tirsdag 31. august 2010

- berre åttebladrosa som mangla - og barnebøker -

Det er nokre tiårsida hotpants vart nytta sist, er ikkje heilt sikker på kva for eitt av dei tidlege 70-åra det var - kan framleis sjå føre meg bilete frå ei fjern fortid i raud hotpants og midivest - iallefall vesten var i raudoransje, litt sånn flammelakkert crimplene - heilt sant - det er slik eg huskar den. Korleis den verkeleg var, må eg visst gå til nokre bildekjelder som eg sikkert ikkje har lyst til å sjå! Den gongen hadde ein spøta ein hotpants på nokre få augneblinkar, no trengst det mykje meir garn og spøtinga må halde på så mykje lengre... Eg slit mest med linjene i buksedressalternativet i artikkelen frå Dagbladet, det kunne ha botna i at ein ikkje (lenger..?!?) har mindre livvidde enn hovudvidde - når slalombrillene og pelskledde leggar er det største...
Eg er framleis ikkje av dei som handlar D & G, -sjølv om det er åttebladroser på dei fleste antrekka i Dagbladartikkelen!

Eg merkar eg fyl med i dei ulike krumspring som tilsynelatande skjer i straumdebatten her vestpå - eg sette storligen pris på Carlo Aall sine ord i Sogn avis i går - og glad for at det vart lagd ut på Sognatreff av redaktøren.

Etterskrift - Har vore på planleggingsmøte for Jerikoturen no i kveld, - det var den som sørga for at avreise til Førde vart utsett til i morgon tidleg.

Jerikoturen vart merkeleg konkret i kveld, det er ikkje lenge til 7.oktober! Når turen til Sunnfjord er unnagjort med greitt resultat, - er det ikkje så lenge til - det vart heilt tydeleg for meg at den ligg som ei sperre!

Då vi var i Jeriko i fjor, gjorde framsider av Astrid Lindgren-bøker inntrykk på oss på bibliotek vi vitja. Pippi Langstrømpe og Brødrene Løvehjerte såg ut som dei bøkene vi har i hyllene heime - med unntak av den ukjende skrifttypen! - Noko som fremja eit naturleg ynskje om å ta med bokpakker attende med vår barne og ungdomslitteratur oversett til arabisk  -

mandag 30. august 2010

solfyllt augustmorgon -!












Høyrer på lokalradioen at fineveret midlertidig skal gå over, - men det må verte is på gatetrappa einkvan gong i dag - innimellom alt anna eg må rekke.
Har lasta ned bileta frå helgaturen! Metleyplommene eg rakk - som ikkje var for modne eller umodne  - er nedfrosne. Discoveryeple og Keisarinnepærer vert plukka om eit par helgar!
Biletet av Keiserinnepærene er eit godt døme på at det verkar vere fuktigare på Systrond - i.e. Leikanger, enn på sørsida av Sognefjorden!
Aromaeple treng endå lengre tid for å verte søte nok!

Etterskrift - etter jobb 22.30 var rette augneblink for is og kaffi på gatetrappa - relativt mørkt og relativt svalt - men vi rakk det!











































lørdag 28. august 2010

Har fått nytt turutstyr!

Sit i Provincen, drikk føremiddagskaffien ved kjøkkenbordet - ute skin sola - og ein stor båt sklir forbi den skal sikkert til Årdalstangen med innsatsmidlar til industrien av noko større slag!
Har kvilt godt ut - var sliten av vondter i går - !

Prøver ut ein damehandveskemodell av ei datamaskin - må sy pose til denne så snart eg har plukka plommer! Med andre ord - verda er vakker og fyllt av gode ting!

Mellomskrift - er innom på kjøkkenet for sein lunsj - har frose ned 7 brødposer med Metleyplommer. Filosoferte over at kommunalministeren meiner at det trengst kvinner i politikken - dei fleste ordførarar her i fylket er godt vaksne menn, ser ikkje at kjønn er ein viktig faktor i alle kommunar med kvinneleg ordførar heller - kanskje det er fleire som ser kommunal politisk insats som eit viktig steg mot Helsebestyrelser av alle slag...

