søndag 28. mars 2010

Palmesøndag med sommartid og snøbyger

Ventar framleis på fineveret - ventar med stolheis og testing av den varme sjokoladen på utkiksplassen.
wikipedia fortel dette om palmesøndagen.

lørdag 27. mars 2010

Palmelaurdag på heimlege strender

Tjukk, tjukk skodde forsvann medan vi var på Sløgstad på handel.
No skin det sol, - det har vore norsk skiskyting på tv'en og førebuingane er igang til pannekakemiddag for 7! "- Det verte no ei stund til -!" seier Mormora, - elles fredelege syslar etter handleturen.
Vi opna med kaffi og kaker på Kos. Kaffibaren var svært nyopna - fint rom - fint lys - fine møblar!
2 åt mørk sjokoladekake, 2 åt Orokake og 2 av oss åt noko karamell og nøttekliss av ein snopete kake. Ikkje den rimelegaste kakedisken, men det verka gå unna! Trass alt, vi er på indre Sunnmøre - der nytelse ikkje alltid har vore ålment godkjent! Vi sjekka ut Liga også, - bui der Mormora og barnebarnet stundom handlar stort på sal! Vi freista få Morfaren til å innsjå at han trong ein gul hettegensar frå moods til neste gong han møter dei velkledde svograne sine.
Elles helsa vi på kjende i sportsbutikken, i bokhandelen og på stoffbutikken - og på Rema...
Biletet er teke av Far. Han har teke mange bilete av gravemaskinar siste vekene. Det er snart 50 år sidan han bygde huset ved riksveg 60. Like etter opna tunnelane som gjorde det mogeleg å køyre til Hellesylt - tidlegare var Sunnylvsfjorden det reelle alternativet. Den gamle postvegen over Ljøbrekka vart aldri nokon køyreveg... For 40 år sidan kunne vi ungane spele badminton sommarskveldane på riksvegen - utan problem. I desse dagar vert vass- og kloakkrør skifta ut og putta ned i ei grøft som er 3-4 meter djup og gangvegen vert lagt oppå. Gangvegen har vore eit sakn i mange tiår, her er det mykje av både biltrafikk og nyttelast på gjennomreise. Det er både møbel og næringsmiddelproduksjon i bygda og dette er vegen sørover, inkludert til Strynefjellsvegen som er greiaste vegen austover. Alle Grandis'ane som er laga her i Grandis'land passerer huset fleire gongar - før dei er å finne i ein daglegvarebutikk nær deg! Riksvegtrafikken har ført til det med glede vert gjeve vekk mange kvadrat med plenar, særs godt etablerte hekkar og velhaldne gjerde! Dette 10 dagar gamle biletet er teke ut glaset på "ilsje-støvå". Mellom Framhus-grenda i "bakgrunnen" og glidekanten bak gravemaskina er det ein djup v-dal med Storelva - tidlegare iallefall,- ei brukandes lakseelv. Ned til elva er det er så bratt at det heller ikkje vart nytta som leikeområde i oppveksten.
I sybutikken hjå Bente vart det litt stoffhandel - av dei større funna, "resten av ein stuv" som vart 3,5 meter rosestoff - nesten same som innsida av kuveska - og nokre centimeter av andre rosestoff og anna stoff - og litt ymist anna. Gjentek som eg har gjort før, det er alltid så dyrt i sybutikken hjå Bente...
Av andre viktige ting som er kringkasta i desse dagar er naturlegvis at han Sjur på Myrstad er skandinavisk trakkemaskinmeistar - det verste er at han i fylgje lokalpressa til dagleg er å finne på Strandafjellet og på Norefjell - litt av ei deltidsstilling det - med 6-7 timars køyretur mellom utan trakkemaskin....

fredag 26. mars 2010

Go' helg!

Vi kom oss avgarde til dei heimelege strender med 4-ferga. Det var  forbausande lite trafikk eigentleg, - men det er mykje telehiv slike dagar! Vi køyrde med eit halvt auge på GPS'en - og gav opp å rekke 20-opninga i rastunnelbygginga på Ljøen. Vi stogga i eit trolsk Stryn, tjukkskodda låg ned i hårgarden, der vi gjekk og leitte etter opne matplassar. Den eine hadde ikkje mat på kvelden - den andre hadde ikkje ope endå men musikken sto på fullt ute og fakkelboksane var tende! Fann Napoli som hadde nydeleg italienskinspirerte pizzaer - testa to av dei med nordfjordnamn. Like før vi var ferdig med den førehandsbetalte pizzaen - kom servitøren med 2 kuler is i stettaglas til oss som ekstra treat, snakk om å treffe blink! Det låg igjen litt tips til den karen då vi takka for maten og for vidare. Vi drakk iskaffi og åt sjokolade medan vi venta på dagens siste opning i anleggsområdet klokka 22.15. Godt å kome heim til duk og dekka bord. Bystudentane kom på bussen på førre tunnelopning! Alt vel i heimen - sjølv om det meste av plenen på framsida av huset også er anleggsområde.

torsdag 25. mars 2010

Ein vakrare dag - og tosifra plussgrader... vår...

