søndag 27. juni 2010

Fred på landet

Einaste støykjelde er Reiseradioen,- og ein kor sjeldan gong ein traktor som startar opp!
Seglbåten som måtte gå på motor i heftig motvind i går - eller ein som likna,- låg i lang tid ved Grinde i håp om å finne nok eller litt vind...
I veka som kjem skal eg sy - fleire gongar - skal ikkje starte på noko nytt - men gjere ferdig - og drøyme om å bruke litt av stofflageret mitt seinare i sommar...
Les at politiet har hatt det travelt i fylket i natt - dei rakk visst ikkje alt dei heller -
og at Gjerland og Følling meinar at lojaliteten til innbyggjarane i Sunnfjord sine behov bør telje meir - sanneleg gode signal å gje i desse nominasjonstider -
Det forbausar meg at desse midtresunnfjordingane ikkje skjønar seg på resten av innhaldet i sentralisering.
Kan ikkje anna enn filosofere vidare kring historia om dei tre jentene som skulle dele ei litt for smal seng - ho i midten minna dei på at dei berre måtte pakke dyna godt rundt seg - det var ikkje så farleg med henne...

Etterskrift - ugras er noko herk... - men du verda så greitt det er når jobben er gjort - vakkert ver og opne dører og glas - tilogmed myggen har funne vegen inn på kjøkkenet -
det er godt med ei langhelg i provincen...

lørdag 26. juni 2010

Lang laurdag i provincen

Vi rakk ikkje middag på Herman i gårkveld på Leikanger - ope til 01.00 - men matservering "berre" til 21.00!
Litt snurtne for vi vidare 21.05 og ordna ein bondeomelett og nysteikte baguettar til seinkvelds etter at bilen var tømt og det grøvste utpakka.
Regnet kom attende etter at vi vel var komne i hus! Det har vore ein vindfyllt morgon og føremiddag, men no er vi utkvilde og klare for å gå ut i sola og vere litt bønder. Det er godt å vere langt ute i provincen, relativt stor blå himmel med litt lysekvite skyer, bølgene på fjorden har roa seg ned - minst to cruiseskip har fare innover og målaren på kjøkkenvinduet viser 20 grader varmt!
Har site og filosofert over politisk avmakt og praktisk bruk av makt og veit at manglande truverdigheit og forklaringsproblem er å finne bak mange dører no tildags, også innanfor utviklinga av ein ny sjukehusstruktur.
Verda kallar!

Han hin har vore flink bonde - eg har gledd meg meir over livet og freden -!
No ventar grillen og nye Lærdalspoteter -!
Sidan Ole Johannes Ø. ikkje er her, kan vi snakka skikkeleg om poteter, politikarar og Palestina - men også om plommepung, septiktankar og ugrasbekjempelse og feiring av 90årsdag med rømmegraut og spekemat - tru om det hadde kome gjester til Provincen då ...

På veg ut i Osen for å vitje folk med stor uteplass og fjordutsikt i går kveld, fann vi ut at det er måsereir i nærleiken av vegen ovom skulen - stor angrepsvilje frå heile storfamilien. Har alltid likt Odd Børretzen sin  "jeg hater måker" - har dei siste åra funne ut at det er matinga av måsene eg set minst pris på - fordi dei då vert stadbundne...

Sidan det var snakk om Jeriko - må eg legge ut denne fine Jerikovideoen

fredag 25. juni 2010

tek helg i provincen...

Ikkje anna enn å innrømme at Nemi (lånt frå http://www.bt.no/) forstår meg - og kan artikulere det eg som oftast held kjeft om....!
Måtte heile verda ha ei fin helg - alternativt i fredeleg forståing med størst mogeleg del av omverda!  




torsdag 24. juni 2010

Berre frykteleg trøtt og sliten, - vi står han av - betre det enn å aldri strekke langt nok!

