onsdag 28. april 2010

Life begins at fifty

Det regnar i by'n, eg har vore nesten berre snill i heile år, - skulle dei vaske byen - så kunne dei ha gjort det før!
Eg tek den gule regncapen på - og møter verda berrføtt i sko, - likevel!

Etterskrift - Mykje vakkert skal tenkjast og seiast og skrivast om restauranten Cornelia på Kjøttbasaren og den islandske servitøren der - vi kan ikkje anna enn tilrå ein femrettars meny! Godt, berre godt!

- og dagen-derpå-etterskrift...

Det er så mykje vatn i skyene her i by'n -
Brunello på svært sein lønsj der Bystudenten allereie hadde gjort seg halvferdig bok - før vi endeleg kom.
Vi småsprang mellom dei store fine buene, og fekk naturlegvis handla med oss forskjellige viktige ting på fleire av dei - til øverst i krysset Vetrlidsallmenningen og Lille Øvregate til ei flaske sprudlevatn til fleire på To Glass - og så vidare til Cornelia - så mykje god smak i små fine porsjonar i godt selskap  - og så på veg heim innom Scruffy Murphys - som i følge han hin er stampub'en vår - iallefall til MCklubben vår - og no har vi begge vore der..

tirsdag 27. april 2010

Klar for nye dagar

Tidleg vaken og klar for det meste. Ein sånn travel rar dag - då mangt skulle ha vore gjort.
Ferdig i 2tida - og attende på jobb på fredag!
Blå himmel og lysekvite skyer - det meste skulle vere servert på fine fat...
Etterskrift: Sit ved spisebordet på Landås - det er stille og fredeleg - og eg tenkjer tomme høgvyrdige tankar om at det snart er ei ny tidsrekning!
Greitt det!

mandag 26. april 2010

Muffins på gang før klokka 8 - og litt til...

                  Har alltid hatt stor beundring for sånne som smell i hop ein perfekt sukkerbotn medan dei tørkar av kjøkkengolvet. I dag har eg ein sånn nesten husmoderleg augneblink. Skulle ha tørka over kjøkkengolvet, - men det får eg gjere etter at muffinsane er ferdige.
Eg skal på ryddedugnad i verneområdet - plukke søppel og rusk etter ein lang vinter. Dugnaden tek til i det eg er ferdig på jobb - og startar med ettermiddagskaffi/te og kaker - og så deler vi det kommunalt tildelte området mellom oss og går på ryddespasertur!
Om litt er muffinsane klare i omnen -  det er vel 2 timar til eg skal på jobb - og eg har eit hav av god tid...
Retteleg så ein god start på veka!
Vi testa ei kaffimaskin på laurdag - vert å rekna som kvantitetstid, vil snart innom Kaffimisjonen!

Etterskrift: Det vart ein laaang dag, no er det visst berre ein halvtime igjen før det vert ny dag - og ein del skrivearbeid står att, før det er natt. Det var ein del søppel å rydde i år også - det høyrer liksom med, - og eigentleg er det ganske triveleg og sosialt å gå nokre timar saman med folk i nabolaget og plukke søppel! Det gjer litt godt å få ein aldri så liten glorie av prektigheit sånn ein gong om året - "har rydda!" . Og naturlegvis vert det dobbel glorie på meg i dag som baka muffins tidleg på morgonen... - Det går fort over...
Det mest utrulege funnet på søppelrunden var ein tannprotese - sånt vert ein naturlegvis funderandes på, - kva har skjedd?!?

Det som absolutt toppar seinkvelden her ved maskina vert denne artikkelen i Firda. Av dei mange nydelege karane som Naustdal har fostra - så er så absolutt Kjartan og Oddvar av dei meir fargerike - om enn på kvar sitt vis!
Eg trur eg dristar meg til og låner biletet av Firda.
Eit framtidig kuprosjekt til Budeia på Sanden i Naustdal.

- og eg smiler breitt med tanke på det kubiletet eg valde for denne dagen for 16 -17 timar sidan - det var godt det ikkje var ei ku blå idag!



 

søndag 25. april 2010

Med sykkel på søndagstur

Det var nysnø laurdagsmorgonen - bjørkelauvet er ikkje utsprotte til 1.mai  i år - likevel kan vel sommarsesongen snart starte. No er også min sykkel frakta frå vinterlagring til heimen, og framleis med hjelp av  ein praktisk rampe og ein stor 2seters bil! Eg likar raude bilar og syklar best - den eg har utan motor er raud - så det får halde førebels.
I nabobygdene ser det ut som om våren er komen bittelitt lengre - det var "nesten" museøyre på bjørka - vi gjorde litt hagearbeid der syklane står vinterlagra og såg at rosene er komne bittelitt lengre enn her - blomsterbedda våre har berre grå-grøn-brune fargar - så her må noko gjerast til 1.maitoget fer forbi!
Wikipediaprimstaven fortel at det er Markusmesse , Markusdagen, og Store gangdag og primstavmerket er blad på en kvist, ein fjærpenn eller ein fugl.