I dag er det Ingrid sin 23 års dag!
Nitimen fortel at det er den store vaffeldagen -
Primstaven i dag frå Wikipedia: Maria bebudelsesdag, vårfrumesse, Marimesse, vårmesse
og primstavmerka for dagen er ei krone, ei kvinnefigur, eit hovud eller eit tre.
Medan Monet sin primstav seier Marimesse, Vårfruemesse eller vårmesse, det er halvveges mellom mellom juledag og Jonsok.
Jomfru Marias bebudelsesdag. Mild vårfrumesse spådde godt. No er det slutt med sledeføret. Merket som monet nemner er eit tre med kors.

onsdag 24. mars 2010

Den rosa skulle ha vore ferdig i morgon - eg må nok be om utsetjing til etter påske...

Det har visst vore for lite sytid i det siste, men du verda kor ryddig det er på syrommet!
Sidan heimen vår er innan for eit område som har fått tilskot til trådlaus og automatisk brannvarsling direkte til fylkesalarmsentralen,
har vi hatt ein overhengande fare for vitjing også på syrommet på øverste loftet - sånt stressar enkelte...
Måndagskvelden hadde vi installatørane innom - enkelt og greitt slikt, - no er DET gjort - men eg rekk altså ikkje å verte ferdig. Tenkte eg skulle ha presentert "den rosa" i morgon, - og så kunne mottakaren fått den rosa med det første -.
Har tenkt å ha kake til dessert i morgon, så får byfolket feire bursdag i by'n og så får vi alle ta det igjen på palmelaurdag, då har Mor lova pannekaker til middag...

Det er godt at dei unge studentane har sett seg føre å vitje folk på landet i påskeferien - det er no greiaste måten å få med seg både strender og høge fjelltoppar  og alt i mellom - med hjelp frå Nor-way Bussekspress.

Les nett at Børge Brende i Røde kors har presentert byvettreglar i påska for dei som ikkje har råd til å reise på påskeferie. Eigentleg kan dei nyttast på landet også, - og jammen trur eg at det er tankar som kan nyttast i både tettbygde og grisgrendte strøk ein kvardag både i april og september:

1. Legg ofte ut på bytur - også utan trening. Det er mykje uoppdaga rundt deg
2. Meld frå kvar du går, og spør om nokon vil bli med. Mange blir spurt alt for sjeldan
3. Følg med på vêret og vêrmeldingane. Tilpass aktiviteten etter tilhøva
4. Utforsk byen og alt den har å by på, men vêr rusta mot skuffelsar og tilbakeslag. Ikkje alt kan vere vellukka kvar gong!
5. Lytt til erfarne byfolk. Alle set pris på å dele erfaringar og kunnskap med andre
6. Bruk ditt indre kart og kompass – og legg merke til menneske rundt deg. Er det nokon rundt deg som går aleine, eller som kanskje ber litt for tungt?
7. Gå ikkje aleine for lenge
8. Oppsøk en ven i tide. Det er ei skam å snu ryggen til
9. Spar på kreftene, men ikkje på gledene.

tirsdag 23. mars 2010

Ein tur med Sjukehusbussen til Oslobygda

I Oslobygda er Aker sykehus vedteke nedlagd - Fagorganisasjonen på Aker hadde fått løyve til ein halvtimes markering i Regjeringskvartalet. Dei hadde innkalla faneberarar frå heile halve Groruddalen - og på Einar Gerhardsens plass framfør kontoret til Strøm-Erichsen var både Erling Folkvord og Carl I. Fart i sakene vart det naturlegvis ikkje før eit par bussar med lærdøler og årdøler toga inn på arenaen med det naturlege midtpunktet, ho Bente på Hauge, i spissen. Då fann naturlegvis Strøm-Erichsen det naturleg å kome ned på plassen for å lese plakatane. - Dette skriv den lokale pressa.
Før vi kom så langt  hadde vi hatt ein fin busstur over fjellet - vi for frå Øyri 08.30, - og årdølene starta naturlegvis ein god halvtime før det, vi var heime klokka 22, og årdølene før kveldsnytt! Arrangørane fann det naturleg å dele oss i to med omsyn til alder - ungdomane og gamlingane - det funka fint! Ole frå Nrk og Sælto var med heile vegen austover, medan Vestlandsrevyen skulle kome på i Sandvika. I følge historien ein vanleg finevers dag, - så fekk ikkje flyet deira letta frå flyplassen i Førde, så dei køyrde til Florø og nådde eit fly derifrå som også var forsinka, - ja, slik kan det gå i samferdselsfylket vårt.
Kan vere like godt å stole på ein traust og triveleg bussjåfør frå Fjord1.
Køyrer ein med sjukehusbussen like lenge mot Oslobygda som ein gjer når ein fer til Førdebygda - så er ein komen til Krødsherad kommune. Nærleik til tenestene, var det vi for austover for å markere!