På grillen ligg pakkar med torsk&laks og kosar seg. Bystudenten lagar salat og ris - og han hin er og ser etter om bålplassen frå i går framleis er vakker og ryddig. Han har gått brannvakt i natt - alt vel i så måte...
Bystudenten vil til hovedlandsbyen og vi bør førebu ei helg i provincen - men det vert etterpå...
Det er sumar - og eit halvår til julaftan -
Etterskrift - godt å sove middag på benken under open himmel - vakna tidsnok før naboen sine gjester og ettermiddagsregnet kom!
Set uendeleg pris på synleggjering av problematikken kva har vi - kva vil vi ha - kva får vi lov til å meine noko om...!
Aller siste etterskrift er å slenge på lenkja til Du sa jo ja!!!

onsdag 23. juni 2010

Jonsokaftan på hi sida av pøyla for Løyntnantsbrygga

Trykk her og sjå korleis bålet såg ut i fjor, - vinden avgjer når bålet vert tendt - men grillane er varme frå 1900.
Det første biletet av jonsokbålet er eit eg tok - eit stykke utpå kvelden 2010, - det nederste biletet er teke av han hin medan det framleis er full fyr i pallehaugen - og lav seinkveldsol!
Jonsokbål er dugnad - og slik såg Slinningsbålet  i Dagbladet ut då dei sette fyr på det 25.juni 2010!og her er Sunnmørsposten sin artikkel om det same!

 


tirsdag 22. juni 2010

Dagen innimellom -

Dagen for oppattrydding - middagskvild og litt sauming... I morgon er det jonsokbål ved pøyla på hi sida av Løyntnantsbrygga - mogeleg at det vert andre år på rad utan regn -!
Det er bjørnejegarar på laust i kommunen - with a licence to kill...
Det er motbør på HelseFørde vedtak - i helga kom Fylkeslaget i SV sitt forslag - i dag krev Liv Signe at HelseFørde vedtaket vert overprøvd - og årdølene har kremta sterkt... og alle undrar seg over det berekraftige tiltaket til HelseFørde - sende maten som returlast med ambulansane som må køyre tomt heimatt - eller var det ikkje heilt slik...
Folkebevegelsen for lokalsjukehusa var naturlegvis samstemte i helga,- og aurlendingane har bestemt seg for å la vere å freiste få ned alt laust fjell... - og førdianarane har nettopp funne ut at dei burde hatt lengre stigar på brannbilane sine - og Øberg har funne ut at det kan ende med katastrofe for stigane rekk berre til 3.høgdi - høyrest gjennomteknt ut, det!
På Leikanger likar dei at bålet er stort og vidt, medan ålesundarane strekkje seg litt høgare - verdsrekorden er naturleg mål!
Samferdselsministeren opna designdoen på Linge - sånn i forbifarten i dag på veg til å opne dette hotellet i Valldal - men helseministaren er med på opninga av bybanen i byn - her er prøveturen - det er visst sumar!

mandag 21. juni 2010

Sommarsolkverv klokka 11.28 - det går mot mørkare tider!

Sola skin - fuglane syng - og eg er tidleg vaken.
Wikipedia fortel at det er Sommersolkverv - rett dag å nyte sola på!
Dette er årets Lærdalsmarknadsku - ei bruktku. Det er av dei største eg har av denne typen kyr. Eg har berre 9 mjølkemuggekyr, - men har to par som er tvillingar, difor berre 7 sortar.

søndag 20. juni 2010

Marknadssøndagen

Knallblå himmel - litt rørsle i bjørkelauvet hjå naboen - men ikkje verre enn at eg trur på godt ver...
Ein typisk dag då ein om morgonen kjenner seg som ein lightversjon av Tordenskiold sine soldatar fordi ein skal vere tilstades så mange plassar samstundes, - og i kveld fortel beina fortel heilt sikkert at noko lightversjon, er eg iallefall ikkje...

Også denne marknadssøndagen har eg tenkt å delta i gudstenesta i Kvammegården.