Har hatt bekymringar over å ha foreldre i Frp-kommune, der er ordføraren i 40åra - så han held vel lenge i tillegg. Snakka med Far medan eg var i Nedste -(frukt)hagen, han var heime åleine - og det hadde kanskje vore kjedeleg for han - så han hadde freista sykle opp slalomløypa på Fursetsida på Strandafjellet. Han hadde gått i løypa, - det hadde vore vel bratt!
Jaja, -slike problem kan ein ha når ein er 79 1/2 år - det er godt Mor snart kjem heimatt frå jentetur! Skjønar eg ikkje treng bekymre meg før det trengst! Når Ordføraren vil - vert det meste ordna frykteleg fort - då gjeld det å vere med og sette dagsorden - synd det ikkje gjeld bustad til veslesystra til Hverdagslykke - ho har venta ei stund!

Elles er Are Kalvø - frå same vakre bygda - sine ord om politikarar og middagsselskap vel verdt til høgtlesing!

Etterskrift: ventar på at komfyren vert varm nok, - eit lite cruiseskip fer ut fjorden. Klokka vel sju kom regnet - så vi gjekk innomhus!

onsdag 25. august 2010

På busstur-retur til Sogndal

Berre for å gå på Joar sitt kjøkken og ete biff i lag med gode kollegaer.
Det kjennest klokt å sukre kvardagane medan ein ventar på at det vert første torsdag i september -
Det er visst fotballkamp i dag, men den skal vi ikkje på - men ein tur innom Narvesen for noko vakre tidsskrift, - det må vi rekke!
Har byrja å drøyme om ny skrivehjelp og turutstyr - i raudt!

Etterskrift - bussjåførar er ei lite einsarta gruppe - i dag foretrekk vi sjåførar i kategori bergenserinner framfor sunnfjordingar!!!
Utan tvil - Bergenserinnen hadde bussen under kontroll lenge før ho kom til ein haldeplass nær oss, og gav klare og sterke og sjarmerande meldingar! Han hin meinte ho minna om ein bussjåførvariant av Marit Voldsæter! - Eg gledde meg over det meste - som greie meldingar til nylaga Sogndalsstudentar frå hyttebyen på Kaupangerskogen - med eit smil :  NÅÅÅDE deg om du sØØØler fra deNNN øLLLboksen der i MIIIIIN buSSSSS - det LUKTER! og gav dei beskjed om forskjellane på gruppepris på 2 og studentpris utan studiekort... - og dei smilte og sa neida og takk!
Sunnfjordingen på returen derimot fekk 100+2x20+2x1 kroner frå mi hand som vart til 141 i hans - så han insisterte på å få ei ekstra krone og bør vere glad for det - og han heldt no fram og fortalde den eldre mannen som ikkje hadde kjøpt overgangsbilett 4 gongar kor DUM han var som ikkje hadde gjort det...

Og maten var deilig, - ei vinflaske på deling på tre var akkurat nok vin - og Sogndal er atter øverst på tabellen og to gode quilteblad hjå den gode bladselgaren i Sogndal,
- det vart ein fin dag!

mandag 23. august 2010

Raudestova svevar!






















Handverkaren sa det var lett å løfte Raudestova!
I dag vart Raudestova jekka opp 43 cm!
Før det kom så langt har Handverkaren gjort ein god jobb i å støtte opp stova og sørge for at den hang i hop - og at dei nedste delane som er rotna vekk, er erstatta med nytt trevirke.
Her frå bloggen tidlegare i august, eit bilde frå februar i fjor, då Handverkaren arbeidde med nabohuset - Minarhuset - og her sommaren 2008!
Måtte ta med eit 17.maibilete frå 2008 også!
Smiler med tanke på at det er godt det finst nokon som er glad for å eige slike bygningar, - og det er jammen greitt at dei i tillegg har dyktige handverkarar i familien!



torsdag 19. august 2010

- skal berre vente litt til...

