torsdag 29. juli 2010

Verdsrekord i drageflyging, - viktig det!

















Har lånt scanpix biletet frå denne artikkelen i BT.
7202 barn leika seg samstundes med drager i lufta på stranda Beit Lahiya nord på Gazastripa som ein del av UNRWA sitt sommarprogram.
UNRWA = FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten.

Tenke seg til når ungar får nytte energien sin til å gjere noko fint i lag på denne måten - lage ei positiv palestinsk verdsnyheit saman - slikt skapar sjølvkjensle for gode samfunnsbyggande faktorar også -

Fleire gongar i dag har eg støytt på dette sitatet av C.S. Lewis  ”You cannot make men good by law and without good men you cannot have a good society".

I Jeriko er det to flyktningeleirar der UNRWA spelar ei viktig rolle, flyktningleiren Aqbat Jaber - 3 km søraust for Jeriko
og flyktningleiren Ein el-Sultan ved foten av Fristelsens fjell – 1 kilometer frå Jeriko.


Og så må eg gjenfortelje det Ole i NRKSF fortel - det er ikkje fleire villmenn i Lærdal !

- og i denne artikkelen frå BT vert i den augneblinken eg lenkjer den,  Sognefjellet brukt som stadnamn på Åsen på Frønningen (ikkje alle fjell i Sogn er Sognefjellet!!!) - det eine store fjellet på Frønningen er Bleia  - (fann ei fin beskriving og bilete av tur på Bleia her) - og journalisten kallar staden Rønningen  - reknar med at einkvan endrar det til Frønningen etterkvart...
Journalisten bør inviterast av ALR - dei kan ha mykje å hente på nærmarkedet!

Som om det ikkje er nok med viktige utdrag frå særs aktuelle media!!! : Det er vakre kyr i Naustdal , det er forsåvidt ikkje noko nytt - eg veit at det har det no alltid vore heilt sidan NRF-kyra Rosa kom til Fimlandsgrenda i fjern fortid - men no altså royale kalvar!
- er ikkje heilt klar for å tru at Bestefar meinte at Rosa var dronninga i flokken - nei, det ville vel vere majestetsfornærming å rekne.

onsdag 28. juli 2010

Skulle ha vore så mange stadar - er heime på sofaen

biletet er lånt frå www. smp.no

Han hin er reist til ein god heim i Sunnfjord for å vere støttekontakt for eldstemann på motorsykkel, medan eg er sjuk og heimeverande.
Det er lov å drive øvelseskøyring på veg, der eleven køyrer fremst åleine med intercom og øvingslærar bakom med "L" på ryggen!
Eg sydde "L" til han hin i går - og laga det same til Thomas i Sunnfjord i dag. Då er begge litt tryggare - dei er litt meir synlege - og det gjev eit signal til resten av trafikken at dei må vise omsyn.

Eg fann denne fine som starten på læreplan for føreropplæring klasse A1 og A (lett og tung motorsykkel)

Om å veilede
”….at man,
når det i sannhet skal lykkes en
å føre et menneske et bestemt sted hen,
først og fremst må passe på å finne ham
der hvor hen er,
og begynne der."
Søren Kierkegaard

Andre stadar ein godt kunne ha vore, er på Giske der denne flygekua er symbolet for Sommarfestivalen!

Han som gjerne bestyrer reiselivet i Indre Sogn er lite nøgd over marknadsføringa av Verdsarvfjorden, - og så les eg denne skildringa av høysanking i Mari sin blogg - den fortel andre og særs viktige sider ved livet ved Verdsarvfjorden!

tirsdag 27. juli 2010

Litt MC-sikkerheit for Thomas og dei....



Vi planlegg ein sunnfjordstur - som inkluderer litt MC-opplæring,
han hin trur ikkje at han bør sitje bakpå ein 125 kubikkar som lærar - men har funne ut at han kan køyre bakom med intercom!