Etterskrift: Helene prest og hennar medhjelparar laga ei fin stund med himmelen som tak og eit kafebord som altar - som ho plar seie!
Vakkert pynta med fine tekstilar og kyrkjelysestakar og døypefonten frå Hauge kyrkje - og reklamebanneret til Lærdal energi som bakteppe på utescena - berre vent, vakkert og nydeleg!

Etterpå rakk vi kuleis frå Feios is og ein bitteliten runde før eg var i Gamlebakeriet til marknaden var over.
Lærdal bygdekvinnelag brukar i følge heftet deira ca 1 dl semulegryn pr liter rømmegraut - 16 kilo semulegryn vart for lite denne helga - det seier litt om mengdene bygdekvinnene i Lærdal produserer  - og det er mange ulike serveringstilbod under marknaden - så det har vore litt folk på Øyri desse dagane!
No er alle marknadsbodene plassert ved montørstasjonen - freden senkar seg - sola skin - gjestene våre ser fotballkamp.
Etterpå var det teogkaffivitjing av nokon som berre tilfeldigvis kom forbi i rett augneblink, - fint det - å bu slik til at to damer som kjende kvarandre for 60 år sidan kan dele felles minner...

lørdag 19. juni 2010

Marknadslaurdag

Solstrålane har allereie funne seg veg gjennom skyene for å fortelje at det vert ein rimeleg bra dag...
Det er den 29. Lærdalsmarknaden i nyare tid - og den 24.speletreffen - og enkelte av musikarane i Longhorn som spela frå scena i går kveld er forlengst vorte bestefedre - og når dei spelar "Sumar i Lærdal" kan dei fleste lokale tilhøyrarane teksten uansett alder -
Marita Vangen Bratteteig som fekk kulturstipendet i går, er 22 og har ei lang rekkje gongar også stått på scena i Kvammegården. Bidraga frå barn og unge i Kulturskulen og ulike skuleprosjekt er viktige, det er  fint også å sjå kor dei utviklar seg over tid. Linedance har også vorte ein tradisjon i fredagsprogrammet - Ottar Wik snakka vent og vakkert om berekraft!
Etterskrift - Det har vore hardt å vere i vinden i dag - min kamp med å halde "fylkesbåtanet-skjurtene" på salsbordet har vore hard! Veret har vore fint - men Marknadsnemndsbordet står akkurat der vinden finn sin veg inn Øyragata - middagskvilda var svært nødvendig i kveld!

fredag 18. juni 2010

Marknaden opnar 18.00

LÆRDALSMARKNADEN 2010!
Berekraft!
Dei mest ivrige selgarane har flytta inn forlengst!
Dei varmaste ynskje for ei god helg for alle!

Mellomskrift:
Marknaden er i gang - bystudentane sit i busskø - og ein times forseinka på veg til Arna...!
Mor og Far kom også med bussen, framleis ledige sengar!
Har kjøpt FylkesbåtTskjUrte og ein fin voven løpar frå Ulvik, fekk låne med meg løparen over gata og inn til spisestova. Etterpå vart vevaren med heilt inn for å sjå at ho gjerne må lage dei ein meter lengre - om ho kjem att!
Har gått opptoget - og fått lufta luggen av ein del vind frå vest i havet - nokre regndropar har gjort til at støvet vert bunde, det vart ikkje verre. Innom heimen for eit lite kaffiglas og kvile ryggen!
På vegen bortatt skjøna eg at ei mjølkemuggeku måtte få seg ein ny trygg heim!

Scena funkar godt, og då lydmixaren fann bassknappen, vart det endå betre - ikkje spesielt heit sommarskveld. Grei start.

torsdag 17. juni 2010

Høyrt meg på radioen i det siste - ikkje eg heller....