Biletet er lånt frå Sogn avis - med denne artikkelen.

mandag 22. mars 2010

I dag har eg drukke tysk sprudlevatn - i rein glede!

Det vert eit ISKS på Grandane på Lærdalsøyri
- m.a.o. det har vore ein god møtedag!
Mediadekninga har vore sterk, - det er inderleg lett at viktige punkt i den store samanhengen då forsvinn - skulle gjerne hatt lenkje til Jens Hauge sitt innlegg i måndagsavisa og Geir Berge Øverland sitt innlegg i laurdagsavisa i Sogn Avis, men kan iallefall få med lenkja til denne leiaren i same avis. Porten skreiv det slik..
Godt å glede seg saman i denne saka!

I morgon vert det sjukehusbuss til Oslobygda - ein lang bussdag - tankane kring dette politiske temaet vart også lysare i dag.
Fine tankar i motsegner,- her også.

søndag 21. mars 2010

Søndag - og våren er i kjømda...


Det er arbeidshelg - det vert litt ekstra fort for få timar, då! Før eg for på jobb hadde eg gjort førebuingane til ein hjorteindrefilet frå dei fuktigaste grendene i landet - det er godt å vere i logistisk rekkje for slikt snop via Dalevegen på dei heimlege strender...
Sytalaust å ha tanter i Høgstegarden i Eimhjellen som ryddar i frysarane sine til fordel for storesystrer i møbelidustribygdene, spesielt når enkelte mødre synest ein er heimatt i for få dagar,- så ein får med litt gode frysevarer,  på heimtur hin vegen!
For mykje nedturkjensler i nedleggingstrua bedrifter i Indre Sogn og andre storpolitiske tyngre tankar, fekk meg til å kike etter eitkvart ekstra godt i frysaren til i dag - det var det - med ein god libanesisk raudvin - vart det ei fin avslutning på ei heftig arbeidshelg.

Freistar få fri frå jobb for å vere med på busstur til Oslobygda på tirsdag, - kan spøte mykje åttebladroser på bussturen! Det er ein grei måte å vise seg einig i dei som har funne ut at tek sjukehuset frå oss i Indre Sogn, - så taper vi meir enn det sunnfjordingane får i pluss...
- og så var det skrivepause for Himmelblå...

Det gjer godt med flotte meldingar frå Årdal, - enkelt for meg å seie som bur med ein - godt gjennomarbeidd skrivestykkje.
Det er verre med slike som trur dei har både tvisyn og vidsyn - nokre bør sjå at sjukehuskampane vi har i dag er noko heilt anna enn dei fylket har hatt - fogderistrid som merkelapp er like gale!

Dagbladet fortel i dag at Netanyahu ikkje endrar kurs om FN, EU og USA har greidd å samle seg. Vert lei meg når eg ser korleis utbyggingane vert beskrivne hjå Al jazeera!

Helga har hatt mykje om Inger Lise Hansen si påståtte avkleddheit, - likte det når Dagbladet sette politisk nakenheit i perspektiv.
At partiet ikkje skjønar at det går an å sjå slik ut og seie og gjere slikt og stemme på partiet, kan vere to sider av same sak -
Til liks med å velge ein nestleiar som er ung og fresh... - men ikkje ferdig forma! Verst er det nok at både dei gamle og dei nye partigubbane heller ikkje ynskjer hjelpe henne med medierådgjeving. Å gjere seg synleg og lage rom for nye og yngre velgjarar  er tydeleg noko som er i tiden - og rykta fortel av Siv på Frptur var sur fordi ho ikkje fekk mediadekning når ho var i det farlege utland!
Politisk truverdigheit kan vere vanskeleg å oppnå for nokon og ein kvar!
Slikt vert det mykje filosofering rundt - spesielt når ein ventar på ISKS-avgjersler i kommuner som har noko å gje til dei nye og yngre innbyggjarane også, - i tillegg til oss frykteleg tidleg i førtiåra og alle dei gamle over 50!

I følge primstaven er det vårjevndøgn eller jamvår! I flg Wikipedia også kalla Bendiksmesse, Bendik/Bent prøvesvin
og eit halvt kors er merket for dagen.

lørdag 20. mars 2010

Laurdagen då veslevisaren ikkje skal flyttast - det er palmelaurdag!

