehuset i Førde kunne ta i mot meg for undersøkelsar, og i første omgang bomma kirurgen på biopsien på ein relativt stor kul...  Ting tek tid, men kan ikkje anna enn minne om at det framleis er betre å kome over redselen for å finne noko og fyl dei gode råda om å undersøke sjølv.


Elles er det tida for fine gje-bort-presangar i bloggverda!
Sjå Britts hobbygleder si pengebok med ruter&kirsebær 
KaDuSei på nett med lapper sin fine prikkapung
Vanella har ein rosa trekantpung som fekk meg til å tenkje Trønderinna med ein gong!
Lis liv med lappar har ein vennskapsduk i rette fargar

torsdag 19. mai 2011

Villakyr - Maison de Campagne...

Er ikkje heilt sikker på kor kyrne "vaches",
kjem inn her -
Google translate overset "Maison de Campagne" med "villa" og i enkelte samanhengar blandar "herregård" seg inn i oversetjinga...


Det er vanskeleg å kalle heimen frå 1847 her i sentrale strok av tettstaden Øyri ein villa, - så eg tek det som eit signal frå givaren - Edith, odelsjenta som bur i ein god heim i Sunnfjord!

Etterskrift - som kommentarfeltet tilseier, har Solveig sjekka i ordboka si. Der er Maison de campagne oversett med landsted.
Då er dette nok ein kyrakrok som høyrer heime der havet og himmelen er større, - Feios!


Ein god dag som iallefall opnar med solstrålar inn på baksida av huset. Når solstrålane rekk heilt inn vindauga på biblioteket, er somaren er komen!
Enkelte sommarsdagar lyt ein ha litt meir klede på seg!

Eg har litt organisasjonsarbeid som bør vere gjort før eg set i gang med å rydde meir på syrommet. Eg slit med å halde fram ryddearbeidet, - finn så mange små og store skattar som ein har meir eller mindre gløymt og får altfor lyst til å sette igang og gjere heilt andre ting enn å rydde, - men det har vore ryddig i sytrådspolehyllene og knappane lenge!

onsdag 18. mai 2011

Ei veke til strålestart!

Ein knagg til å henge viktige ting på!
Handla ein kvanstaden der det er naturleg for syskenbarn Edith å handle!

Freistar å bu meg på starten på stråling og å vere vekke heimanfrå sånn på det jamne, i såpass mange veker -.
På tide å ta fram strikking av åttebladroser, ein treng eit kvart å gjere når ein har lange kvardagar utan å skulde på at mangt skulle ha vore gjort i heimen... LOL!

Sjølve strålinga tek berre 30 sekund, ei av dei tilsette sa det slik, det som tek lengst tid var å kle av seg og vente på tur og anna klargjering av strålinga som å ligge på benken på same måte som under førebuingane...

- tilogmed treningsklede er naturleg å ha med om ein nyttar dei ulike tilbodaPusterommet i Sentralblokka.
Det er ikkje til å kome vekk i frå at eit slikt tilbod er betre enn eit råd i forbifarten om at ein gjerne godt kan vere aktiv i perioden ein får cellegift... Ein kan ikkje berre fare på Nattjazzkonsertar og Festspelaktivitetar, fordi ein er i by'n på rette tida av året!

tirsdag 17. mai 2011

Gratulerer med dagen - ynskjer alle ein vakker 17.!


Flagga plassert på begge sider av gatedøra presis klokka 08.00!
Dundrande salutt med 4 skot!
Lett regn!
Snart brønsj på Sanden!
Resten av dagen vert feira i Øvre!

17 dagar gamalt bilete!

mandag 16. mai 2011

Prikkakyr

Nesten heilt sikker på at denne er handla på Ting i Bergen.

Dagen for å pynte ute til 17.mai - eg bør gå på Blomsterbui og kjøpe noko raudt - orka liksom ikkje å gjere det på laurdag.

Vart lei meg fordi einkvan fann det høveleg å drive hærverk på gatesida av huset fredagsnatta.
Nokre meiner at slikt må ein tole når ein bur sentralt...
Rein faenskap vert noko anna enn generell tankeløyse når ein har "utestemme" på veg heim om natta...
Etterskrift - Det var mykje vakre blomar på Blomsterbui! Akkurat no før peonar, roser og ein del stauder blømer, er eg mest oppteken av at blomane eg handlar skal ha fargar. I bakhagen blømer alle rhododendronane - og det ser skamlaust nok ut i blomsterbeddet til at vi kan sitje på benkane på gatetrappa og sjå 17.maitoget gå forbi - har hatt ein 3 timars middagskvild etterpå - er ikkje alltid like flink til å ikkje bruke venstrehanda...

Både Sogndal og Brann vann kampane sine!
AKH observert på tribuna på TV'n min, reknar med DU synest turen til Telenor Arena var vel verdt det!

søndag 15. mai 2011

Trønderinneveske - Grammpri - Nakba!