Vart intervjua på føremiddagen i dag, kanskje det ikkje skulle sendast i dag - kanskje det er i morgon! Det gjer noko med ein når journalistar ringer og seier at du skal på radioen...
Det vert litt styr - eg har ikkje vaska huset til marknads - men det er no ikkje noko nytt...
Det luktar godt av grønsåpe i Eldhuset - og det skal ikkje vere ope i morgon kveld, berre laurdag og søndag!
Mykje kommunikative nyhende på Porten som liggande trailer på Ljøsne  og spanande kunstprosjekt på vegen over fjellet til Aurland - medan presentasjonsutstillinga vert hjå naboen.
Andre viktige kulturelle uttrykk med eit ikkje altfor utvida kulturbegrep, vart beskrive i Sogn avis i går  - staute karar frå Dalen!
Her er marknadsavisa for årets Lærdalsmarknad! 
 - ein øyredobb eg kjøpte på Rørosmarknaden - vanskeleg å ta bilete av!
Wikipediaprimstaven fortel det er Botolfsmesse, botsok og primstavmerke som er nytta er ein bispestav og eit kors.

onsdag 16. juni 2010

Onsdagstankar

Neste veke skal eg sy nokre slike som Mona har laga etter mønster frå siste nummer av Quiltemagasinet det som kom sist veke... - det er så mange som burde ha fått ei slik med blomar av meg...
Skulle ein ha nokon til overs så er det jo berre å levere dei på Eldhuset for sal til Haustmarknaden...
det var det å skulle rekke stendig meir  - er ganske dyktig i å prokastinere - prestasjonsangst kan slå inn - men meir fri fritid hadde gjort seg - må visst rydde der...
Noko eg MÅ gjere før jobb i dag, er å ta eit nytt bilete av Kvammegården med den nye scena og Eldhuset - slik at eg får oppdatert bilete på verdsvevsida til husflidslaget før dagen er over!

Etterskrift- Den nye scena var ikkje heilt ferdigstilt, det er mange timar til starten på Lærdalsmarknaden klokka 18 på fredag!
Det mest er i rute i Marknadsnemndi også - sjølv om det er programendringar denne gongen men er veret bra, - har vi det greitt uansett!
Difor har husflidslaget eit ekstra stort bilete øverst på verdsvevsida - slik at endringane er ekstra synlege - får vente til over helga med å legge nye skikkelege bilete av Eldhuset med utescena.
Kvelden avslutta med jobbgrillfest i Hedler!

tirsdag 15. juni 2010

Kortveke - slik vekene før marknaden alltid er...

                                                   
Det vart ein god dag for tomme høgvyrdige tankar! 
Det er snart Lærdalsmarknad - og vermeldingane er ikkje lenger av dei stødige...
Likar verkeleg ikkje! -
dansekua frå museet var den rette i dag - det er ei tja kan det heite - strikkmarionette -  bevegar seg etter kor ein trykker på botn av boksen den står på.
Det vert teke spektakulære bilete i Gudvangen og ho Clara synleggjer korleis ein med bruk av barneoppdraging kan få folk til å reise langt til kjøpesenter i staden for å nytte lokalbutikken.

Har allereie starta planlegginga av neste veke også - då vert det iallefall sauming - endå eit teppe trengs for lotteriverksemd...
Kan ikkje skjøne at eg ikkje jobba hardare for AFP ved 50, iallefall for oss pollensjuke....!

mandag 14. juni 2010

Blåmåndag!

Dårlege meldingar for sjukehuset!
Artikkel - Sogn avis
Artikkel - Nrk FØRDE
Artikkel - Firda
Artikkel - Porten
Artikkel - Nrk Sogn og Fjordane
Verdsvevsida til Forsvar Lærdal sjukehus

søndag 13. juni 2010

Ein heller normalt travel søndag

Ein arbeidsdag med utsikt til siste sykkelløpet denne helga - ikkje spesielt tenleg å verte forblingra på den måten... - Porten sin omtale av søndagen - Det var Toms Skujins vann dette rittet og tre tidlegare - så han vann ein overlegen fyrsteplass for heile helga
Etter jobb var det møteførebuingar, før vi åt årets første rabarbrapai i hagebesøk. Tenkjer stendig at ein skulle hatt ei rabarbrarot, men det er litt sytalaust å få det servert.
Møte med vidare planlegging for turen i oktober - og så var klokka nesten midnatt -
og då var visst helga over.
Vart litt mjuk i sjela etter å ha sett merkelappen på den første av bloggane til Miranne i dag - årdølene har vore retteleg flinke over lang tid å kviltar til barneavdelinga på Haukeland.

