torsdag 30. september 2010

7 dagar til det er frukost i Jeriko!

Te og rista toast med honning...

Miranne har laga verdsvevside for årdølene - den er nydeleg, sjekk!

og her informerer unge husflidarar via YouTube og verdsveven!

- det er no så enkelt for desse unge!

Eg fekk beskjed av ei av dei vaksne husflidskvinnene at eg såg 20 år yngre etter eg hadde vore til frisøren, - så eg får nytte høvet no medan eg er mellom dei yngre vaksne - og lære etterkvart!

Det ser ut til at håret også kan bli kort ei stund framover!

onsdag 29. september 2010

8 - den store bokdagen - og fyr i peisen!

















Framsida av boka "Farvel Rune" av Marit Kaldhol - illustratør er Wenche Øyen - utgjeven av Samlaget - gler meg til å halde den arabiske versjonen av boka!
Bibliotekpakken vi skal ha med oss til Jeriko, byrjar å ta form!
Kjenner det er ekstra stas å ha varmen frå peisomnen i ryggen, her eg sit på biblioteket. Eg har insistert på å gå berrføtt i sandalane til eg er attende frå tur, men det byrjar å nærme seg at eg må finne fram nokre ullsokkar likevel. I dag har ikkje bilen vore isfri, der den står i bakhagen, blomar og gras har eit kvitt dryss av iskrystallar.
Oliventreet står på dørstokken mellom kjøkkenet og gangen, det vert vel boren opp i andre høgdi før helga - det ser ikkje ut til å verte varmt nok til å ha den utandørs før våren kjem.

Fargane frå bibliotekvinduet har byrja å verte gul-oransje-grøn-brunt.  Det er haust no!

tirsdag 28. september 2010

9 - sauming i lys av lyden av Jerusalem og leit etter det palestinske kjøkken!




Vil sy litt på føremiddagen i dag, kom så godt i gang i Eldhuset i går kveld.
Det ryddar så godt tankane - får tenkt slike gode tomme høvyrdige tankar på den måten!
Eg ser hushjelpa har vore litt snarfaren siste vekene, - må visst ta ein alvorsprat med henne etter jobb i dag - det ser noko pussig ut når ein må ta begge sider av konversasjonen - (LOL)
får iallefall rydde godt nok til at han hin kjem til med støvsugaren og teppebankaren...

Som førebuing til turen har det kome fleire fine lenkjer via Facebook -
Sidsel Wold sitt ferske korrespondenbrev frå Jerusalem

og via Haifa og Ben i Vancouver: videosnutten ovenfor på YouTube
Planet World - Bobby Chinn kjøkkensjef og matreisereportar sin leiting etter det autentiske palestinske kjøkken.
Han startar med falafel ved Damascus Gate i Jerusalem og synleggjer reiseproblematikken der han fer via Ramallah og daddelproduksjon i Jeriko og frukt og grøntmarknader og slakting i Betlehem og couscousproduksjon i Gaza - og avrundar om gjestfridomen!
- naturleg reisefeber og full av forventning!

LOL - måtte utsetje sauminga, skulle kvile litt middag etter jobb - før eg gjekk for å sy - og sov heile kvelden -
det var dette med energien som ikkje fyller forventningane...

mandag 27. september 2010

10 - finever og fine forventingar




















Med slikt ver vert det farge på frukta i Provincen.

Freistar følge opp ein del skrivearbeid i forkant av reisa både dit og til Palestina

På veg heim frå bui og runda hjørnet for Lindstrøm Hotel, såg eg at Handverkaren hadde starta med taket på Raudestova. Førre veke sa han at han ville nytte det fine veret som var meldt, til å legge det nye taket, og han reknar med at også torva er lagt på før vinteren kjem.
Eg har teke ein del fleire bilde enn dei eg har lagt ut,- slik at eg kan vere med og dokumentere dei endringane vi som bur og ferdast i gata ser skjer med Raudestova.