Eg syr reversibel pynt til refleksvesten frå Biltema - sjekk borrelås i rett farge + refleksband og satinband og rett sytrådfarge frå Stoff og stil!


















mandag 26. juli 2010

Byhandel -

Biltema , Clas Ohlson, Kappahl, Truck&Trailer Industry, Stoff og Stil, Staples - dyktige til å få unnagjort viktige planlagde kjøp, når listene er klare - og så finn ein alltids litt til -
Vi fann tildømes ei vakker gåve til Ingrid på Staples og A3-kopipapir, dessutan vart vi vist vidare til Truck&Trailer Industry av kundehandsamarar på andre buer som visste betre då han hin leita etter nye speglar til den 25 år gamle Iseki'en - det var butikk med hyggeleg kundeservice - det var mannebutikk med stil !!!
På heimvegen via Voss - sært ettermiddagslys gjennom/mellom skyene.

søndag 25. juli 2010

Fjellsiden - Sandviken - Herdla og nørst i Øygarden

Vi hadde ein lang frukost.
I årevis har vi planlagt å køyre MC på øyane utforbi Bergen, - på tide å verkeleggjere - skulle berre innom Bystudenten ein tur først. Vi stolte på GPS'en som valde ein litt utradisjonell veg. Vegen hadde vore spanande med MC, men ikkje med stor raud kassebil!
Ein av naboane til denne døra hadde parkert slik at det var naturleg å rygge opp til neste hårnålsving - manglande koordinering mellom sjåfør og trafikkassistent/skribent førte til at han hin køyrde på blomsterkrukka som sto til høgre for trappehella.
Vi skreiv beklagelseslapp med namn og nummer og putta i postkassa, - og lovde å kome attende med ny krukke neste dag. På veg utover til havet var det naturlegvis søndagsopne blomsterbutikkar - der fann vi både fine krukkesett og blomster til vertinna i Vognstølen
Siste etappe på søndagsturen vart å plante om frå den knuste krukka til den nye blå. Krukka til venstre var knust av ein kvan annan - så vi sette krukke nr to på trappa til huseigar. Vi la ny lapp i postkassa, og vel heime i Vognstølen kom takke-sms frå huseigaren. Krukkene hadde vorte knust fleire gongar medan ho hadde budd der - og ho syntest visst vi hadde gjort meir enn opp for oss,- i motsetning til andre uheldige sjåførar! Vi hadde også eit ærend til ein hekkeeigar på Askøy - han hadde fått låne ei hekkesaks av Storebror. Han tipsa oss om raspeballmiddagen på Herdlevågen Gjestehus.
Det vart ein søndagsmiddag som heldt lenge, vi enda opp med å handle fleire boksar Ben&Jerry's is på Holbergsplass i by'n, før vi tinga kaffi og melde vår ankomst attende til verandaen i Vognstølen. Inderleg godt med så mykje stor himmel og stort hav!

lørdag 24. juli 2010

Eikedalen til frukost og Vognstølen til natt

Frå verandaen i Vognstølen etter nydeleg middag på Zupperia i Nordahl Brunsgate, dessert på Yr i Marken 32 og avrunding hjå Dyvekes i Hollendergaten.
Av dei tidlege hendingane i Eikedalen var tekstmeldingar frå slike som har tidleg leveranse av BT. Bystudenten var på side 12 og 13 ,- så naturlegvis kjøpte vi papiravisa når vi kom tilbake til sivilisasjonen!





Hytta i Eikedalen var ein triveleg stad å vere, gangsti som delvis går gjennom myr eller frakt via båt med batterimotor.
Vi feira eigaren sin 40-års dag på hytta på fjellet for 10 år sidan. No når han har stige i gradene frå firmahytte til eiga hytte, er vimpel til flaggstanga den mest naturlege 50års presangen!
Med litt hjelp frå velviljuge naboar kan det verte lettare for Hytteeigaren å vere Konge på Haugen også i framtida,-  han yngste å kjøpe seg inn i privatveg frå austsida - håper han lukkast!
Den batteridrivne båtmotoren var kul! Utan lyd! 













fredag 23. juli 2010

Praktfull sommarsdag - ein fin dag for det meste!









Skulle alltids gjort litt meir - det er sol og det er ferie - og vi trekkjer pusten litt fredelegare - PEF målingane er sikkert bra...
Gode meldingar i dag - Elvi verkar frisk - gyroen er vekke - grunneigarlaget vil klokeleg vente til det er fisk i Elvi før dei slepp fiskarane til, - denne eine av to Dronningar - for å sitere HMK Harald - hadde berre 73 laksar i fjor.

Fin konsert - gler meg til å høyre fortsetjinga i Jeriko i oktober! Har teke mange bilete og han hin tok video av heile konserten - men det får verte til etter helga!
No har eg gjort det beste ut av bileta - ikkje ein god fotodag!
Framleis sit denne rare kjensla av å nikke gjenkjennande til tradisjonsmusikk ein har høyrt så mange gonger før, ende opp som palestinsk/arabisk tradisjonsmusikk  utan at ein er heilt sikker på kor overgangen var! - Tom meinte at 3 dagars samspel ikkje kvalifiserte til å kalle dette konsert - eg gler meg til fortsetjinga i Jeriko i oktober!







torsdag 22. juli 2010

Sola skin, - ikkje Hardangertur i dag - fordi det vert konsert i Kvammegården i morgon klokka 17!