lørdag 12. juni 2010

Våt laurdag

Har nett sjekka yr.no - der er denne verradaren for Sør-Norge og naturlegvis er det utsnittet som er der nett no ikkje det same som nårsom helst det vert lest, - men yr.no fortel iallefall at mitt regnver er "lett"!
Kjensla av regnet vert naturlegvis styrkt av at regnskodde ligg ned i "hårgarden"! Den trykkande kjensla frå fredagsettermiddagen, gjer det naturlegvis ikkje betre.
Har hatt gleda av å kose meg med det ferske Quiltemagasinet, - av dei fine artiklane er ein presentasjon av Nina Lise Moen, med bloggen Mrs Moen, ein blogg eg har gleda meg over lenge!
Fekk så inderleg lyst til å lage ein kvilt med uttrykk!
Samstundes vert eg minna på at eg har godt igangsette kviltar som slike fine kom-i-gang-og-sy-restetepper artiklar som dei av Julie Kvamme, Tove Fevang og Magda Imregh, kan få meg i gang med ferdiggjering igjen...
Det er arbeidsdag - og sykkeldag - men det treng ikkje å regne så mykje...
Etter jobb og før løpet rakk vi ein tur på Kvammes og fekk testa kakedisken - kan verte greitt å ha ein kakedisk i nærleiken også! Nytt vertskap på Kvammes, opna i dag!
Det gjekk bra med sykkelløpet - vi naut heile opplevinga på 1 time og 45 minutt - til Diplom yoghurt-karamell og -brownies - og salte peanøtter...
Skulle kome attende med lenkjer til alle sportsjournalistar som var her for å dekke løpet. Det er sumar i Lærdal og naturlegvis var det ein latviar som var mest uthaldande, denne gongen Bekmanis!
Romøren i Sogn avis fortel at det var latvisk vinnar i striregnet opp til Holsbru i går på Årdal Criterium - Skujins. På temporittet i føremiddag var det to nordmenn som greidde seg best, Stensaker ni sekund betre enn Fordal på andreplass!
Det er greitt med litt nærleik til sportsarrangementa for oss som ikkje finn det naudsynt å følge med på fotballVM, - endå.
Men som apropos til alle matgledene det har vore blogga om - laurdagens Nemi frå bt.no måtte berre lånast:

fredag 11. juni 2010

Klassiske Lærdal - for 26.gong!

På føremiddagen i morgon er det temporitt på RV5/E16, - på ettermiddagen er det 60 rundar Klassiske Lærdal -Øyraplassen-Øyragata-Grandanevegen-Øyraplassen, for alle som berre skal gjennom kommunen vår eller berre på KIWI betyr det litt styr...
Når ein bur så sentralt som vi gjer i denne samanhengen - både Kiwi, arbeidsplass, bustad og eigen gangrett til nyopna kafe innanfor denne sirkelen - så har ein det greitt ein laurdag etter arbeidstid...
Eg skal sitje på benken på gatetrappa og berre nyte - og ta litt bilete naturlegvis, - bør vel kanskje ha kyradrikkeflaska mi med ut då! Neste helg er det Lærdalsmarknad - då er travelt på ein heilt annan måte!

Eg kan jo alltids la det gå innover meg at det er WWKIP-dag  Verdas strikk-offentleg-dag i morgon - ikkje måte på kva ein kan få gjort berre ein sit still nok! - Nrk har også har oppdaga at det vert drive internettstrikking og forsking på denslags, les artikkelen som hjå Nrk er definert som krysningspunktet mellom underhaldning og kultur!