I omnen bakar eg raudbeter og poteter - snart middag.

Etterskrift - sauming av åttebladroser!

søndag 26. september 2010

11 - Marknadssøndag og reiseskildring frå Praha!

Fredeleg søndagsstart,- det er stundom ekstra viktig å ha mjukstartar!
Te og rista brød med brie og fersk fiken - kan ein ha det betre...

Den knallblå himmelen fortel at det vert vanskeleg å passere 10 plussgrader her i solskuggen.
http://www.yr.no/ fortel at det kan bli +14, det er nok på Moldasida. I Jeriko vert det varsla om +36.

I Verneområdet har det vore satsa på brannvern siste åra, - ein del planarbeid for gata vår og arbeidet med Losjehuset har stogga opp.
Håpar ikkje dette utspelet fører til at dei gamle teikningane vert nytta.
Fann dette biletet på verdsveven, teke av H. Ottesen, det viser så greitt at sola ikkje når "oss" i ytterste venstre bildekant - halve året. 

Etterskrift: Ein betydleg fredlegare marknadsdag, utan at det betyr at ein har mindre å gjere.
I dag var fristelsen ein ikkje kunne seie nei til, - knappar i boden til Strikkeglede frå Hemsedal - to sortar kuknappar og 24 epleknappar i tre.
Eit heilt naturleg val for adventskalendar, i tradisjonen til Karin H. og Lærdal husflidslag.

Der stod eg heilt forsvarslaus og glad og tel knappar... (LOL),  med ein hårfrisyre som folk som kjenner meg har problem med å kjenne meg att med, og så spør dama på hi sida av disken noko slikt som - "sant det er du med strikkekua"?

På ein Lærdalsmarknad hadde dei hadde fått låne med seg strikka dyr som illustrasjon på eit hefte med julekrybbe. Eg såg den ståande der på kanten og berre vente på å få kome til ein god heim,- eg sa berre at eg skulle ha den kua, men den hadde altså ikkje prislapp på.
Dei fekk lov å selge meg kua, etter at dei hadde fortalt korleis kunden hadde sett ut!
Dessutan fann eg strikkekoppen i assortementet deira - vert truleg ei gåve! Tøfft! Dei har mykje nydeleg garn og mykje nydelege oppskrifter...- også mogeleg å tinge varer via verdsvevsida http://www.strikkeglede.no/

Medan vi andre gjekk vidare til ein ny arbeidsdag - vann naturlegvis Sogndal 2-1 mot Alta! Elvis'en hamna på sjukehus i Sunnfjordby2!
- og Porten har lagd ut sin artikkel om Haustmarknaden.

Bystudenten og Trønderinna har ikkje vore Heime på Haustmarknaden - naturlegvis har vi sakna dei, der dei har vore på Praha-tur! Eg må berre dele denne reiseskildringa!


lørdag 25. september 2010

12- Haustmarknad

Dagen starta med fint overskya ver, det er alltid eit godt teikn når det er Haustmarknad på Lærdalsøyri.

Eit pluss for oss som bur innanfor Verneområdet, er at det er kort veg heimatt med varene som er handla.

Vi har arbeidshelg  - så det vart gjort unna litt lønsarbeid før det var tid for å stå i Marknadsnemndi si bod med gratiskonkurransen.

Dagens konkurranse var innan ei merkevare som er noko breiare enn dei fleste huskar på - Lærdalspoteter!

I 8 boksar var det plassert 3 poteter. Det var åtte av fleire potetsortar som vert dyrka i Lærdal, det galdt å gjette rett namn!

Rekkefølge som gav rett svar: Asterix, Blå Kongo, Berber, Kerrs Pink, Mandel, Oleva, Peik og Rutt. Premien er ein sekk poteter - og ingen hadde alle rette!