lørdag 24. april 2010

Fraus på Vårfesten 2010 -

- som lettare blåfrosen. Denne kua vart redda frå eit loppe(-kjøt)marked i hovedlandsbyen og skil seg frå dei fleste andre kyrne - dei blå har ein større tendens til å sitje når dei vert utforma, enn i verkelegheita! Sjekk flickrstraumen med "sitjande blå kyr" - i høve til "blå kyr",  denne ser ut til å ete også - det er den aleine om!
Vakna tidleg - såg det snøa - det var ikkje snø på marka når det var stunder til å stå opp - men  langt ned i fjella. Vi åt stor frukost i heimen. Enkelt å innrømme - kvite plastikkstolar frista ikkje i +4grader - så vi testa ikkje frukosten hjå Coop eller Kiwi i dag, men havrekakene som Bygdekvinnelaget delte ut, dei var gode.
Solsikker har vi framleis tru på, - og dei mange fine antrekka på moteframsyninga viste at det er fine klede å få kjøpt i bygda, vi skal nok kunne møte sommaren - når den berre kjem! No er eg endeleg lokka til å vere medlem i Bygdekvinnelaget! Arrangementet gjekk greitt. Åt amerikanske pancakes etterpå, - dei og kanadisk maple sirup fekk opp stemninga...
Tone har sendt over bileta frå Salen på skulen i Øvre, der vi var og såg på namnedukar i vinter...

Dette er eit klasseprosjekt som er plassert på ungdomsskulen i Øvre Årdal - det er merkt med 8AB 2008/2009, dei har tydelegvis vore på prosjektarbeid i Lærdalsøyri og på Borgund. Dei har gjort eit nydeleg godt detaljarbeid på å beskrive vår del av bygda - og stavkyrkja på Borgund. Dei allerfleste av flisene kan eg setje adresse på - vi har brun gatedør...

fredag 23. april 2010

Spaopphald utsett, alternativet: i seng før kl 23.00!

Denne kroppsskrubben er berre pynt på badet i første høgda, naturlegvis kjem den aldri til å verte brukt - den er no altfor fin for det. Anna som tok den med frå Tsjekkia. Eit typisk eksempel på at også kyr kan brukast som salsfremjande tiltak!
Det spøkjer for vårkjenslene - det er mykje snø på vegane lenger vest og altfor mange som har funne det naturleg å køyre med sommardekk.
No i kveld har eg site og høyrt på UKM frå operasalen på Eid, Nrk/sf har sendt direkte på nett, medan eg har jobba ved datamaskina - det gler meg å høyre og sjå så mykje bra (fylkes-) kommunal  ungdomskultur.
No bør det meste vere klart til Vårfesten på Øyri i morgon - det førekjem meg at den vert litt vel vinterinspirert!... No skjønnheitssvevnen!

Eikiepediaprimstaven foretl at det er Jørgensdag, - og primstavmerket er ein kors eller ein hest.

torsdag 22. april 2010

Snart helg - ville helst ha fordobla den frie fritida mi!

rekk to ulike møteaktivitetar i dag også, - snart byrjar Lærdalsmarknadsbloggen også - eg trur eg får arbeide hardt for AFP ved 50... - då kunne eg snart gått i sola berre fordi veret var fint akkurat no - synest det høyrest forlokkandes ut - når skal eg saume når skrivinga tek for mykje tid...
På Vårfesten på Øyri - næringsverksemdene sitt arrangement - førstkomade laurdag kan ein ete frukost hjå både Coop og Kiwi frå klokka 10-12
Frå klokka 11 er det strikkekafe i Eldhuset, Grendalaget deler ut solsikkefrø og jiffybrikettar - det vert presentasjon av klede frå dei ulike klesforretningane frå klokka 12 og i tillegg vert Øyri ein møteplass for 600 turnarar - jauda våren snik seg inn denne helga...

onsdag 21. april 2010

Møteveker...