Det er så mangt ein kan venje seg til med - med unntak av å vente på å få vite.
I forrige århundre ein gong, leitte dei kunnige lenge etter vonde grunnar til at eg har ødem på synsnerven, - det kan vere heilt normalt det!
Referert som "store grøfter" ut frå hans perspektiv på andre sida av "forstørrelsesglaset", spurte den unge turnusen om det var greitt om turnuskollegaen hans kunne kome og få sjå  "mengdene av væske" -, for ho hadde heller ikkje sett noko sånt - og det var etter at augeoverlegen hadde stadfesta at han hadde funne noko særs uvanleg - dei tok tilogmed bilete av fenomenet!
Ein homeopat som gjer irisdiagnostikk kommenterte ødemet fleire år etter med at augedoktorar og nevrologar ser for lite friske auge...
Skal til Førde for å fotografere og undersøke andre uønska faktorar - og må heilt naturleg mobilisere mest mogelege gode tankar for å døyve uroa - sårheita og nakenheita... Kjenner det var klokt å ringe og finne ut at det ikkje finst ledige slike timar som kun førekjem på torsdagar, før timen i september. Då treng eg ikkje gå og håpe på nytt brev i posten kvar dag, - fordi lækjaren her meinte det vart unødig lenge og ville framskunda turen...

tirsdag 17. august 2010

Tangen - Øvre via ferskvatn!

Ein rask kik på timeplanen for denne veka avgjorde, - middagstinging til Mor i Øvre og rett til Årdalsstangen etter jobb på måndag!
Vi parkerte på Tangen, derifrå går bussen kvart 20.minutt den ikkje altfor lange vegen til lekteren ved Årdalsvatnet der båten legg til - med eit hyggeleg smil og velkommen og gratis for alle...
Nokre parkerte også på snuplassen til bussen - men det skulle ikkje vere naudsynt å parkere i det vesle området bussen har til disposisjon.
I gårkveld var det ein bil frå Fylkeskommunen som hadde parkert på snuplassen - festleg med merkte bilar...
Det hadde vore verre i helga!  - Endåtil brudeferd føregjekk i god Aordalstil! .
I resten av veka er vi turistar bedne om å halde oss unna i rush-tida!


I flg NRKsf nett no - dei har laga eit innslag av sprenginga til Vestlandsrevyen i dag - sprengingsarbeidet har gått betre/raskare enn forventa - så det kan vere at dei nyttar mindre enn 11 dagar til arbeidet...
Omkøyringsveg er via Lærdal og Tyin, - vegen der er grei nok for personbilar og mindre lastebilar. Under stenginga av hovudvegen er vegen over Tyin einvegskøyrt med skifte kvar halve time, då kan litt større køyrety også nytte vegen, likevel ikkje er heilt tenleg for dei største køyretya.
På den stengde strekninga er det normalt stor trafikk av køyrety som fraktar råmateriale og ulike innsatsmidlar i produksjonen ved Hydro i Øvre Årdal. Stenginga er vel førebudd, - så Hydro har ordna med mellomlagring...
Mykje av dette transportert via frakteskip som legg til ved kaia på Tangen.

Sogn avis sin artikkel om det same.

Apropos - når alle ministrar fer til Hardangerfjorden - så måtte det sendast ein minister til Sognefjorden også!

Ein (god) del av epla frå garden i Feios vert levert på Balholm,
no ser det ut som om dei også får vidareforedle dropane endå meir! Landbruksministeren på vitjing i Ciderhuset i Balestrand.





























søndag 15. august 2010

Quiltemagasinet og cappucino på trappa før jobb

Quiltemagasinet er kome, - vil ha ei heilag stund ute - det er vakker sol og blå himmel.
Om ein månad er det lite sol igjen her på vår del av Øyri - det gjeld å nyte det som nytast kan!

fredag 13. august 2010

Har betalt haustferie i dag -!






















Gler meg til å ta med han hin og Bystudenten for å sjå på dette mosaikkgolvet!

torsdag 12. august 2010

Stjernenatt -?











Nemi frå bt.no i dag - poengterer at arbeidet med nytt kjøkkenskåp er på gang!
Det er klarver og gode høve til å sjå stjerneskot i natt - eg har tenkt å ta med meg han hin på kveldstur.

Vi planlegg å vere turistar på båttur til Øvre i veka som kjem. For oss som har eit val, - kan ei slik båtreise vere reint så eksotisk -. For andre kan det verte både vanskeleg og tungvint og risikofylt!

Det kan vere risikofyllt med Midnestunellen utan "rydding" også!

- denne må eg berre dele - vi veit visst knappast kva Øya-festivalen betyr! Noko seier meg at det er å rekne som både ein og to Lærdalsmarknadar og opptil fleire Målrockar samstundes - men vi skjønar oss på is! - greitt med bevisste val!

onsdag 11. august 2010

Kaffitankar - !