Vatnet fløymer over sånn elles i landet, her har vasspøylene allereie byrja å forsvinne! Statens Vegvesen har fått oppdatert lenkja si frå NVE flomvarsel - den gamle var slutta å verke for 1 1/2 år sidan, - no funkar den også, godt det - slike dagar!

I Kvammegården vert det truleg ein spontankonsert med musikarane som skal til Jeriko i oktober og ein palestinsk musikar Jamil Sayeh som fekk visum i siste liten,- slik at han rakk dei hine som hadde øvingsveke denne veka!
Først meldt som truleg i morgon føremiddag  - det vert likevel litt seinare ut på dagen  - men stendig meir info å hente på http://www.jericholaerdal.org/ etterkvart!

- og slik var det sist gong det var ein konsert utanom den ordinære konsertplanen på onsdagane i Kvammegården!

Wikipedia primstaven fortel det er Mari stol, magdalidagen eller magdalimesse på denne dagen. Primstavmerka er ei krone med kors og eit beger.

onsdag 21. juli 2010

Livet i Ø27

Vaskar andre vaskemaskina - mange fleire ventar - kva skulle vi ha gjort utan tørketrommel?!
Brownies og 3 korger jordbær klar til feriebesøk på veg heim til den vakre dalen i Sunnfjord!
Har også fleire ringar av kransekaka og store mengder is i frysen - om andre har udekka kosbehov i desse regntunge sommarsdagane - vi er ikkje på MC-tur...
Mellomskrift: No har sunnfjordingane sett kor flinke vi er i gjenbruk er i Indre Sogn - dei har besiktiga bygget (bilde 4&5) der taksteinen frå huset deira skal få eit nytt og tørrare liv!
Etterskrift: uendelege mengder regnvatn - vi har planar om å ta Hardanger og Bergenstur med bil i helga, ikkje MC - synest framleis det ser ut til å vere fare for ras litt for mange plassar!

tirsdag 20. juli 2010

Ei arbeidssom veke i Provincen - greitt det viser at vi har vore her!

Vi har begge hatt eit muskeloppbyggande opphald - det har vore lite sauming, - det vert vel dagar etter dette... Såpass ujamnt i ver og vermeldingar, at nokre vinduskarmar må vente til neste gong.
I dag har det vore yr eller regn mesteparten av dagen - ikkje noko godt teikn i følge wikipedia primstaven  for det er Marit Vassause, Margretemesse eller Mari(t)messe og primstavmerka for dagen er eit hjul, eit sverd, ei drage, ei bok, bokstaven «M»og eit kors med glorie.
Elles er krompen 37 år i dag!

Vi kjem til å ha zenkveld i Lærdal !

mandag 19. juli 2010

Roen senker seg...

Bystudenten og bystudinen/trønderpia har reist attende til storbyen med bybåten -
vi gamle ryddar opp...
Han hin er mannen med ljåen - og ordnar det han ikkje rakk med traktor før helga. Kaker med og utan gluten er komne i frysen. Der har vi også samla opp stort nytt lager av Feios-is!
Eg lagar kantar på blomsterbeda med all stein som er til overs - det er ikkje det at eg trur eg lagar nye steingardar, - eg meir fortset linjene...

søndag 18. juli 2010

Ein fin dag i Provincen

Eg bur ikkje lenger saman med ein kar i tredveåra, - det er i grunn greitt!
Vi feirar relativt pent og pynteleg,  - og det er såpass mykje oppvask at det hadde vore greitt med oppvaskmaskin, - men ikkje så mykje at det hadde vore greiast med papptallerkenar...
Hyggeleg med gjester frå meir sentrale strok i Sogn - og etter det vi ser er fleire som hadde god grunn til å reise tidleg frå Provincen og støtte sine heltar - det går rette vegen for Sogndal mot Follo!
Ein fin dag - der vi kunne sitje ute på terrassen frå kaffien av, - tok ikkje sjansen på buffetmat i yr...

fredag 16. juli 2010

Gruuusomt mykje grus i 3 lastebillass - no er dei jamna med jorda!