Til høgre er putetrekket Fjällko med blåa blommor - eit av produkta til kunsthandverkaren  Ann Granlund - det vert truleg ikkje butikkrunde i Mariehamn på Åland denne sommaren heller -
det må vere vakre draumar på ei slik hovudpute!
Dagen i dag vert ikkje huska for at fotballVM starta.


torsdag 10. juni 2010

Brannalarmen har gått -

desse trådlase brannvarslarane som alle dei vel 170 bygningane innanfor Verneområdet har minst ein av - verkar veldig, veldig godt!

Det er eit greitt system med å melde av når det ikkje er nokon skjellig grunn til alarm, - men når den då ikkje let seg koble ut på 4 forsøk - så er det like greitt å ringe direkte til 110! Operatøren der hadde fått og fekk inn fleire tilsvarande meldingar - så det var kanskje berre eit varsel om at i dag har vi så absolutt passert 25+grader, sjølv om det er overskya!


elles av dei festlege oppslaga i dag - må denne frå Nrk om Helse-Førde om planlegging og sannsynlegheitsbekrekning framhevast 





onsdag 9. juni 2010

Fridag utan morgonkaffi!

Vassnettet i nabolaget treng som tidlegare avbilda ei lita oppjustering! Når vi no har fått brannvarslingsanlegg som går direkte til alarmsentralen i Florø, så er det greitt at det finst vatn til å sløkkje med også! Vi fekk varsel i postkassa i går om at vatnet vart vekke, så vi var budd med vassreservar i både vasskokar og muggar med lok - men så tok dei straumen også, - før vasskokaren var sett i gong!
No er freden gjenoppretta - første føremiddagskaffiglas er drukke - verda er vakker - og eg har visst ikkje lenger trong om å sitje gjerandslaus på gatetrappa...

Via Twitter fekk eg oppfordring om å sjå denne videoen med Roger Waters - We Shall Overcome som oppfordring til å få slutt på blokaden av Gaza - ta deg drygt 5 minutt og sjå den!

Cup'en - gjett kven som ikkje berre slo Molde - men knuste Molde; - sjekk Sogn avis! og denne og denne frå Nrk.

Det var eit uplanlagt straumbrot i dag, oppmerkinga på straumledninga tvers over grusplassen i Kvammegården bomma med ein meter i følge rykta.

I dag var også første etappe i Norsk Syklefestival - Fagernes-Lærdal. 3 timar 18 minutt og 15 sekund var det Toms Skujins frå Rietuma Delfin Latvia trong av tid over fjellet! - sjå Porten sin reportasje.
Har hatt ein liten runde i nabolaget - etter ein runde på gartneriet, - ein liten biletserie:


1 Gravemaskina i Kvammegården med Eldhuset, Gamlebakeriet og Kvammes
2 Porten i bakhagen til Husumhuset har vorte kopiert i vinter - i dag var den nye på plass!
3 Taket over scenegolvet på utescena i Kvammegården er på plass - litt arbeid står att - dei vert nok ferdige til Marknads!

4 Framhagen i det gule huset til venstre, Sjøstrand, og bakhagen i det same huset er alltid vakker - ho har betre hand om blomane sine enn dei fleste av oss hine - også Fjøreknappen!
Holet i taket på Lindstrømnaustet - det høgaste taket bak det lysegrå huset, skulle forlengst hatt litt kjærleik og omtanke..
5 Denne gongen ei tysk bussgruppe på spasertur i gågata. Turistkontoret og reiselivsutstilling i det rosa til venstre, Kristen Olav sitt galleri rett fram, med Kvammes kafe som opnar på nytt denne helga med nye eigarar i det raude bygget bak og Ellen Ørnes sin butikk til høgre.
6 Den opne porten inn til hagen til Helvik-huset/Ouren-huset gjorde det ekstra lokkande å gå inn og kike!