I morgon er konkurransen truleg ein sekk gulrøter - det er tradisjon på på dei to marknadane i Lærdal at Marknadsnemndi har ein slik gratis konkurranse - då veit alle kor ein kan spørje etter hjelp av nemndi, eller kor næraste minibank eller toalett er - eller alle kan fortelje at dei synest vi har trivelege marknader i Lærdal. Det fine lett overskya veret heldt seg, så sjølv om sola forlengst har forlate området der Marknaden er plassert,- så var det brukelege temperatur.

Eg har handla spekepølser hjå same pølseselgaren frå Venås Engros - 2 gongar i året - og i det siste også på Rørosmarknaden!
Pølseselgaren sa i dag at første gong var i 1996, den gongen jobba eg i kulturetaten og yngste han velkomen til marknads! Han er dyktig - han huskar kva smaksvariantar vi likar, og veit kva for nokre nye sortar han kan by oss til å prøve - ikkje rart han har mange svært faste kundar!

Elles handla eg blomkål, rødbetar og reddik og ferske fiken hjå Ernesto på Lærdal torg - dei er så flinke i høve marknadane.

Eg tinga ei kasse honning frå Sognebia til dei heime på Sunnmøre, dei likar den gode smørbare honningen på brødskiva med gamalost.

Ingrid på Ellen Antikk kom ut og viste fram kua dotra hennar hadde handla hjå ein brukthandlar i Kvammegården.
Eg misforstod og tok fram lommeboka, - og det heile enda opp med at eg likevel fekk kjøpt kua!
Korga med kantarellar derinmot, var ein del av middagsmaten og forlengst oppeten.

Han hin kom frå jobb, vi åt middag og så for vi av garde til Kultursalen og såg einakteren "Mordet på Lunde". Her er artikkelen i Sogn avis om Kaupanger Ungdomslag si førestilling, då dei spela den på hi sida av fjorden i mai.
No trøytt!

fredag 24. september 2010

13 - ein ny dagen-derpå-dag










Fastlegen min fortel at dei fortel i journalen at dei driv målretta diagnostikk
- er det nokon eg trur på, så er det han! Tilogmed ei overaskande nyheit sto det i journalen - det var for mykje fettvev i første prøven,- den som var kreftfri, tenke seg til noko så uventa... Han fortel at eg har god tid!

torsdag 23. september 2010

14 - Reisefeber og andre bekymringar

Jeriko - ein YouTubefilm om Jeriko - det var orienteringsmøte for jerikofarane i går kveld...
ein fin gjeng på 45 fer på tur om 2 veker -

Tek sjukehusbussen til Førde før klokka 7 og nattbussen heimatt!
Gjer det beste ut av det, - tilogmed frisør er tinga før sjukehuset ventar meg!
Eg satsar på at Salong44 greier å gjere meg vakker, ho som tok imot tinginga skjøna at det vart litt av ei utfordring!

Etterskrift: - ikkje eit hårstrå er lenger slite og velbrukt! Frisøren klipte det nesten heilt til rota, ja relativt sett... - dei lengste hårståa er 5-6 cm. Eg er med andre ord relativt "ny" på håret, - har ikkje vore så korthåra sidan tidleg i forrige århundre...

Det var sjukdom på Brystdiagnostisk senter, difor vart ettermiddagstimen min skikkeleg sein. Han som tok grovnålsbiopsi på meg var ingen amatør, men han hadde ikkje teke grovnålsbiopsi på ein pupp før. Eg er framleis litt i stuss - spørsmålet dei skulle finne svar på, referert pr telefon, var noko anna - men når det ikkje er beslutningstakarar å spørje!?! Eg trur ikkje eg ventar til dei ringer med prøveresultatet...
Det var andre på nattbussen også, - og eg erindra born som fekk kome til foreldra sine frå eit anna land og eit tilfeldig øyeblikk med Sommerfuggel i vinterland på radioen over høgtalaranlegget på ferga som bakgrunnsteppe - det var visst tidleg i førre århundre det også...
Joda - sånt knepper ned eins eige bekymringsnivå og justerer fokus ein god del!