BT - påskepynt - skulle visst ha gjort eit kvart der...

har frykteleg lyst til å hekle og strikke litt påske...
Eller slike som Magfly og Lysstreif har laga - det er enno tid...

torsdag 18. mars 2010

Første dag etter vinterferie på ein torsdag - det er hardt det...

I kveld var det stor aktivitet i Eldhuset - ein fin kveld med fullt hus.
Måtte finne ein god dag for å dele dette biletet! Denne bussen sto på Fodnes på søndag - litt pussig plassert kanskje - naturleg å tenkje at sjåføren hadde kvilepausen i baksetet - og så vert ein gjort oppmerksom på vinduet - og det blå skiltet! Berre trykk på biletet så vert det større! Sjåføren sov nok, men på soverommet!  


onsdag 17. mars 2010

Applikasjon med leggsaum - ein kveldstur på de Heibergske

Applikasjon med leggsaum - ein gamal tradisjon frå Sogn!
Når Sogn Bunadnettverk i samarbeid med De Heibergske Samlinger, ser føre seg å spreie teknikkar som jenter før oss har kunna - så tenkjer dei sikkert, som andre har gjort før dei - la oss prøve noko som er tenleg - lite og dekorativt! Noko vi har sjanse til å verte ferdige med - ei nålepute!
Dei har laga ein mønsterpakke med svart ullstoff, utklyppt raudt ullstoff, tråd, voks og fint bakstykkje og laga ei veldig fin bruksanvisning - truleg i sal - frå no av i den fine museumsbutikken på Kaupanger! Kjøpte den på kveldens arrangement på museet!
Bjørg Hovland hadde ein fin gjennomgang av leggsaum som teknikk frå Bayeuxteppet som skildrar Vilhelm Erobraren si hærtokt i 1066 mot England til tilsvarande Moseid sine 4 årstider og eit operabroderi...
På 1600-talet er applikasjon med leggsaum , ull på ull, med tråd i overgangen i bruk i Sogn.
I Leikanger og Vik nytta som dosakvarding, elles barnehuer, i Luster er jente og gutehue utstillte på bremuseet i Jostedalen - der er det også ei fin raud dos med applikasjonar og broderi. Frå Undredal/Leikanger kjem utgangspunktet for broderia på bunaden funne på ein ruta brurados med leggsaum. Elles eit par forkle og mange bringeklutar. Lintråd er også nytta -  og nokre eksemplar er silke på silke. Perler er også nytta som pynt på applikasjonane med leggsaum.
I følge tradisjonen vert ei lomme på trøya kalla fika (som svenske ficka) på karatrøya som den Bjørg har kopiert - nydeleg!


Wikipedia om Primstaven Gjertrudsmesse også kalla Gjertrudsdagen. Merka for dagen som er nemnt hjå Wikipedia er rokkesnelle, lilje, bjørkekvist og kapell.
- medan monet.no har følgande om dagen :Gjertrudmesse til minne om Sta. Gjertrude, abbedisse i benediktinerklosteret i Nivelles, døydde i 659. Dagen vart også kalla Per Pek i vatn fordi St. Peter då kom med staven sin for å prøve isen. Merket er ein piggstav.

tirsdag 16. mars 2010

Ikkje vårdag, men snødag

Nemi frå bt.no, får vere illustrasjon til eg er heimattkomen med kameraet og kan legge inn "vårbileta"!

Var godt i gang med årsskota i dag også - stod der og filosoferte over at alle dei hine hadde regn og snø.
Ganske sært å stå på nersida av vegen, og sjå nausttaket og fjorden, men ikkje Leikanger - då er det mogeleg å tenkje seg "öppna landskap", då!
Etterkvart kom regnet til oss også - så vi gjekk innomhus!
No er det montert lamper og sydd saumar - middagen var litt av det frysaren hadde å by på og freden har senka seg - Ute? Er alt kvitt - det har snødd tett, svært tett...
I heile Møre og Romsdal og halve Sogn og Fjordane er det stengde vegar grunna ras eller rasfare...
Ein buss for av vegen av ei trykkbølgje frå eit ras i Våtedalen - men skadde grunna ras, ikkje førebels...
- det var i eit takras på Frogner i Oslo - ja farane er ikkje der ein forventar dei...

Etterskrift - det går ein kar og trakkar her - han har fyrt opp i omnen slik at det skal vere kos med is til kaffien og han lurer på om han burde hatt plog på traktoren...

mandag 15. mars 2010

Det gode liv -

- er å ha vinterferie som fruktarbeidar og tenkje høgvyrdige tomme tankar medan ein klipper årsskot i ein eplehage i Feios!

- frukttrea er ikkje i blomst her på sørsida,- altså!