Når ein er medlem av forskjellig lag og organisasjonar hopar det seg opp i enkelte periodar, ein del aktivitetar i frivillige lag er naturleg knytt opp mot marknader, faste aktivitetar som årsmøte og sesongavslutningar. Det er ei slik møteplanleggingsveke no - neste veke også - men då ynskjer eg å vere litt meir fråverande...
Det var dette med den frie fritida då, - det vert ei prioriteringssak - men det er mangt eg ikkje ynskjer å prioritere vekk...
Det eine møte omhandla verdsvevsida til Jerikolaget, som organisasjonen Vennskap Jeriko-Lærdal også vert kalla. Heile husstanden ser fram til å reise komande haust - eg ser fram til å kunne dele desse opplevingane med dei hine.
Å vere med og bidra i formidlinga er fint, - sjølv når det er ikkje gjort på dei mest profesjonelle måtane. Det kan vere ein måte å beskrive slike tilfeldige band som veks fram berre fordi eit formannskap såg at det også er stor likskap mellom desse to kommunane - vatn og sand - jordbruk og turisme...
Eg tenkjer framleis på utstillinga i 1998 - Frå ørkensand til elvegrand - under same himmel.
Og eignaluten av ein biletserie som Jens Hauge gjorde den lokale versjonen av som viser ein postmann, ein bonde, ein skuleelev, ein ordførar, ein lærar, ambulansesjåfør osv frå begge kommunane.

tirsdag 20. april 2010

Snart sykkeltur

Denne vesle figuren vart handla i Traben Trarbach i Moseldalen for nokre år sidan. Vi var på ein tur via Sandefjord lufthamn Torp med Ryanair og Nor-way Bussekspress og Torpekspressen - og naturlegvis fann eg den kua! Sitjande på ein raud scooter - med sparebøssefunksjon - sikkert 30 cm høg - naturlegvis det heilt rette for ein kvan som likar raude bilar og raude syklar, med løyve men utan eigen sykkel! Eg makta ikkje risikoprosjektet med å freiste få den store figuren med meg heim, - eit av substitutta var altså denne coole kyra. - ( og det vart MC etterkvart, men grøn... )
Enkelte av MCsyklistane i Sogn har hatt ei alternativ tidtrøyte 1.mai - den såkalla rustløysinga på flystripa på Haukåsen. Eit tiltak som har vore arrangert av trafikkstasjonen og motorsykkelklubbar og andre gode krefter for at ein skal få øve innatt motorsykkelferdigheiter etter ein lang vinter...
I dag har han hin MCsjåføren i heimen funne ut at rustløysinga er overført til Førde og flyplassen i Gaular 15.mai. Det vert langt å køyre, men dette får vere av dei gode tiltak vi er glade for å dele med sunnfjordingar og nordfjordingar  - det er behov for det, fordi ein treng også å manøvre rett tidleg i sesongen. Det er stor forskjell i kor synleg ein er på ein MC og i ein stor raud 2 seters kassebil... Blei trist no nett når eg les denne artikkelen på bt.no. Moralen i dag vert difor: Ver budd på å sjå oss etter vegen!
Det vart visst ekstra viktig å låne denne Nemstripa frå bt.no, også!

mandag 19. april 2010

- har fått heklateppe!

Fann denne på ein av dei norske kvilteverdsvevbuene - berre ganske enkelt måtte ha - den er ganske tung - og står til kvardags i eit av spisestueglasa og berre viser seg fram for dei som tilfeldigvis går forbi..
Kua har teppe med åttebladroser og ramme med blomsterrankar- blomstervasar og fleire rankar på sokkelen - ein god ide til eit nytt teppe.
Det kjennest greitt at det byrjar å verte "sesong" - hjå naboen har fjorårsnaboane byrja å kome igjen. - det er greitt å verte minna på at våren er rundt hjørnet - ein fin kveldstur - det er jo plussgrader - men litt for få...
Til helga er det vårfest og turnstemne i bygda og strikkekafe på Eldhuset!
Eg har forlengst skrive at i måndagsbloggen så skal bilete av det fine nye teppet mitt vere med - har ikkje vore heilt nøgd med biletet av teppet -!
Prøver på nytt no - Ingrid har funne fargar i stova - det berre må vere der det også - ikkje sant...





søndag 18. april 2010

Drit i å danse - på showpakketur i by'n!

Deilig å sitje og drikke te på eit hjørnerom oppe i høgda (høiden) på Hotel Norge - utsikt over Torvallmenningen/Fjellsiden og vite at frukosten er open til 11.00
Mellomskrift - ferdig med frukost - sola skin, og vi skal gå og finne raud 2-seter i Bygarasjen og køyre på kaffibesøk hjå Bystudenten og Ingrid!

Etterskrift - Sola skein fint heilt til vi sat i Bygarasjen, då kom haglskura - og så gjekk det over til snø - vi åt Ben&Jerry's is og drakk kaffi - og eg fekk det fine teppet hjå Ingrid som ho har hekla. Legg ut eit fint bilete i måndagsbloggen!
Var noko uroleg for vermeldingane - men den verkelege snøen kom ikkje før i natt - så vi reiste heimatt i sømeleg tid - og sovna straks vi var heime!
Det er bra vi også skippa dansinga, og i staden avrunda kvelden/natta på eit utpakningsrom på hotellet - dei finst framleis - stort rom med sovealkove, langs veggar var det rikeleg med hyller og benkar som selgarar/engrosfirma nyttar når dei presenterer neste års kolleksjon av eit kvart - og midt på golvet ei sitjegruppe med utvidingsmogelegheiter og røykeveranda - sosialt og kollegialt!
Når først hotellet hadde for få enkeltrom - var det greitt å gje slike rom til større grupper fra provincen...
Det var relativt fullt på hotellet i helga, ein del sat oskefast og kom seg ikkje vidare - og så var vi ein del i frå "nærområdet" på bergenhelg.no





lørdag 17. april 2010

Bylaurdag på Høiden, gatelangs og bryggelangs.