Potetene steikjer i omnen - han hin er på Vikøyri for å hente bystudentane på bybåten, - avbuda rullar inn - så det vert rikeleg med mat i veka som kjem.
Fin ferie -!
Ferdig med å få ut over grusen - og det er nydeleg - hadde det vore litt tørrare i veret - hadde det vore nymåla vindu - kunne ha vore fint det og!

torsdag 15. juli 2010

På spa-opphald i Provincen

Det er så mangt han hin vil ha gjort medan han er i 30åra! I relativt lang tid har 3 store gruslass venta på å verte det ein kan kalle jamna med jorda! Det greie hadde vore å nytta ein traktor med frontlastar seier han hin, - den gamle Isekien og vi to ordnar det mellom regnbygene innan gjestene byrjar å kome.
Det er berre to halve gruslass som no står at og ventar på ei siste økt..., - så vi rekk det - eg og han hin og Isekien med skuffe bakpå!
Vi kan også forsikre gjester om at vasstrykket er attende til det det var før klokka 6.35 i dag - for då fann vasspumpa ut at den også trong litt service, - det naturlege trykket er litt lite på desse kantar. Rørleggaren skulle ikkje på ferie før i morgon, så det gjekk heilt greitt. Med ein liten reservedel og litt arbeid, var dette klart relativt tidleg på dagen.
Vi var på Vikøyri for å få ordna litt nødvendig utstyr, etterfylle med litt andre matvarer enn det dei har på bui i Osen - og ein tur innom blomsterbui og naturlegvis på ostebaren for å nyte eit grovt rugbrødstykke med 3 store skiver fersk gamalost dandert med rømme og tytebær...

onsdag 14. juli 2010

ingenting er betre enn å teste kor fordomsfri ein er...

Sola er vakker her ute i Provincen! Tidleg oppe fordi traktorservicemannen frå hi sida av fjellet skulle kome.
Prøver å rydde blomsterbeda fri for ugras, før det var vi godt i gang med å få spreidd dei store grushaugane ut over tunet med traktor, grafse og jernrive, for traktorservicemannen kom aldri!
Servicepersonen var naturlegvis ei lita tynn dame! Nei, bondeyrket er ikkje det det eingong var...
Held på med å bake opp eit lager av glutenfri kakemat, lønsjen på terassen inneheldt browniesmuffins og lyse muffins med store mengder 70% sjokolade-bitar - nesten bortimot sunt,- spør du meg . Måtte innrømme at det ikkje er kvar dag vi har heimelaga muffins her i provincen heller...

tirsdag 13. juli 2010

Skodda ligg nesten ner'i hårgarden - det er godt feriever -

Får ordna så mangt når det er fint nok ver til å vere ute og fint nok ver til å vere inne...
Lang fredeleg føremiddag, jaudå - vi trur framleis at ferien varer evig...
Kjem heilt sikkert til å sy i dag - og bake litt kake for frysaren også!
Sit og filosoferer over at det har vorte for lite søppel i Årdal, då tenkjer ein gjerne at det er bra - for gjenvinningsfirmaet er det tydlegvis ikkje! Kunne ha tyda på at årdølene har vorte flinkare og laga mindre søppel pr person,- men det er vel på bedriftsnivå dei største endringane i leveransar har kome. Får tru at det vert tenlege tenester på det området att, etter kvart!
Dette er ei sak i kategori med at Årdal ikkje lenger er på toppen i bruk av pengar på Norsk Tipping pr veke, - det går attende med årdalssamfunnet - mindre søppel og mindre til tipping!
Skulle nokon ha ynskje om å sjå Fridtjofspelet på Vangsnes og vitje oss samstundes, så tek vi ansvar og er nok på Målrock på Årdalstangen! Nemi i dag er lånt frå bt.no!

Han hin køyrer traktoren med beitepussaren bakpå og knuser graset slik at det går attende til naturen...
Traktorservicemannen kjem over fjellet for å sjå om traktoren i morgon - då er det greitt at alt traktorarbeidet er ferdig...
Har baka muffins - og gjort klart til fleskepannekaker til middag, dei skal berre steikast ferdig når han hin er komen oppatt i tunet. Det er nok bondekjerring ein skulle ha vore - tenkje seg til alt ein hadde fått gjort då...!!!