- det er inderleg godt å stå mellom rader av frukttre og sjå resultatet av arbeid!
- det er inderleg godt å kome innomhus og gløde i kjakane etter ei god arbeidsøkt - lage middag - sjå snøbyga gjere utsikta til Leikanger litt meir ullen - etter at byga er over - vert alt så mykje lysare, sjølv om det har teke til å skymast!

Eg vaska kjøkkenvindauga på innsida i dagtidleg, - ikkje vår nok til å ta dei på utsida!

- kan ikkje anna enn tilrå ferielivet i ein frukthage!

Syr åttebladroser i lysekvitt og grønt - på tante Ellens gamle Singermaskin - ei maskin frå tidleg forrige århundre, med ettermontert straum og lys - det er fint det!

søndag 14. mars 2010

Tankar kring stoffavhengigheit.... og sognesøndag i sol og snø!

Nokre - som meg, og andre eg kjenner - har mykje stoff, - ganske mykje stoff - og likevel så handlar vi stendig litt til.
Eg vart tildømes mobba, trakassert - eller ok då, - vennskapleg erta - då eg også fann eit par rosa stoffbitar i koffertane frå Anny på Eldhuset på torsdag. Eg hadde med meg den ferdige framsida til "den rosa" - og nokre meinte vel at eg ikkje trong meir rosa, no...

Eg likar at det er vert nytta eit høveleg og skikkeleg saumrom. Når saumrommet er for smalt på feil stoff, der ein formeleg ser kor den stakkars sytråden fungerer som livline - gjer meg nesten vondt. Eg har to år på kjole og draktsaum i fjern fortid - (før gymnas og universitet) - så eg veit kva saumrom skal brukast til...
Jarekanten på stoffa eg nyttar, kastar eg med lett hjarte! Det har eg gjort sidan eg lærte det på Kjole og draktsaum og fekk utdanninga som eg i velvillige augneblinkar kallar 2/3 skreddar - det nokre reformar sidan at ungdomar kunne ta ei slik utdanning...
(- ein regel galdt på -70talet også - ein fekk berre 5 år vidaregåande - så det vart med det utan fagbrev som skreddar, likegodt det kanskje, - eg vart ikkje lærar på vidaregåande i historie og samfunnsfag heller...)

Men sjekk her - og resultatet!

Nei, eg får ta meg alvorleg saman - for ikkje å verte jarekantavhengig, også!


Etterskrift 1:
Har køyrt gjennom solstrålar og er komen midt inne i ei snøbyge - som ser ut til å kome frå ingenting.
Er komen dit havet og himmelen er større!
Det er ei stund sidan vi har vore her no, men alle potteplantene har overlevd, - har vorte flink til å finne ut kva som greier seg åleine. Det knitrar godt i omnen, - vi set på varmevatn og varmomnar via mobil på førehand, - så det står ikkje på, - men det er ekstra kos med omnsvarme og stearinlys.

Har fått med meg eit fylkesårsmøte på Leikanger - eller vel eigentleg heller Hermannsverk - og vi avslutta med ein tur ned i kjellaren til Cafe Herman - kan framleis ikkje anna enn tilrå ein matstogg der!
MMS'en frå Eldhuset tyder på at dei har kost seg på søndagsskulen hjå Jorunn - glad for det! - meir bilete kjem derifrå!

Etterskrift 2:
- men heilt alvorleg, - ikkje sjekk denne om du er redd for å måtte hekle litt i vår!

lørdag 13. mars 2010

Langhelg - det er så mangt som skal gjerast når ein har fri..., - godt det!

Eit fredeleg stort teglas og ein skalk med kortreist appelsinmarmelade - frukost ved datamaskina - må halde fram med å tenkje litt gode Jerikotankar som fortsetjing på kvelden i går. Ramma kring måltidet - god mat og drikke som fekk fram nye og gamle Jerikominne -
Eit puslespel skal leggast framover mot oktober - trur det vert nye vakre bilete!

Les at Dagbladet fortel om fornærma amerikanarar - og i Dagsavisen.

fredag 12. mars 2010

Det er freddan - det er blå himmel og sola skin...

Har framleis ei formeining om at eg skal føle meg snytt for noko styggever som ikkje kom, -  men det kjem vel!

Nyttar høve til å dele eit bilete som er kome via veven frå Vancouver!





Avslutta dagen med besøk i ein god heim, med godt selskap, god mat og god drikke og laga rom for gode tankar - både erindringar og framtidsvyer!