Lang sein frukost med utsikt hjå Kari - pøsandes regnver, byen var rimeleg reinvaska då vi reiste til byen for å sjekka inn på hotellet, medan andre for til andre fine buer i Åsane.

Vi drakk kaffi og åt kake på Brunello og venta på Bystudenten i øsande regn...
Naturlegvis trong han også ein kaffikopp - han hadde ikkje slått opp paraplyen - så veret hadde snudd medan vi venta!

Vi gjekk tur - Studentsenteret i Parkveien er ikkje det same som det var - har nesten ikkje hatt lyst til å sjå det nye bygget...
Det var der - på ein TV på Grillen eg såg Brå brekke staven! - mange studentarlaurdagar på 80-talet! og Nattjazzen fram til dei flytta på Verftet! - allverdens gleder og sorger knytt til det bygget! Bystudenten - draumeungen med dei go'aste søvnvanane,- sov i vogna si på gangen til det store auditoriet og vakna når off.adm.studentmora hadde fått seg ein kaffi på kantina etter førelesing...
No har ulike studentmedia og organisasjonar utsikta ein før hadde frå kantina og Grillen...
Vi var naturlegvis innom studentradioen - og gamle trakter rundt på Høiden og via Jonas Reinsgate og Nygårdsgata -
Tenke seg til endringane på denne gata som også var vår - frå hovudåre til fredeleg bytun... - Her vart petiten i jobbavisa skriven om at det skulle vere fest hjå naboen - om all oppjusteringa som skjedde før den første internasjonale Grand prix - sanneleg mangt som skjedde på 8o-talet..
Vi åt pizza til lønsj på Cafe Spesial på Vektertorget - mørkt lokale,god mat og heilt naturleg fullt!- og så var det litt bryggelangs også...

På Ole Bull Scene venta Marit Voldsæter på oss, - ja vi lo og koste oss...
kombinasjonen av dei ulike figurane hennar, musikarane og scena var heilt fin..
Etterpå ein god, men ikkje vidare varm 2-rettars på hotellet - og i staden for ut på bylivet brukte mange av oss kvelden til å vere sosiale kollegarer - ein fin og lang dag!

















fredag 16. april 2010

I dobbeltrom hjå Kari

Det har vore svært hyggeleg å få reiseminne frå vener på tur ute i den store verda -
desse kom frå Nederland med Kari! Enkelte i venekrinsen har litt større radius på slikt - Kari er så absolutt av dei som har vore både på breie avenyar og stiar i jungelen - tanken på utsikta frå verandaen på Landås gjev bykjensle sånn litt på avstand - det er godt der!

og så må eg berre lenkje til nokre gode tankar i "Livet i Lønnetunet" - med to kaffi -!

Wikipediaprimstaven fortel at det er Magnusmesse , primstavmerka for dagen er ei pil, øks eller eit halv kors. Elles er dagen kjent som tredjedag sommar.

torsdag 15. april 2010

Kortreiste kyr

Fasinerande å høyre på nyhende ein dag då luftrommet er stengd i heile landet, og varsla tyder på at det iallefall vert slik dei næraste dagane og i tillegg potensiell transportstreik: Det er høgare beredskap i det meste av landet, sidan helikopter ikkje kan nyttast til sjuketransport . I Sogn og Fjordane er det ikkje høgare enn vanleg seier dei på NRKsf fordi dei er van med så høg beredskap i.e., det er så vanleg at det er problem for ambulansetrafikken i lufta...  Men det er høgt trykk på buss og tog. Oska øydelegg flya. Det er altså ikkje siktproblematikk som stoggar lufttrafikken på våre kantar - denne gongen.
Mediastudentane frå vidaregåande i Sogndal er på ein av flyplassane som har London i namnet,- Gatwick. For 4 år sidan vart studentane stogga av skodde,- men då var det London Airport Stansted og i følge Bystudenten såg det komfortabelt ut på bilete i 2010  - dei har jo tilogmed stolar!
Slike dagar får fram i mediabiletet at folk har så mange grunnar for reiser...
Yr.no har andre illustrasjonar enn vanleg!
Asken skal ikkje vere farleg å puste inn for slike som har tungt for det ,-som meg.
Viktig difor at det ein kortreist illustrasjon, kva er vel meir kortreist enn ein heimelaga løpar  - det er ei stund sidan den vart ferdig - utan at eg huskar når, men laga til det forrige spisebordet...
Kyramotiva er tekne frå kjøkkenhanddukar i bomull/linblanding - enten var desse kjøpte i Traben Trarbach i Moseldalen eller så var det nokre kvite kjøkkenhanddukar som var det, -dei var kanskje ikkje så kortreiste likevel - mnehei -  kanskje dei vart kjøpte på Princess eller liknande på Sogningen for "årevis sidan" - lagervare! Eg nytta lysekvite bomullsstoff i skeiv tømmerkoie/log cabin mønster  og kvilta tett.
Spisebordet vert nytta kvar dag - og då er det greiast at slike løparar er verkeleg vaskbare - vert vaska på 60 grader og tørka i tørketrommel. Greiast slik!