Wikipedia  primstaven fortel at det er Kolumbamesse eller Kolbjørn med laksen.  Primstavmerket for dagen er ein fisk.

tirsdag 8. juni 2010

Taffelmusikk til kveldskaffien -

 tidleg i juni - er det igrunnen ganske greitt!
Fleire års erfaring gjev oss etterkvart relativt raskt ide om kva land som er representert i nærleiken av pianisten hjå naboen - nokre turistgrupper er også svært syngeviljuge, - andre kveldar er det musikk for den einskilde personen.

I august, i ein god sommar, er vi dritlei repertoaret. Ein stand-in ved tangentane er alltid velkommen, - det vert ein del gjentakingar...

Framleis med tanke på fjorårssommaren - det er enklare å godta same repertoar på musikken enn så tette repetisjonar på regnver, at vi nesten gløymer at vi kan ha taffelmusikk sånn på det jamne til kveldskaffien - eller vinglaset for den del...


I dag sov vi middag på kvar sin benk i bakhagen - Ingrid sitt heklateppe er fotografert av fleire hjå naboen - vi får vere observante på nye bilete på Flickr!
Hyggeleg kaffi-og-is-vitjing i dag også, - denne gongen litt meir langvegsfarande og altfor sjelden!

Wikipedia primstaven fortel det er Medardus og Gilardus, og primstavmerket for dagen er ein fiskekrok.

mandag 7. juni 2010

Attende til kvardagen

Framleis kjensla av sommar - myggen beit då vi sat i bakhagen og testa ut Diplom-Is sin nye is!
Skulle forresten vore oftare i Sunnfjord!

søndag 6. juni 2010

Søndag med vestavind

Heftig med pollen slike dagar, og verre skal det verte når yr.no melder om mykje pollen og for nokre fargar!
Himmelen er lyseblå med kvitgråblå dis i himmelsjå.
Leikanger og Hermannsverk er traust og grønt og grågrønt og brungrønt med nok lyse fasadar til perlekjedelinjer -.
Sognefjorden er blåturkis - ein farge som ikkje ser ut til å vere ekte - minner om gamle dagars reklameplakatar frå Fjordnorge, der fargen ikkje toler sollys...
Denne sida lysgrønestriper på ekrene etter at det grøne graset og alle sommarengblomane er vekke...
All vinden gjer til at alle dei ulike bladfargane på trea viser seg fram samstundes...
Tek med kameraet på veg til vidare blomsterbedarbeid.
Etterskrift: Det vert seine natta før han hin er ferdig med sprøyting - no ein time før midnatt er det bortimot vindstille. Eg får gjere ferdig huset for avreise i morgon tidleg!
Sidan det eigentleg går mest i eple her ute i provincen - sjekk denne eplebileteserien på Flickr.
Dei to nederste bileta er tekne like før midnatt.

lørdag 5. juni 2010

Junilaurdag i sommarsol

Vaknar til ein ny dag saman med eit teglas ved kjøkkenbordet med utsikt til heile fjorden - sola skin "plagsomt" inn vidauget - eit lett skyddekke som løyser seg opp...
Ein lengre arbeidsdag ventar - det kjem nok til å vise etter oss i dag - så lenge DET varer...
Utefrukost og planlegging ventar - det er godt på landet...

Ryddar blomsterbed - har steikt amerikanske sjokolademuffins med ekstra kokesjokolade - han har slått med langorv og køyrt traktor med risknusaren som  knusar gras og årsskot frå vegen til sjøkanten - det ser så ryddig ut at... mellomhagen står att til i morgon!
No er grillmaten ferdig - og potetsalaten også...

fredag 4. juni 2010

Melding frå der himmelen og havet er større

Kan stadfeste at biletet har i det minste har vore på laptop'en sidan i fjor!