Primstaven til Wikipedia kallar dagen Gregormesse, Gregoriusdagen, Gregusmesse, Groårsmesse og merka på primstaven er ein fugl eller ei due.
Primstavet til monet.no: det er Gregor den store som var pave 590-604 dagen er kalla oppatt etter, elles at namnet ofte er forvanska til Groårsmesse og brukt som merkedag for vårveret. Dersom det er sønnavind, kan ein vente eit godt år. Gregors tid - natt og dag like vid, - no kan ein ete kveldsmat i dagslys. Merket som monet.no nemner er åkerteiger med kors.

torsdag 11. mars 2010

Allereie torsdag...

Snart langhelg på ein stad med opnare himmel og større sjø! Er ikkje heilt i form etter legetimen i går, og skulle hatt litt fri fritid før langhelga også!
Med same tidspunkt for fleire ting vert det endå verre - tidsklemma kallar dei det,- dei som har småungar og lang reiseveg til og frå jobb...
Det kan vere vanskeleg nok å få tida til å rekke langt nok om ein bur særs sentralt i høve til jobb, - og hynkylperten har vore student i by'n i årevis også....
Årsmøtet i Marknadsnemndi , må iallefall vere unnagjort før det vert sykos i Eldhuset...

Dette biletet viser så greitt korleis det kunne sjå  ut med musikk under det såkalla midlertidige scenetaket, men i fjor bles scenetaket ned! Reversibelt er eit godt ord i Verneområdet på Lærdalsøyri, - det er likevel greiast når det er godkjende rivingstiltak - og ikkje styrt av sterke sommarvindar...
Når det er skikkeleg trøkk på scena, merkast det godt i Eldhuset (- det raude bygget som er høgreveggen i scena og lagslokalet til husflidslaget, for dei uinnvidde!)

Etterskrift: - Det gjekk greitt med det meste av møteverksemd - tema for årets marknad er klart og godt!
- og det vert sikkert gode marknader i år også. Det er mindre enn 100 dagar til Lærdalsmarknaden tek til!

På Eldhuset var det mange i kveld, truleg fordi det er mildt og godt i veret. Jorunn kunne fortelje at det vert 10 på søndagsskule komande søndag, - oppskrifter vart kopiert og arbeidsplaner laga - eit godt stoffutval ligg føre - det vert ein fin søndagsskule!

I kveld var det 9arrutesauming, måling på glas, herrebunadskjortesaum, spøting og glasing - og naturlegvis viste vi fram vesker og anna lappesaum. Det er mange ferdigspøta åttebladroser - det vert fine spøtateppe både til utstilling og til loddsalet -
denne torsdagskvelden bar bod om vår...

onsdag 10. mars 2010

Ny kuveske!

 Den raude tråden sin versjon av Ida-veska til Bente Malm!
Er nøgd med å vere ferdig, nøgd med utforminga den fekk,  - og ja det vert nok fleire!
Ida-veska er rimeleg tekkeleg i forma, for meg var det naturleg å tenkje på nokre litt rampete val!
Eg hadde med rimeleg mange ulike stoff til Gaupne - og valet vart så absolutt gjort, der og då.
Anne Kari si veske har eit heilt anna utttrykk - i svart lin - med "brune strekblomar", der eg nytta kustoff - og ein blåfarge som vel eigentleg vert intenst blå, istaden for deler av den raude, - og den ser heilt ansleis ut!
Den neste skal nok heimatt til Dalevegen - så får vi sjå om det kjem ei til ein god heim i Sunnfjord - men trur den er for lita til skuleveske!
Sikkert den rette veska å møte våren med!
Våren ER komen og fjella rundt forbi har byrja å gje slepp på steinar og snøfenner...



Er uroa for så mangt slike dagar - Thor Bjarne Bore seier det på denne måten i bloggen sin i innlegget Ord i Midt-Østen og i Norge !
Slik kjem det til uttrykk hjå Al jazeera US: Israel undermining peace effort.
Peter M. Johansen  skriv om kolonisering av Vestbreidda og Amal A. Wahab fortel at også Oljefondet får avkastning frå koloniseringa av Vestbreidda og Astrid Meland fortel at i busetjingane finn ein både dei ultraortodokse og dei sekulære som har gleda over at desse bustadane er særs rimelege. 

tirsdag 9. mars 2010

Du kjem vel på søndagsskulen i Eldhuset?

Jorunn leiar søndagsskulen 14.mars frå klokka 11, husk å gje melding til henne, eller Anne Kari eller laerdal.husflidslag( alfakrøll )gmail.com at du kjem!

Jorunn laga mange nydelege Te-lysposar i ei travel haust og førjulstid! Her i huset er den nytta til yndlingskonfekten til fotografen av biletet som Jorunn har applikert på som pynt. Jorunn sitt kurs har innlagd matpause i god husflidstradisjon! Posen kan nyttast til påskeeggevarmar på frukostbordet eller påskegodteriet til utekaffien på hyttetrappa, berre for å gje idear om bruksmåten og ulike fargeval...
Søndagsskulen er tenkt som eit kurs for medlemmene i Lærdal husflidslag og kostnaden er materialet som vert nytta. Jorunn sørger for linstoff og vatt, og det vil vere innerstoff og dekorsaumtråd tilgjengeleg.
Ynskjer du å verte medlem, stikk innom Eldhuset på ein torsdagskveld, ta kontakt pr telefon eller epost!
Førstkomande torsdag er det iallefall både sauming, glasing og spøting.