Viktig å finne publikum heime i alle typer media - ikkje høyrer eg på p3 og ikkje ser eg Paradise Hotel, men Sylvfest likar eg.

onsdag 14. april 2010

Sommarmål!

Kua og kalven har truleg halde seg på Nedste Øyri ei stund, - stod og venta på å verte tekne vare på, på eit loft for nokre år sidan.

Skulle du vere i tvil - den er her - i dag startar sommaren! -sommarmål-
Vi starta på sommarsida av den tosidige primstaven i dag!
Wikipedia fortel også at denne dagen var flyttedagen fram til 1.verdskrig, ute i provincerne som indre Sunnmøre heldt det iallefall ei stund lengre. Flyttedagen var altså dagen der tenestefolk skifta arbeidsgjevar. Far vaks opp inne i Bygda, - nokre kilometer langs fjorden sør for tettstaden Sløgstad, - skulehuset var første bygning nordover langs vegen frå Olagarden - så han var nok ikkje til Sløgstads sånn utan ærend -. Far fortel at ein framleis i hans oppvekst, -  han var t.d. 15 år i 1946, - så stod ein på kaia og kika på dei nye tausene som kom med fjordabåten på dei to flyttedagane i april og oktober.
Ute i provincerne, heldt altså tradisjonane seg noko lengre. I mi leiting etter eit vakkert bilete av Bygda på nettet - fann eg desse bileta på fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal - Farmor i Bygda på husmorskule på Ørsta - i 1910 - bak til venstre! Ho og Farfar gifta seg i 1911 - så her er ho framleis ei av tausene frå Klokkargarden på Ringstad. Romsdals amts husmorskule opna 18.april 1910, så ho gjekk der retteleg så i ei nybrotstid! På biletet under av halvparten av dei tjue første jentene på husmorskulen, er ho tredje frå venstre bak.
Det sler meg at Bystudenten ikkje er ulik...



Eg fann ikkje bilde frå Olagarden - her er eit bilde teke frå Kjølås halvveges frå Sløgstad i retning Bygda - og "min" del av Bygda er altså den vika som går inn omtrent halvveges i biletet - vakkert må vite! Neset som stikk ut er Uksneset, inn bak det går Sunnylvsfjorden som også går vidare til Geiranger...Verdsarvområde der også... Fjorden mot vestre bildekant går vidare til Norddal/Valldal og Tafjord...
- berre for å feire sommaren... dette har eg lånt av Svein Lunde.








Wikipedia si beskriving av 14. april Sommermål,vårblot, sommerdag, sommernatt og primstavmerka er eit lauvtre eller ei grein.

tirsdag 13. april 2010

Har køyrt MC idag - i skjørt og småsko...

det er heilt sant, - i passasjersetet på den lekre raude 2-seteren, med MC'en til han hin bak i lasterommet. MC'en manglar litt straum, så den må på sørvis på distriktsmedisinsksenter i Sogndal - og det skal 2-setaren også,- men berre til Kaupangerskogen. Det er no så greitt når ein kan få gjort fleire ting samstundes. Eg var med for å vere med og skubbe MC'en opp køyrerampen på bilen - slik at han hin fekk plassert MC'en skikkeleg, før den vart surra fast - så eg var skikkeleg hang-around-babe...
Det eg HAR køyrt i dag er elektrisk bil, - er jo sjukemeldt,- den måtte flyttast litt medan vi heldt på - så no har eg budd meg! Det er nydeleg fint ver - skulle ha vore ute og ordna blomsterbed og pynta rundt heimen - vermeldingane fortel at det snur til eit meir vinterleg vårver - så det gjer ingenting å vente ei veke til...  På Fjesboki si presenterte Du store Alpakka denne månadens butikk - Tjorven på Majorstua - dei har 200 garnkvaliteter!! - og så liten plass at om ikkje ein garnsort sel -"så ryker den rett ut". For 5 år sidan var snittalderen 50 år ( altså eldre damer! LOL!!!), - no definerer eigaren til Tjorven snittalderen til rundt 35, og mange 20–30-åringar som starter opp for første gang, - fint det...
Når ein har ein butikk så sentralt i ved Majorstua stasjon/Majorstukrysset - treng ein ikkje klage på manglande kundegrunnlag! Men kundane må vite om butikken og ha bruk for den, - har liksom ei formeining om at desse damene greier å få kundane til å tru at dei er viktige!
Ein annan måte å vere tilstades for kundane sine er måten Strikkeglede i Hemsedal - gjer det på. Dei har vore marknadsdeltakarar i fleire år - har open butikk 1 time per veke - ellers etter avtale. Dette er måten dei to damene kan tilby spanande varer til kundane sine i butikken, på messer eller på nett. Eg har fleire garnøste frå butikken deira - og eit ferdigprodukt - ei strikkaku!