I ettertid har eg kome over Norges største grasklippar - ikkje noko for Iseki'en det!

mandag 12. juli 2010

med hug til å sjå opnare himmel og større sjø -

og ha rikeleg tid til viktige ting og vi vel den fergefrie varianten til Provincen denne gongen! Det er mange som ikkje har funne ut at det om sommaren er eit fergefritt alternativ allereie mellom Bergen og Trondheim via Lærdal og Turtagrø - om enn ikkje for alle køyrety og sjåførar -

Har nokon sett desse i handelen?
og Porten fortel at no kjem det litt Lærdalsjordbær også!

Etterskrift: Det gjorde godt å gå berrføtt her ute i Provincen og drikke eit godt glas terrassevin, før regndropane fann oss.
Vi hadde ein fin tur via kina-uterestauranten og Narvesen på Voss - over Vikafjellet - store utbedringar på gang - inntil 1 times stogg fram til 15.juli - men dei er ferdige for dagen klokka 20.00
Vi åt softis og hadde ein fin spasertur på kaia på Vikøyri - det er sanneleg lenge sidan vikjene gjorde ein god jobb på vedlikehald av det gamle strandsitjarmiljøet og skilting direkte på fasaden i "tradisjonell" stil har dei visst forlate som ide forlengst, eller berre veit dei ikkje om det kanskje - og den nye fasaden mot fjorden på kommunehusII ser interessant ut, - førebels ikkje med positivt forteikn kanskje...
Firda melder om at det trengs aksjonering mot dårleg skilting - vere med på å finne Norges dårlegaste vegskilt ? -  ingen dum ide, spesielt no når vi alle er endå meir på farta i område der vi treng skilt som verkar!

Vermeldingane tyder på at det vert innedag i morgon, - kakebaking og litt førebuingar til helga og litt sauming - det står ikkje på - i tillegg lese ferdig Morgen i Jenin - og mangt anna godt lesestoff, - nei - det står ikkje på!

søndag 11. juli 2010

Eplemøya songlag i Kvammegården søndagskvelden

Eplemøya songlag gledde oss i kveld på utescena i Kvammegården - ein dag med eit heller ustabilt verlag, heitt og vindfyllt! - Ei samansett helg med mykje prat og mange uplanlagde treff  - ikkje slik den var tenkt - gjorde ikkje noko det heller...
men den opprinnelege planen var å innleie med ein konsert med Vazelina bilopphøggers...

Har lånt bileta av han hin som hadde kameraet med seg.

Kjenner verknadane av sommaren - mannar meg opp til å vere budd på å teste PEF-verdien i 4 veker med mindre innhalert medisin enn ellers - har gått opp før meg at det vert i allerverste perioden...

Det har vore viktige fotballkampar i kveld - for Sogndal var det greitt å vinne 2-5 over Bryne, medan Spania sleit hardt og lenge for å vinne over Nederland.

fredag 9. juli 2010

Pollensliten og heimeverande - ferie frå i ettermiddag.

Astmaen er tilstades slike vakre dagar - sjukemelding og fredeleg heimeverande...

Fann Fjellkua på postkort hjå Ann Granlund - må visst ta ein Ålandstur ein vakker dag og gå på bui SALT, reiseminnebutikkar kan vere så mangt!

Om tre månader er det dagen før dagen i Jeriko - arbeider med orientering til dei hine som skal vere med - og verdsvevsida til Vennskap Jeriko - Lærdal. Deter 36 grader varmt der i dag.

Ein fin dag for å sitje på trappa med sunn lønsj og eit kaffiglas og kike på turistane!
- så eg låner endå eit bilete på Flickr som har vore publisert siste dagane.

Etter(lønsj)skrift: Hadde ein hyggeleg prat under lønsjen med godt vaksne turistar frå Dokka som hadde kome over Sognefjellet og Turtagrø til Øvre Årdal . Til si store glede slapp dei å køyre over fjellet for å kome til Lærdal, men kunne køyre langs fjorden!  Vegen frå Fodnes var ikkje innteikna på kartet deira, - det har skjedd litt i dei siste 20 åra på samferdsleområdet sånn rundt om kring her også...

Han hin snakka om å oppdatere GPS'en sin i går kveld - i eit slikt perspektiv, er eg ikkje sikker på om vi treng det når eg ser verda slik dei gjer det på  Land!

Sein-etterskrift: Har hatt vitjing av slekt på gjennomreise austanifrå til den fagre dalen midt i fylket - 3 korger jordbær i den store stettaskåla med kesam vanilje til.
Jau, den aller første smaken av jordbær er spesielt god - og endå betre når det er så seint på sommaren! Allerbest vert det når ein sit i bakhagen og kan snakke om viktige ting i livet som gode jordbær og overnattingsplassar i Lærdal!