Neste onsdag - den 17. mars er det Handarbeidskafé på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger :
Applikasjon - ein tradisjon i Sogn med Bjørg Hovland i eit samarbeid mellom museet og Sogn Bunadnettverk.
Det er alltid så triveleg å vere der - eg reiser innom på veg frå Feios og fruktarbeidarlanghelg - og reknar med det er fleire i laget som tek turen over fjorden! - Det er vikig å huske at ein kan ta dei gamle teknikkane og/eller formene med seg i anna husflid og nytte dei på utradisjonelle stadar også!

Litt meir info også på http://www.laerdalhusflidslag.blogspot.com/

via @tanketom på Twitter vart eg gjort oppmerksom på @soungir si kvitring om ei artig reklame for naturgass  - korleis visualisere varme gjennom strikking - den er fin!

Wikipedia sin primstav fortel at det er dei 40 riddarane sin dag - og primstavmerket for dagen er ei halv sol!
- og det veret som er i dag - skal det verte i 40 dagar framover! - - og det som trengst er regn i flg nrk&yr! - og som vanleg i den nest tørraste kommunen i landet,  vert det lite med regn her i motsetnad til resten av fylket!

mandag 8. mars 2010

Lukke til med dagen!

                                                                                                                                          Nemi er som vanleg lånt frå bt.no!

Dei politiske signala kjem tett slike dagar -

søndag 7. mars 2010

Ny veske - i morgon kanskje?

Heilt i superform er eg nok ikkje, - det gjorde godt med nokre timars kvild på sofaen etter ei lang kurshelg!
I løpet av morgondagen er nok veska klar til bruk!
Hotellvertinne Jorunn var klar med café au lait til stor frukost i dag óg! Vi fekk pakka og gjort opp og takka for oss på Gaupne hotell!
Kjøkkengruppa hadde kaffien klar før klokka 9 på Gaupne skule. Meir enn ei av kaffikakene deira kunne godt hatt vedlagt oppskrift!
Bente Malm var klar med neste steg i veskeproduksjonen, nokre vart nesten tett på ferdige, - medan andre har litt saum til før veskene kan takast i bruk! Eg har planar om å sy i allefall ei til, men då med andre stoffval!
Vi hadde ein nydeleg lunchbuffet klokka 11 og klokka 13 var det avslutning for framvisning  av produkta, deretter ein ny runde med kaffi og kaker til trekninga av lotteriet. Eg vann både ei øskje med kaffi og ei ny veskeoppskrift med stoff frå Northern quilts...

Vi rydda oppigjen etter oss, takka for laget og for heimatt til sofaen!
No i ettertid ser eg at eg tok for få bilete av utstillinga i kantina - Anne Kari har lova å dele sine bilder med meg, - så det og veskegruppebiletet kjem vi attende til!
Øverst av gruppebileta - dei som deltok i Grethe Gulliksen Mo sitt kurs,
Marit Oline Sandvik med aller yngste gruppe med med jenter frå 5. og 6.klasse
og nederst er det Marit Elvekrok med deler av si gruppe med litt vaksnare nybegynnarar!
- og her er Luster Quiltelag sine bilete frå kurshelga!





 






lørdag 6. mars 2010

- og Gaupne er ein god stad å vere!


Dagen starta med at hotellvertinne Jorunn sto klar ved kaffimaskina i respsjonen og lurte på om vi var klar for ein café au lait - den vart naturlegvis med inn i spisesalen til ein deilig frukost...
Vi var to veskesaumarar, ein døvetolk og to kursleiarar som vart tekne vel vare på i heile helga! Medan vi sat og åt stor frukost avtala vi  med vertinna at vi kunne gjerne ha middag klokka 19, - ytrefilet med fløytegratinerte poteter og litt godt til dessert...

På veg til skulen var vi innom Pyramiden, der dei fleste butikkane ikkje opna før etter kursstart. Eg handla ein 6 pakning ( med halvliters pepsi max) - det var heitt i kurslokala på Gaupne skule. Den kombinerte strikkebutikken/kaffibaren var open og vi let oss friste av litt strikkegarn!