No er det på alvor - her leitar vi etter kos i kvar ei krå og kvart eit augneblink.
Har endå ikkje vore på loftet og stroke kjøkkengardiner, - fordi endå ein legetime skulle unnagjerast først.
Likar ikkje å ha grunn til å gå til legen ein gong i veka - gleda i dag var at då turnuslegen trong nokon å drøfta tingenens tilstand med - så var ein heilt allminneleg danske - absolutt i kategorien små gleder, men med ei forbausande sterk kjensle av tryggheit!
Sit her med ein stor dose cappucino - og ikkje kvardagskaffipulver - men laga på kanne og med oppvispa varm mjølk.
I tillegg til vasking av kjøkkengardinene i går, vart den delen av kjøkkenet som er nærast komfyren bortimot skurt - skal byte ventilator&skåp med det første...
På hylla over grua har alle kaffikannene og mjølkevarmarar og ymse god kaffi for ulikt bruk, stått heilt i fred i sommar. Under vaskinga/ryddinga i går, vart eg minna på saknet av den store verda...
Det regnar mykje, - eg er absolutt versjuk i tillegg, og han hin i heimen fer i fjellet mellom Undredal og Stegen og leitar! Eg er nok litt versjuk på vegne av alle dei med vanskelege bekymringar også.
No går eg og stryk kjøkkengardiner - og tenkjer litt tomme høgvyrdige tankar ved strykebordet på aller øverste loftet!
Etterskrift - Han hin har visst vore sambandsmann i dag, og ikkje gått i brattaste fjellet får eg melding om no i ettermiddag...

tirsdag 10. august 2010

Litt av ein fridag -!

Relativt uventa vert det drøfting av sjøkabel i Hardanger likevel - og det er naturleg å tru at det vil ha innverknad på valet av linja frå Fardal til Sjøholt også.
Nett no kom regnveret - bekymringstankane går i retning Undredal i dag, han hin er heime etter å ha vore leitemannskap i Aurland. Han for grytidleg og skal visst det i morgon også.
- og så kom tordenskrall og fossregn - inn vindauga på soverommet til Bystudenten. Ikkje alltid like enkelt med hus frå 1847, ikkje alt verkar like lenge. Han hin skulle kike på skaden i dag på fridagen sin, - jaja - no veit vi allefall at det trengst!
Eg har vaska kjøkkengardinene i dag, eg ville ha dei broderte blå oppigjen og ikkje berre byte...
Det vart for plagsomt å vere turistattraksjon medan dei tørkar, - smilande deltakande turistar når ein fyller vatn i espressokanna - det gjer noko med ein når dei vart ståande og berre smile og nikke - det vart eit mellombels tiltak då!
Avslutta penicilinkuren på søndag - skjønar at ikkje alt var over likevel - likar ikkje kjensla - utrygt.
Då er det godt at Are Kalvø er i godlune!

søndag 8. august 2010

Søndagstur til kaffibesøk til Øvre via 1117 m.o.h

Kammen frå "Børkjo" - ein av dei 5 gjenstandane som har fått si i ei eiga vesle utstilling på Besøksenteret knytt til Borgund stavkyrkje
- og her ein artikkel frå Nrk om Bjørkum som beskriv området som vart utgrave i fjor sommar og funnet som vert liggande under den nye E16, som skal vere ferdig til neste år.
Utstillinga på Besøksenteret innheld 5 gjenstandar og ein film frå Arkikon og (her eit bilde) som visualiserer korleis det kan ha sett ut.

Illustrasjon som viser korleis nåla, en annan av dei fem gjenstandane - batt saman kleda

Utsikta frå framfor Tyin Panorama, i vegskiljet der vegen på vestsida av Tyin går til Øvre Årdal og på austsida vidare til Tyinstølen og Eidsbugarden på vestenden av Bygdin.













Aasmund Olavsson Vinje - wikipedia versjonen
Bilethoggar Ståle Kyllingstad laga minnestøtta som vart reist i 1968 til minne om Aasmund O. Vinje - framfor Bygdin på kaia på Eidsbugarden.

”Eg er, som vel Du veit, ein fjellets man
og derfor dreg tilfjells so tidt eg kan.
- - - - - - -
So laut eg soleids sveiva meg og snu
at eg i Jotunheimen fekk ei bu.
Eg Plassen valde etter syn paa mange,
ved Bygdins vestre ende paa ein tange.
Fraa logne heim, der ser Du tindar vaja,
og Slettmarkhø, som likjest Himalaja.”
- skreiv A.O.Vinje på pantebrevet for lån til hytta ved Bygdin.