onsdag 22. september 2010

15 - fylkets beste mat

Avisa Firda fortel at Brun Undredal var årets produkt, - medan einerrøkt laks frå Lærdalsmat Sognefjord Gourmet og viltmør av hjort frå Fjordameny, Gloppen er "årets råvare for sjø og land"

Undredal er vel verdt ei vitjing - dei har gjort god merkevareoppbygging - det må ein vel seie dei har gjort på Lærdalsmat også!
Har ikkje testa mat frå Fjordameny - men sidan eg har Tante og Onkel i Eimhjellen veit ein at det både er gode råvarer og gode kokkar!

NrkSFJ med ein god historie også i dag - Årdalstangen IL lagar motbakkeløp Aosen opp gjennom velkjende Ofredalstunnellen - slikt er også god merkevarebygging - koble noko til noko som alle har høyrt om - men dei færraste har opplevd!
Den triste historia som NrkSFJ kom med var at vi har fått nytt pasient og brukerombud, - ombud og ombudsmann er eit godt og eksportert norsk ord. Trist ikkje dei som tilset henne - rettnok i eit vikariat - har problematisert truverdigheit - merkevarenedbygging kan det også kallast. Det er godt redaktør Sanne-Gundersen vel å gjere det.

Berre for å ha eit lite galskapspauseprogram og Tine kyrne bestemmer

tirsdag 21. september 2010

16 - mollstemt

Sunnfjordby2 ventar på torsdag - ser fram til at dei finn eller synleggjer ei avslutning på plagene...
Dersom dette er ein unødvendig ekstrarunde før Bergensturen som først vart skissert, - "blir jeg veldig, veldig skuffet!".

I morgon er det orienteringsmøte for oktoberturen og til helga er det Haustmarknad, så det manglar ikkje på lyspunkt!
Vermeldingane har lova 2 heftige nedbørsdagar og finever til helga, - eg bør bu meg på tur til Sunnfjord med å dyppe den gule regncapen min i impregnering.

mandag 20. september 2010

17 - ei ny veke med stort program

Heimreis frå Provincen - måtte ta fram kameraet for å få med med Fridtjofen der han står på haugen sin på Vangsnes!
Sognefjorden frå Vangsnes og austover - sett frå 9-ferga,-  like etter den la frå land! 
Balestrand, Vetlefjorden og Hella ser noko ansleis ut når skydekket såpass lågt, nesten ned i hårgarden...!

søndag 19. september 2010

18 - drikk fredeleg morgonkaffi og høyrer på Språkteigen om jallah

Discovery'en er plukka og Keisarinnene er vekke - alle dei hine epla og pærene treng lengre tid på seg.
Sit ved kjøkkenbordet i Provincen og ser det låge skydekket har fått fart på seg med litt vind...

Skulle ha skunda meg, men sakte vakning er best når deler av kroppen protesterer.


Treng å tenkje litt tomme høgvyrdige tankar - trur symaskina må fram - dei flyt lettare då,- tankane!

Sunnmørsposten fortel at det regna 75,6 mm siste døgn i Ålesund, - i bebudde strok i Lærdal som det så klokeleg var skrive einkvan staden,- er det eit årsnitt på 5-600 mm. Det er knappast regn i Lærdal skulle det bety, og likevel tenkjer vi på alt regnet vi har hatt i sommar. Versjuk er ei nemning som kan brukast - men den er så negativ eller subjektiv... vàr for veret kanskje, og iallefall igjen på denne tida av året. - No er sola vekke på Øyri, det gjer noko med ein når ein allereie på dette belet er byrja å vente på at sola er attende 1.4.2011! Eg vert visst aldri fortruleg med at sola forsvinn!

Tenk litt på denne eg fann hjå @KjerstiFlogstad på Twitter:
"Livsfilosofi på kafevegg: Livet skal ikke begripes, bare gripes. Ta en kake i hver hånd - for balansert kosthold!"