Tante og Onkel hadde vore innom hjå vener på Gol og kom med ei gåve til meg derifrå - ei aldeles rykande fersk bok signert av Runar : Ting talar - "ei uhøgtideleg bok frå Hallingdal om tingas eiga historie" - Line Sandvik og Runar Foss Larsen, utgiven av Hallingdølen  - og den er fole fin! I fjor var fotoutstillinga Ting til Ulf Palm - vist på Gamle-Kiwi, museumsfoto frå Nordfjord.  Det er ein slik ting på kvar side - i tillegg talar tingen gjennom teksten som fortel om den konkrete tingen og historie rundt eller sett i ein samanheng,- retteleg så ei bok for meg!

I kveld starta syklistane som for egen motor syklar Jotunheimen rundt! - og desse karane kom først fram!

mandag 5. juli 2010

om 5 dagar er det ferie...

Frykteleg tidleg start på jobb og tidleg ferdig også ,- mykje sterk vind - men regnet kom aldri...
Kornbønder frå Østfold var innom på kake, is og kaffi - greitt å bu slik til at det passar med ein stogg som er noko anna enn oppgradering av ferdselsåra, - for både folk og dyr på veg mellom heim og feriebustaden i den fagre dagen midt i fylket.

Testa middagsbuffet'en hjå naboen i dag - kan ikkje anna enn tilrå den på det varmaste - startar klokka 19 og held på til 21!
Oppmerksome kelnarar ryddar kjapt og med eit smil,- kjøkkenpersonalet heldt buffeten ryddig...
mykje godt i fisk - og likt&ulikt tilbehør...
Av det mest eksotiske - marinerte små terningar av kvalkjøt - uventa stort utval av kaker - gode kaker!

Hadde ein fin spasertur i nabolaget - fleire av naboane skiftar tak i desse dagar - kos å vere turist i nabolaget...

men vi hadde framleis hatt trong for eit slikt eit! - eller noko litt enklare

søndag 4. juli 2010

Lukka er å ha kontroll på sykkelen - og vere beskytta mot dei største farane...

Når eg køyrer til Erdal mot den gamle fergestaden Revsnes til Vindedal, - er eg glad for andre vegar, tunnelar&Fodnes! Der er det mange spor etter ras - resultata etter ras vert ikkje fjerna eller reparert så fort på sånne vegar...
Strekninga utanfor busetnaden frå Erdal til Vindedal har såpass lite trafikk at ein kan finne balansen og kontrollen over sykkelen, utan for mange andre trafikantar...
og ein kan øve på unnamanøvreringar og bremsing og denslags - såkalla rustfjerning for dei som syntest dei kunne det ein gong før - i fjor eller noko slikt...
På veg ut over køyrde han hin eit godt stykke bak meg på sykkelen sin - han hindra bilen bak der han "låg" i venstre hjulspor om det kan seiast at det er er det på ein såpass smal veg - då køyrer du midt i vegen...

Den barske 4-hjulsdrivne bilen som nådde oss igjen hadde ikkje høve til å køyre forbi han hin og stresse opp meg - som dreiv og leita fram køyretryggheita på MC'en framfor! Sjåføren innsåg at han likegodt kunne vente litt til før han køyrde over Aurlandsfjellet - kanskje han skulle opp og sjå på den nye utkiks- og kunstprosjektet og finne roen...

Kneet greidde godt å vere på MCsykkeltur - så eg trur kanskje på litt rundturar i fylket likevel - i feeerien.....

Kvelden før stogga lensmannsbetjentar ungdomar som køyrde med passasjer på mopeden. Eg er glad for at dei visar at dei ser dei...
I tettstaden ser ein fleire eldre damer som synest det er tryggare å sykle på Bui, enn å gå på glatta om vinteren  - og ungane syklar åleine på vegen, lenge før det tilrådde 10årsbelet.
Eg ser mange ungdomar som er van med å sykle med hendene i lomma, - då er balansen i orden!
Ungdomar på 16 og bittelitt har kanskje betre kontroll enn eg trur, på laurdagskvelden hadde dei hjelmar - synest det er verst når dei er utan hjelm - lettkledd hud er ikkje så beskytta heller...

Viktig å få testa grensene - tilogmed for MCjenter i vaksen alder - utryggheit er dumt på ein grøn halvstor Honda shadow også...