På bloggen Lises myke pakker fann eg for lenge sidan ei veske - testmodellen vart ny veske til Trønderinna.
Den matchar naturlegvis teppet og spelebrettet ho fekk i januar - det vert gjerne litt resteblokker etter slike litt større prosjekt!
Dei rosa stripesetta i UFOlageret vart valgt fordi dei 8 blokkene eg no har igjen, likevel vart for lite!
Den  andre sida av veska har ei innfelt glidelåslomme, men har derimot foto av eine innsida!

Vi hadde vårt tradisjonelle Grammpri-evenement i går.
Vi har hatt størst skjerm/lerret og gjort det til årsak for ei årleg samling i god tid i førekant for eit lengre tacomåltid!

Berre ein er ihuga GPentusiast, nokre er alminneleg interessert og ein del av oss har ikkje høyrt/sett nokon av semifinalane - men det gjer absolutt ingenting! Eg kvilte på senga i naborommet med open dør inn til Salen dei seks siste melodiane og innrømmer det gjerne - dei høyrdest heilt like ut! Til kaffien etterpå hadde vi ei nydeleg medbragt kake - bør nok spørje fint om oppskrifta til den glutenfrie kaka!








I tankane mine i dag, er palestinske vener som markerer Nakba - det er 63 år sidan dei vart drivne frå heimane og eigedomane sine.
Av dei mange bloggane eg fyl er fleire av dei som i vår har vore deltakarar i Kirkenes Verdensråd sitt ledsagarprogram i Palestina og Israel - dette er Live Håberg sine tankar om Israel sin uavhengigheitsdag som i år vart feira 10.mai - i høve til at det som for palestinarar er al nakba - som markerer at 600 - 800 000 palestinarar vart sendt på flukt.

Biletet er eit bilete eg har lånt frå Adressa - menn frå Hebron -  vart nytta som illustrasjon på 60års markeringa for al nakba. 
Lyklane er det handfaste dei har igjen av husa dei vart fordrivne frå.

lørdag 14. mai 2011

Vi har hatt besøk i natt

Ser du det manglande bordet, duken og blomsterkrukka
- må du gjerne fortelje oss det.

- Hyggelege folk i nabolaget var innom no kvart på 1 og melde frå kor bordet står, ho hadde planta blomane oppatt i krukka!

Eg får sende han hin dit etter jobb, det vert for tungt å bere for meg som ikkje skal løfte noko med venstrehanda.











onsdag 11. mai 2011

Sparetiltak!

Sparekyra kom til heimen i går frå gjenbruksbui til NMS i Sogndalsfjøra.

Interessant nok, har ho striper som ein sebra...

Synest gjenbruk er greitt, det er bra at kyrne kjem til ein heim dei får vere synlege,
- enten dei er av dei vakraste eller litt meir kvardagslege!

Denne kyra viser kva som er svakheita på mange kyr - horna!
Knuste horn er rimeleg normalt, - ho er på ingen måte åleine om det!
Eg bør kanskje lage eit eige "set" med det som tittel i kuregisteret på Flickr - dette er iallefall den tredje i kategorien sparekyr!

I morgon reiser vi til by'n for første gangs planlegging av strålebehandlinga - ein dagstur!

Ser fram til å møte Bystudenten og Trønderinna til middag - har laga ei veske som eg er spent på om Trønderinna har lyst på.
Eg kjenner at eg har lyst til å gjere så mykje meir enn det som vert gjort, kviler meir - og no når eg har ete litt tablettar for å døyve smerter så forsvinn det litt der også...

Freistar bruke litt energi på å vere klar for at strålebahndlinga går greitt.
Det har gått 2 veker sidan operasjonen, det byrjar å nærme seg tida for at stripsa byrjar å ramle av og sårflatene er så absolutt såre - jaja det er ein overgang med dette også.
Eg sparar framleis på gode augneblikk og kjensle av sommar!

Det bles friske vindar i Lærdal  - artikkel i Dagbladet og Sogn avis og Nrk og naturlegvis, Porten!

tirsdag 10. mai 2011

Pyntebehov!

Ein ny runde der blogginnlegg har nye bilete frå det meir oppdaterte Kuregisteret!


På tide å vise fram kyrasmykket som Gyda, syskjenbarn i Østfold  har laga -
treng litt pynt slike dagar!

Jenter frå Ås treng ikkje å gå på landbrukshøgskulen eller UMB veit korleis vakre kyr skal sjå ut!


På dette biletet var eg mest oppteken av å få hovudet fram, eg ser eg bør ta eit nytt bilete der perlene kjem betre fram!

No fortel ein brukthandlar i Øyragata at han har redda ei kyr frå misjonens hender i Sogndalsfjøra - her i heimen gler vi oss over gjenbruk!
Raudestova eller Badne-Mariastova før restaureringa starta her med eit bilete frå august 2008 eller litt avkledd i blogginnlegg "på rehab" i august 2010 og eit blogginnlegg då Raudestova sveva frå slutten av august. Eg må også lenkje til biletet frå 17.mai 2008, - før alle tre og gras på taket vart fjerna.