Nokre av oss har alltid (for) mykje restegarn - og er ikkje alltid klar for å legge opp eit stripa strømpepar - eit teppe kan vere løysinga - eit teppe som vert vakrare dess større variasjon  - sjekk denne via sida til Oline.

Mellomskrift - Sogndal har vunne 0-2 over Nybergsund Trysil. Eg syr og han hin kløyver ved, veret var greitt til kaffipause med glutenfrie browniesmuffins med nøtter. I omnen ventar Sheperds Pie - det er fred og ro i heimen i Provincen!


Etterskrift: Bileta er naturlegvis lagd inn i ettertid, for første gang i "mi tid" vart det plukka eple med epleplukkar. - Han hin har lete Discoverytrea verte litt for høge - så han fann fram epleplukkaren som ikkje har vore nytta på ein del år..., lengda på den stonga som heldt den oppe viste at den var laga til høge "gammaldagsne" tre!

Epleplukkaren er ei heilt nydeleg innretning!


lørdag 18. september 2010

19 - ENDELEG FESJÅ IGJEN - MISS SOGN OG FJORDANE!

Det var med stor glede eg las på Nrk SFj at det igjen skal gjevast premie for vakre kyr!
Skulle ha vore på lokalsjukehusdag - det er smått med frihelgar i høve eplehaustinga...
Sogn avis la tidleg ettermiddag ut ein artikkel, medan NrkSFj var mest opptekne av om Stryn og Tornado/Måløy kom til å avansere til 2.divisjon...
- seinare på kvelden fekk Stryn brei mediadekning av sigeren over Tornado/Måløy - men det er Vågsøylaget som er øvst...

- Are Kalvø hiv seg på prinsessetrenden.

Ei av kyrne i kuregisteret mitt i Flickr

Stoffpusharen Desiree på Sande har ein spanande resteteppekonkurranse på gang - sjekk hjå Lappeteknikk. Premien er vatt og bakstykke og proff kvilting... av Quiltestallen på Eidsvåg, - det kunne ha vore fint det - om ein berre hadde kunne delteke med like stor openheit og frimodigheit som ein tek del i Lotto... - og så var det tidsaspektet då - med all den ledige tida eg har i oktober, må det visselegen vere stooore restar...

fredag 17. september 2010

20 - Ting tek tid -


















Å lage eple foreksempel...
Å lage ein god likør som den Lone Landmand lagar tek også litt til å lage! Har ikkje kome så langt i livet at eg har vorte ein god kokk, - trur eg skal øve på å verte ein betre bakar denne helga, - vi har tida framfor oss!
Med Hp mini, uleste Verdsmagasinet X, Norsk Quilteblad og Klassekampen i ryggsekken på bussturen - det er godt det vert tidleg mørkt slike dagar - slik at eplehaustinga ikkje tek overhand...

- elles er det mangt som skjer i Osen i dag - veteranbåten Atløy!

Etterskrift - pizza i omnen og rosemount i glaset - og freden senkar seg i Provincen!
I Norsk Quilteblad var det ein fin karapresang som Muffin i Muffins Verden og Hanne i Lappedilla har laga.

Slike dagar når ein skjønar ein burde fundert meir på fenomenet Framsnakking som motsats til Baksnakking - kan dette diktet som er å finne hjå Vox populi verdt å lese gjennom - då veit ein at det kan vere godt å lufte tankane før det kjem så langt...

torsdag 16. september 2010

21 - Toast med jeriko-honning og te










Det er frukost - ein haustkvardagsmorgon - prøver å fordele energien på alle smådetaljane utan å verte utsliten av det eg ikkje rekk -
Kjensla over at vi er på tur i ein buss til Gardermoen på desse tider om tre veker er god!