mandag 12. april 2010

Kjøkkenvindu

Har to kjøkkenvindu - dette er det med minst utsikt - men med relativ mykje innsikt...
Gata mellom bygningane vert vel nesten å rekne som ei geil, - avstanden var stor nok den 25.juni 1968, då nabobygningen - eit flott sveitserhotellbygning brann. Då vart dette huset redda av at det var heilt prikkandes vindstillt og eit brannsegl som dekka austveggen, - fint det!
Dei ligg endå tettare mange av bygningane her på Øyri, det er ein av årsakane til at det no er montert eit trådlaust nett av brannalarmar i fleire etasjar i alle bygg, også dei mange uthusa - innanfor Verneområdet - så snart veit dei på vaktsentralen i Florø, når eg brasar i grytene..
Interessant å sjå at arbeidet som er lagd ned i brannsikring av verneområdet har medført at Lærdal kommune har også fått finansiert med stor hjelp frå Uni og Riksantikvaren ekstraordinært utstyr som kan nyttast i heile kommunen,- det forsvinn stundom i slike leiaromtalar...
Halve året er det ein del fotgjengarar i denne gata også, difor må kappa vere tett! Elles er eg nok mest oppteken av at mest mogeleg lys skal sleppe inn. Det gjeng stendig opp for meg at nokre hundre kyr ikkje er for mykje å rekne, iallefall ikkje om ein ser på det BT legg i Bergensrekordar som 4000 teikneserierelaterte ting og eg har framleis færre enn 10 kyranøkkelhankar, i motsetning til han på Vallaheiene i by'n som har 1000!
Vi har fleire gongar sydd saman eit 2-etasjers juletre. Vi har rett nok ein relativt stor 2-seters bil, men den er ikkje lang nok til å frakte einebuskar frå Sprakehagen i 4-5metersklassen, eller høgda frå golv første etasje til tak i andreetasje. I ein krok i taket i trappeoppgangen, festar vi ei lenkje og i den har vi "sydd"/knytt fast einebusker og -greiner slik at det ser ut som ein stor einebusk, pynta med lyslenkjer og småstillt juletrepynt - kvifor skriv eg om dette - jau fordi enkelte syr saman ein synteziser - sjekk denne!  "Syntjuntans agenda är att stimulera kvinnors nyfikenhet på teknik och elektronik, uppmuntra dem till att själva bygga instrument och ta för sig mer av experimenterandet och lusten kring görandet och musiken." - det er bra!

Eg får ikkje til lysbildevisning av kuregisteret mitt på Flickr, - d kjem nok...

søndag 11. april 2010

Kuregister...

Eg har eg hatt ein samla plan om å ta bilde av alle kyrne mine, - legg eg ut eit bilde kvar dag av dei eg har i det eine kjøkkenvinduet - då held eg på til jonsok - berre med det eine kjøkkenvinduet - i det andre har eg berre ei ku....
Det er også ymse kyr i kjøkkenhandkleskuffa - det er ikkje alle som vart løpar på spisebordet, og muggane som er for store til vinduskarmen og på badet, og i andre vindu og på veggar og sånn litt rundt forbi.
Har funne ut at eg kanskje kan starte med dei som er parvis -

Eg har drukke cappucino på benken på gatetrappa, så lenge sola skein var det heilt fint -
I vinter har isolasjonsevna til dei heildekkande kvilta teppa framfor gatedøra vore særs viktige - no er dei fjerna - og vi reknar med at våren er komen...
Eg er forkjøla og puslete - ikkje i spesielt bra form...

Då er fotografering av kyr - heilt rett!

lørdag 10. april 2010

Gjennopplever sterke hendingar frå i fjor!

Sit ved skrivebordet på biblioteket som vanleg -  det er føremiddag på ein dato etter 1.april!

SOLA skin på Podl-Hilda-huset, og gjenskinet er så sterkt at eg bør ha solbriller ved datamaskina...
Ja uff så frykteleg, skulle tru det var nok å vere skikkeleg syltandes forkjøla!