Raudestova har hatt ei vinterpause i restaureringsprosessen. No gror graset igjen på taket, spilegjerdet og porten er ferdig - litt måling og arbeid innomhus manglar. Dei to siste bileta er det tette nabolaget på hi sida av gata.


















søndag 8. mai 2011

Opphengt i kyr!

Har fleire kuknaggar, - berre ein er førebels fotografert.

Eg har ei formeining om at denne frå Bengt & Lotta er handla i bui hjå Bente i Storgata 7 på Stranda, sjølv om den gjerne kunne vore handla på Ting i Førde/Bergen eller Husfliden eller tilsvarande i by'n!
(ooops - sjekk side 15 av 23
Tingbutikken si brosjyre på verdsveven. Den kua skal få bu med meg på Haukeland Hotel frå siste veka i mai og heile juni!)
Sola skin litt gjennom eit tynt skylag i dag  - det er rikeleg med bjørkepollen i bygda - men rette belet å sitje ute på gatetrappa med eit kaffiglas.

lørdag 7. mai 2011

Kukule - kyrakule!

Relativt mange har strikka julekuler etter oppskrifta frå boka til Arne og Carlos,  som før jul vart
breitt beskrive i dei fleste handarbeidsliknade media, men også i Dagbladet og Nrk - i den siste lenkja er oppskrifta inkludert.

Denne heilårs kukula, - synest ordet var vakrare enn kyrakula - er strikka av Odny, Mor til han hin, - og den vakre kyradesignen er arbeidd fram med hjelp av Toril Anita, systra til han hin!

Eg fekk den til jul - og i motsetnad til dei hine kulene er denne heilårs og held til i kjøkkenglaset.

Det er lenge sidan eg har teke bilete til Kuregisteret mitt - i dag var det ein god dag for å ta igjen litt av det forsømte!

Det er eit år sidan kjøkkenglaset vart fotografert, - eg får tørke litt støv i dag og ta nytt bilete!

tirsdag 3. mai 2011

Grønnkål - ny næring

Synest minimalisme som innreiingsfilosofi bør få større utbreiing!
Eg slit hardt for å få meir minimalisme inn i heimen som diverre har eit visst maksimalistisk snev...
Denne grønnkålskåla handla eg førre laurdag.
Medan den ventar på å få ein meir verdig plassering, er den testa som knappenålboksskjular - og det funkar!
Var på eit møte om næringsutvikling på rådhuset i går. Det skal arbeidast fram ein definisjon på kva omstillingsgrad som høver for kommunen. Konsulentfirmaet som sikkert er godt betalt for det dei gjer, fortalde at dei kommunane som lukkast best med slikt, er dei som baserer seg på det næringslivet dei har og er best i frå før og utviklar det vidare.
Lærdal er gode på tidlegproduksjon av grønsaker og bær, - nest tørraste kommune i landet og dei flate fine bøane ved fjellfoten langs elvi, kan vatnast kunstig...

3 av bedriftene i Verneområdet i Øyragata som vert drivne i tillegg til anna arbeid er Lite nytt, Ellen Antikk og  Brukthandelen, der grønnkålskåla er kjøpt. Som ein del av entreprenørskap i skulen driv 10.klassingane brukthandel i eit butikklokale på Øyraplassen
Lærdal har vore eit samferdsleknutepunkt lenge før Lærdalstunnelen og E16; og før kongeveg og postveg og landets første telegraflinje mellom Oslo og Bergen har mangt nyhende gått gjennom dalen. Laksefisket i elvi har lokka turistar lenge før dei byrja å kome i store mengder i buss.
Grønnkålskåla har altså mykje god næringsutvikling i seg - landbruk, gjenbruk, entreprenørskap, samferdsle, ikt og turisme.

søndag 1. mai 2011

Tillukke med dagen godtfolk!

Flagga vart plassert på kvar side av gatedøra presis klokka 8!
No er sola komen der også, så eg er klar for å drikke kaffi på benken på gatetrappa.
Vi tek del i feiringa.
I går var det Vårfest på Øyri med gratis frukost utanfor COOP og KIWI, vising av klede frå E-bo, TittenTei og Sportsbui. Det var rebusløp og gode tilbod i buene i Øyragata. Eg kjøpte den nydelege stygge kålskåla på Brukthandelen som eg har hatt ynskje om å gje ein god heim! - og litt stoff i frå Sy- og Strikkebui i Eldhuset, der det var strikkekafé. Det var smått med raude blomar som også toler litt kaldare netter på Blomsterbui, så det fekk halde med kvite margeritter og blå fiolar. Kafebord og stolar er sett ut i gågata - med duk og blomsterkrukker! Peonane, liljene og rosene er på veg til å ynskje sommaren velkomen, men ikkje klare endå! .Biletet er frå 1.mai 2008 og henta frå Flickr-bileta til Gamle Lærdalsøyri Grendalag, -
medan bileta under er teke i dag!

Norsk Folkehjelp sin 1.mai-aksjon går i år til palestinske flytningar.