- og Sogn avis la ut bilde av Sognefjellshytta

fredag 10. september 2010

Matstogg på Cafe Herman på Leikanger




















Leikanger har gjeve oss fleire gode grunnar til eit endra reisemønster utover til Provincen.
Dei fredagane vi er ekstra seint ferdig på jobb, - kan det vere greitt å drøye venting på middag med ei brødskive ekstra i matpakken på jobb. Sist fredag var ein slik dag, då rakk tre kundar dei siste porsjonane av dagens meny på Cafe Herman -  vi tok naturlegvis til takke med burger med steikte poteter - og kjøtkaka den er ikkje standardvare i Gildedisken -
og under loket på hamburgerbrødet som ikkje er kjøpt på Kiwi  - smelta blåmuggost - det var nydeleg!
Etterpå hadde eg ei mørkmørk sjokoladekake med litt is, han hin hadde ei plommekake med plommesaus over og is...
Det var den siste fine sommarskvelden - vi sat ute og ikkje inne i den fine kjellarrestauranten - og såg skyene pakke seg til bak Vangsnes!

mandag 6. september 2010

I morgon - skal eg sykle litt, trur eg!












Om ein månad har eg pakka koffert - har tenkt å ha meir energi då - litt mindre vondter - trur så absolutt eg gler meg,- akkurat i kveld...
I morgon skal eg også sy åttebladrose - og byrje å hekle ei anna - i morgon - men ikkje i dag - for no skal eg ikkje gjere det slag...!

- Etterskrift - starta det nye døgnet med ein spasertur for å redde dukar og flygande blomsterkrukker hjå oss og elles i Verneområdet - like etter midnatt for varme sterke vindar forbi! Det står ingenting om slike vindar på yr ...

- interessant artikkel om hersketeknikkar

søndag 5. september 2010

Ta Flåmsbana klokka fem over åtte i kveld!

I kveld - er det Følg Flåmsbana minutt for minutt - på Nrk1 gler meg til å sjå den på stort lerret!
Knytt til artikkelen frå Nrk er det også lagt ut lenkje til YouTubeversjonen som kun viser versjonen med kamera i front av toget, eller i 2D eller 3D versjon via NRKBeta - tøfft!
- og lenkje til vevsidene til Flåmsbana

lørdag 4. september 2010

Laurdagsbilde av Raudestova

No har Raudestova fått mur å stå på!
Handverkaren sa i dag at ho skal jekkast nedatt på muren i veka som kjem!
Nokre dagar vekke og vi går glipp av å få dokumentert endringane.
Eg var på veg til jobb via frukost på Sanden Pensjonat,  - så det vart nokre raske bilete før eg hasta vidare - det var berre eit par timar til arbeidslaurdagen skulle starte!

- må berre legge inn ei lenkje til 17.mai 2008 - teke medan Raudestova framleis sleit med storleiken og nærheita til syrintreet som sto mellom Raudestova og Minarhuset.



















fredag 3. september 2010

litt sånn dagen derpå

Det er mangt som kan ordnast med nokre smertestillande pillarar -!
Godt at det ikkje er kreft som er årsaken til vonde kular... - eg gler meg veldig over det!

torsdag 2. september 2010

Ein gledens dag!

Etter mammografi, - ultralyd og prøvetaking er førebels konklusjon klar - truleg ikkje kreft...  Deilig, - at det ikkje skal vere som det er - er heilt uvesentleg - i dag!
No kan eg igjen tru at eg reiser til Jeriko om ein månads tid - og gjett om kirugen er orientert at den veka skal eg ikkje på oppfølgingsundersøking... - det vert veka før eller etter...!
Det vert eit anna innhald i bidrag til Pink for October, i år!

onsdag 1. september 2010

Ein sunnfjordsdag -

Vi starta med Olefine og Ei trapp ned - og så så vart det endå meir kommers...
handla tilogmed retroeplemønster!
Kanten på reiseetuiet til den vesle raude datamaskina vart sydd ferdig før vi kom til Vassenden - retteleg så ein hard dag - godt å kome til ein god heim for taco til kveldsmat og ei god seng.
I morgon er det sjukehus frå 10.00 - godt dagen er komen - sliten av å vente no!