Det er ei stor glede å sutre over for sterkt sollys - hadde det vore viktig kunne eg nytta laptop'en ein kvan annan stad i huset...

fredag 9. april 2010

Ny dag - nye mogelegheiter...

Ikkje det eg har for lite å gjere på - det er fridag før arbeidshelg og då har eg vanlegvis ein del oppsparte større prosjekt eg burde ha teke fatt på...
Eg har nett oppdaga ein fin tittel eg kan nytte istaden for verdsvevkjerring,- eg freista få Norges husflidslag til å bruke den tittelen i registeret deira - det fungerer som "kode" som gjev meg høve til å skrive på våre lokale sider hjå NH.
Nettansvarleg som dei nyttar er liksom så fjernt - det nye ordet frå Twitter er nettskreddar. Eg har vitterlegen mine 2 år på Kjole og draktsaum på 70-talet, - også omtala som 2/3 skreddar...
Veving, - derimot er noko eg veit eg ikkje kan, - det einaste sjølvlaga frå start til slutt var eit skjerf i gult/oransje/raudt på mellomtrinnet på Ringstad skule i fjern fortid...

Det eg skulle skrive om derimot var strikking av fine skjerf - Magfly skriv at ho skulle i på strikkekafeen til husflidslaget på Eid for å vise fram teknikken stjernestrikk - og via hennar omtale fann eg Pickles si oppskrift - nei, eg har ikkje tid til å gjere dette no.
 Jorunn hadde ein spanande strikk med seg på aktivitetskvelden i Eldhuset i går - ein teknikk som Inga hadde lært på sin arbeidsplass - spanande teknikkar og fine arbeidsmåtar har ein tendens til å vandre slik - som trådar i ein verdsvev...

Har henta posten - der låg prenie frå julekalenderen til Samlaget - fint det!

Etterskrift - nett no på tidleg ettermiddag sit eg og veit at alle har bruk og plass for ein bamse! - Magfly kvitra om den - går ut frå at ho har laga den!
Wikipedia si opplisting av dagen i dag.

torsdag 8. april 2010

- det passar aldri å vere sjuk -

Forkjøla i oppstarten av pollensesongen, - det er tungt det!
Har ikkje nett ein arbeidsplass der eg kan sitje stilt og fredeleg i ein krok - eg må jo snakke også...
Drikk te med honning frå Jeriko, - og har tru på at eg skal ha med honning og appelsinmarmelade frå Jeriko i oktober i år også.
Honningen frå Lærdal er av ypparleg kvalitet -, men den har ikkje like stor trøst&kos&godeminner-effekt!
Ute i den store verda er det sjukehusdebatt - eg gledde meg over Bente på Hauge og Mads G. frå Gaza&Tromsø på tv'en - eg er glad at nokon stiller spørsmål til dei val som vert gjort på vegne av oss - eg er glad det er andre politikarar som går inn og definerer nærleik enn Clara og Harry frå HelseF.

onsdag 7. april 2010

Ny tur til Jeriko - legg planar for 10.10.2010

Naboen har innlosjert årets første bussgruppe og gleda over atter å sjå lys i hotellromma er stor - svært stor. Det er sommar!

Vi har vore med og tenkt litt vidare på ny reise til Jeriko -
feiringa av 10 000-årsjubileet skal pr.def. føregå 10.10.2010 kl 10.00 -
vi i Ø27 har planar om å delta.

- no også ein annan tråd i verdsveven: Vennskap Jeriko - Lærdal !

tirsdag 6. april 2010

Svigerdatterproblematikk, - tidsklemma er ikkje over om ungane er passert 20...

Det er alltid vanskeleg å ikkje strekke til - eg lurer litt på når eg skal verte ferdig med å kvilte teppet til Ingrid - håpar framleis sterkt at eg kan ta det med til by'n om 10 dagars tid...

I den såkalla "stille uke" - (får liksom ikkje til omgrepet - den stille veka -) hadde vi det heilt vanleg travelt - alternativt fekk enkelte av oss ikkje unna det vi godt kunne ha tenkt oss å få gjort...

Men denne kua fekk eg altså av Ingrid - eg ser eg skulle ha teke eit finare bilete! Eg måtte berre ha denne som starten på å få vist fram nokre av dei mange fine kyrne som eg har. Det er nemleg fleire som ser nytta i å ha eit kuregister! Den allersiste er altså frå Ingrid - tausa som eg meiner helst skulle ha vore vestlending av logistiske omsyn, - det tek si tid å kome seg til Nord Trøndelag om ein skal vere grei og vitje slekta på vegen og ikkje berre ta fly..., - men ho scorar særs høgt på fleire andre område - mellom dei hekling - er den ikkje skjønn?

mandag 5. april 2010

2. påskedag og vaskemaskina går!