Graset må slåast, - vi kan ikkje vente til over jonsok, - då veks det forbi epletrea...!
Hagen i Øvre trong plenklypping sist helg.
Eplehagen her ute i Provincen treng ein omgang med traktor og risknusar, det blømer i blomsterbed - men ikkje berre av ugras. Redning- og ryddeaksjon trengs der også,- ikkje det at vi ikkje var budd på at det, - men det er nok arbeid for alle.
Det er inderleg godt at hagen i heimen i sentrale strok har rett storleik!
Vi åt middag hjå Herman på Leikanger, no også på Fjesboki!
Bakt svinefilet og  rotmos og lett forvella purre, brokkoli og asparges.
Til dessert - ein av dei to allermestspanande - rabarbrakake og rabarbrafromasjkake, som vi delte og åt eit halvt kvar - godt det!
Sit berrføtt på terrassen - har funne fram eit bord og to stolar!
Drikk kaffi og et kransekakestenger - høyrer på fuglesang og at naboen tåkesprøyter bringebæra med eit kvart frå traktoren.
Blå himmel og algegrøn fjord - vakkert!

Likar blomar i vinduskarmen - denne fekk vatn i april - og no hadde den blomar klart!



torsdag 3. juni 2010

Rapport frå eit museumsbesøk - og dyriske tankar...

Eit museum kan gjerne vere staden ein stoggar for eit godt måltid og ein fin liten handel! Eg trur eg vil hekle opp mellomverket på overlakenet som låg på ei barneseng og ei lage oppskrift, den kunne dei hatt for sal i museumsbutikken! - trur eg skulle ha spurt dei om det! Det var berre dette biletet der kviltinga på teppet viste.... - så om nokon tek ideen vidare - så får de ta eit betre bilete - men mellomverket vil eg iallefall hekle!
Fann månadens første ku i museumsbutikken, den er frå Scandinavian Bookmarks! Kyrabokmerke, - det er ordet sitt det,- får meg til å tenkje på Os husdyrmerkefabrikk som tilogmed vel å skifte namn til OS ID! Dei må hatt besøk av ein merkevarebyggar som snakka internasjonalisering, - trist det med eit så flott namn! Musèet hadde fleire ulike dyrebokmerke - og naturlegvis for det kjøpesterke publikumet Speri - the cow!
Når ein først er inne på dyr,- skulle hatt ein ny printer! Ein som kan stå framme og berre vere vakker - ein fantastisk leiken LEGO-versjon er å finne på YouTube Horseattack !
Wikipedia primstaven seier det er Rasmusdagen eller skoklefallsdagen og merket for dagen er eit bor!

onsdag 2. juni 2010

med innhalert medisin går alt litt betre...

 det er tungvint med pratejobb når ein er for nær for mange pollen av feil sort!
Fleskepannekake med salat og blåbær og iskake med saus av rabarbra er godt - tilrår onsdagsmiddagsbesøk på museet!

tirsdag 1. juni 2010

Gjere noko stort -

I dag har eg hatt den første verkelege kjensla av heit sommar, - med sånn mange og tjue grader - det kan gjerne regne godt i natt eingong...

Når timane berre forsvinn - og alt ein rekk er berre nesten, - då er det litt greitt å lese ein blogg om noko så lite naturleg som å tenkje på å lage ein kvilt som er 108,8 meter lang av sekskantar eller strikke trekk til hammock'en - eller lage noko så overkommeleg som eitt hovudplagg til nokon på Haukeland sjukehus som treng det.
Slike dagar - som i morgon er eg glad for at stadar som De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum  serverer fleskepannekaker og heimelaga karbonader til middag med heimelaga is og rababratilbehøyr til dessert frå klokka 14-17 - då kan ein også vise kva ein meinar om åtaferda i Gaza, samstundes som ein får levert ein sykkel i Sogndal som kanskje har eit intercomanlegg som tappar sykkelen for straum...




Ei lenkje til KK
Ei lenkje om boikott