Rutetidene med "Bitihorn" over Bygdin,-  busskorrespondanse med resten av verda i høve dette!











Fondsbu til venstre der vi åt middag  - Eidsbugarden til høgre hadde vore stengt til eit brylluop og opna ikkje før 1800 - så det får vere neste gong!










Elgbiff på Fondsbu, var meir oppteken av å få servietten med enn presentasjone av tallerkenen - nydelege al dente grønnsaker og soppstuingen er på baksida - Godt var det iallefall, servert med ei STOR skål med tytebærsyltetøy, - som vi til også delte med dei to andre som slo seg ned ved bordet som hadde gått langt, sove på tynt liggeunderlag - som skulle ta båten attende litt seinare på ettermiddagen.


Termometer med lokal valdresvri på veggen på Fondsbu


Etterpå var det kaffibesøk og feiring av 92årsdagen til Bestemor i Årdal!

fredag 6. august 2010

Filmstjerna vår er på rehab!












I går forsvann torvtaket og resten av syrintreet på taket - og alle turistane går berre rett forbi Raudestova, - utan å vite at forrige veke tok nesten alle bilete av denne vesle bygningen! Utan å vite at når ho har fått litt løft og støtte og erstatningar med nennsom hand av Handverkaren - så er ho attende i Filmstjernegalleriet!

Elles har vi roa ned bekymringane for lustringane - fare for at ei demning brast i Fortun! Det gjekk bra,  sjølv om det er rikeleg med vatn endå i elva - også Dagbladet har sett Luster på kartet i dag!

- av dei meir tøffare framandarbeidarane er nok rumenerane i Årdal!

onsdag 4. august 2010

Skjønar det kan reknast som seinsommar - men har sommaren eigentleg vore her?











Framleis er det mykje turistar i gatene og geilene til alle døgnets tider.
Vi hatt grillmiddag i bakhagen i dagevis, - men lange varme dagar med nok sol til å varme opp fjella, har det visst ikkje vore på lenge.
Har ikkje vore frisk siste veka, - og energien renn fort ut - men hadde stor glede av å finne Min oase - med eit bilde frå Ørnegata med Sjankehuset og Sjøstrand - frå bloggen In my Mothers name.
Bloggen innheld veldig mykje fint strikk - og eg ser i ettertid at trass presiseringa av tilhald i Texas, - er nok Kaupanger ei naturleg sommaradresse!

Fleire av naboane som har nytta sommaren til å få lagt nye skifertak: Det vore folk og lys i dei fleste husi dei siste vekene - også dei som i all hovedsak er feriehus. Vi gler oss over eit anna bygg som skal "reddast på rot". Det er sett i gang arbeid med å heve Raudestova - den skal få ein liten mur å stå på. Slik det er no, -rotnar den nedanifrå, der den står rett på jorda. Dei nye eigarane har gjort eit nydeleg arbeid med hovedhuset på eigedomen - og vi andre gler oss til fortsetjinga! - Fann ei grei brosjyre som ligg på verdsveven som hadde sentrumskart over Lærdalsøyri.

Vegvesenet har sett i gang eit forprosjekt for gamle Kongevegen, - dei tenkjer seg å synleggjere delen som har vore meir skjult i nokre århundre - spanande!

Fann spanande tegnestift- og postitlappkunstprosjekt - sjå her kva kunstneren Eric Daigh har gjort på Grand Central Terminal i New York.

Det merkast at det byrjar å nærme seg val og nomineringsprosessar. Politikarar, media og valforskarar byrja å aktivisere Vestlandismen igjen. - Eg legg merke til at eg smiler når godeste Frank Aa.. er på TV og fortel om såra vestlandske kjensler. Eg hadde han sjølv som førelesar på sam.pol på UiB i fjern fortid - og Bystudenten har også hatt gleda av analysane hans.

søndag 1. august 2010

Ventar på soloppgangen - litt grått i dag!

Det er fredeleg søndag og framleis ferie - heilt til i morgon! Ikkje heilt i form men satsar på at penicilinen verkar på det den er meint til - og ikkje berre lage ugreie i resten av bakteriefloraen!
Har lånt Nemi frå bt.no!