Frå skrivebordet ser eg sol i fjellsida - det vert kanskje første dag i år vi opplever sol i heimen...
- nokre gleder skal ein ha når påskeferien er over!  - skreiv eg utan å publisere -
og no 9.45 skin sola i bakhagen i Ø27 - og eg nynnar no skin det sol

og første tanke er heilt naturleg skulle ha ordna litt sånn rundt forbi...

åt lunch og fekk lettare "skulle ha vaska vindua"-kjensle då sola skein inn på bordet...

Uansett sur vind,- det var rett dag for å hente fram benkane på gatetrappa frå kjellaren,
vi let duken ligge igjen inne - det var hardt nok å få teppa på benkane til å ligge i ro, medan vi gjorde kaffi og dei to siste sjokoladefondantane klare. Naboar frå to hus kom innom gatetrappa før vi gav oss, men då var tilogmed blomsterbed på framsida av huset relativt rydda for lauv og rusk...

Vår- og lettare sommerkjensler på gang - det er mykje pollen ute slike dagar når vinden bles såpass..

søndag 4. april 2010

lørdag 3. april 2010

Påskeaftan - med eit glimt av påskesol...

Godt å vakne til kjensla av påskesol - fann fram påskekyllingane frå den skuffa i skåpet i stova som har plass til slikt! Ein skikkeleg sur pålandsvind mot svaberga her i Feios gjorde til at det var naturleg å få med seg Påskelabyrinten! Vi held helg og let vere å halde fram arbeidet med klippe epletre..

Har starta tankearbeidet med å skaffe noko pingvinstoff - lokale stofflangarar som Desiree på Sande og Lappestua på Eid har tydlegvis ikkje akkurat no. Det er ho i den gode heimen i Sunnfjord som seier ho kunne tenkje seg å byte ut kustoffet med pingvinstoff - tenkjer det slik at eg må ha ein bit som er minst nokre og tjue x vel 10 centimeter...

Sidan vi skulle ha søndagsgjester måtte vi naturlegvis ut til meir sentrale stok av bygda - og Smia måtte takast bilete av før Sognekraft og Vik kommune nyttar den felles gode vilja til å fjerne eller flytte Smia. Naturlegvis måtte det også takast eit bilete av den store parkeringsplassen nedan for Vikjatunet, vi har ikkje sett at den parkeringsplassen har vore full når det er Gamalostfestival i bygda ein gong, men vi har kasnkje vore heldige...
Plenen der skiltet til Vikjatunet er plassert er så stort at det sikkert kunne ha parkert opptil fleire Sognekraftbilar der, om det skulle stå om.

Wikipedia om Påskeaftan

fredag 2. april 2010

Langfredag - frå stappfull 70årsfeiring på hytta til nesten åleineferge over Sognefjorden!

Vi hadde ein lang start i ein god heim i Sunnfjord, - på ettermiddagen for vi på bursdagsfeiring på hytta i Ormekråa på Fimland - ein fin ettermiddag med mykje slekt og naboskap. Då allersiste syskenbarn kom frå Røde Kors-vakta si, var papptallerkenane tekne i bruk...
Ein sprek og flott onkel -  han kan litt meir om gener og arv han, - og til dømes viktige kvalitetar med Røroskyr!
Vi valde å køyre til Dragsvik via Høyanger og Balestrand - det er ikkje mange som er ute og fer ein sein langfredagskveld - svingingane i trafikk vert heftige ei påskehelg også over midtre delar av Sognefjorden til Vangsnes  Dei fleste vel av heilt naturlege årsakar  Lavik/Oppedal og Mannheller/Fodnes... når dei må krysse Sognefjorden.
Vi skulle naturlegvis til perla Feios!

Det første av dei svart/kvitebileta eg har lånt hjå fylkesarkivet viser Fimlandsgrenda, og "i Garå" der slekta har halde seg ein del generasjonar,- er bortimot midt på biletet.
På biletet i midten er oldemor Gunnhild, Bestefar og Bestemor, - og eg går ut frå at det er dei to eldste ungane deira - onkel Per og Mor, - i såfall må biletet vere akkurat 80 år gamalt. Bestefar Ola og Bestemor Borgny gifta seg i desember 1926.
Overraskande fann eg desse bileta då eg leitte i fylkesarkivet etter bilete av grenda - og naturlegvis vart det mykje mimring av slikt...
Wikipedia om langfredag


torsdag 1. april 2010

Aprilsnarr og skjærtorsdag

Skjærtorsdag var ein arbeidsdag i år. Etter arbeid pakka vi bilen, for tur via Naustdal og Fimland til Feios...

Wikipedia om Aprilsnarr og  Skjærtorsdag

Mange ulike gode historier frå 1. april i ulike media - omtalen i Sogn avis - og for reint vatn i Årdal i Porten og DDE og Vassendgutane i Nrksf