Ein lang dag, - med sauming frå 10 - 18, avbroten av ei viltgryte til lunch, og kaffi pauser med kaker og frukt. Grete Gulliksen Mo hadde ein rask presentasjon av den siste boka hennar - som enkelte av oss berre har langtidslånt tidlegare, så no er det naturlegvis ein signert variant av boka i den raude stabelen av kviltebøker! 
og JA! - det er dyktige tauser i Luster quiltelag - dei gjorde absolutt sitt til at vi fekk ei nydeleg helg i Gaupne.

Jorunn på hotellet gjorde også til at vi fekk ei helg vi kjem til å huske! Gaupne hotell vart bygd som messe til ei eller annan kraftutbygging, etter det har det fungert som psykiatrisk avdeling - og no altså hotell.
Romma var reine, streite og enkle - dei store fellesareala var mange og gode - og maten snop...
Vi fekk eit olivenbrød til det heller store marinerte stykket av ytrefilet med løkbeignet, ein sennepssaus og eit kryddersmør og den store forma med fløytegratinerte poteter som venta oss til middags. Jorunn fortalte oss litt meir om mat og fjell, bre og fjord medan vi åt dessert (pea)nøttekake med sjokolade og is. I stadenfor å synke saman og bli i ein djup sofa, for vi på kaffivitjing til Solveig som så absolutt er ein husflidar som har laga mykje vakkert... Det nydelege sognebunadsbroderiet er til dei to bunadsdokker!  

fredag 5. mars 2010

Ynskjer Zaid Benjamin velkomen til verda!

Sit på Gaupne hotell etter ein fin start på kurshelga til Luster Quiltelag. Eg deltek på veskekurset til Bente Malm.

No når eg no endeleg fekk kobla meg opp til verdsveven, renn det inn nydelege bilete av ein vakker ny Vancouvergut med mamma Haifa frå Jenin i Palestina og pappa Ben frå Vancouver i Canada.
Med klump i halsen og fuktige augekrokar - nyt eg bileta som kjem via verdsveven.

Vi kom naturlegvis til Gaupne litt seinare enn planlagd, - var innom hotellet og fekk ei rask lita omvisning slik at vi skulle vite kva vi kveldsmattilbod vi hadde etter kursavslutning. Dette kan ganske enkelt anbefalast! Det er fem av oss på kurshelga som bur her! Vi avslutta på Gaupne skule klokka 22.00 og sat i TV-stova og naut ulike kombinasjonar av kveldsmat - ein tekopp og ein strull kan også vere godt!

Kurset starta klokka 18 med første fellestreff klokka 20 med kake, kaffi og frukt. I morgon kjem også dei som deltek på nybyrjarkurset og barnekurset, det er lagd til rettes for ei spanande helg!
Eg syr ei svart dongeriveske, med rosestoff som forstoff og eit kustoff som dekorstoff - med andre ord - dette vert MI veske! Har teke ein del bilete allereie - vert lagd ut på søndag - om ikkje før!

Dagen starta med sterke meldingar frå HelseFørde om nedlegging av Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus - det kjem eg nok attende til!

torsdag 4. mars 2010

Eksotisk helgetur - fridomen i ei saumehelg i Gaupne er kanskje å foretrekke!

Det som kunne ha vorte ei travel helg som del av eit vertskap, vert ei koseleg helg der ein ikkje eingong balar med å køyre heimigjen! Eg gler meg!
Ei helg i Gaupne!
Dagens Ivar Aasen sitat : Ungdom er eit Lyte, som minkar med kvart År.

onsdag 3. mars 2010

Om å hoppe før Sagen og om rosa heile dagen

I dag har eg fulgt rådet frå legen - bruke Otrivin etter bruksanvisninga, og ikkje etter behov. Det er sikkert lurt å "sånn-litt-meir-enn-halvere" mengda eg har nytta sidan helga, - men du verden kor mykje meir snørr det vert av slikt! - og hovudverk!!!
Det har vore både interessant og trist å følge HelseFørde debatten som har vore i Nrk Sogn og Fjordane sidan måndagsmorgonen. I kveld ser det ut som Rolf Sanne-Gundersen har oppsumert noko.

Den viktige landsdekkande mediehendinga målt i støy, har naturlegvis vore Holmenkollhopping!
Vert fasinert av slike leiarar som passar på superhopparane våre , - dei som fekk viljen sin i går. - Dei høyrdest eigentleg litt stolte av at dei fekk det til. Dei var ikkje heilt klare for den usedvanlege negative responsen, - og iallefall ikkje han som hoppar aller lengst som måtte stå i skammekroken i kveld og ikkje fekk delta.
Å hoppe før Sagen, det vert ein seielse etter slikt - å lure seg til på ein lett måte for å kunne ta den eigentlege æra! Enden på visa vart at det kom nokre tusen fleire til den nye Holmenkollenanlegget for å delta på opninga - så betydeleg meir publisitet enn forventa - og ein kulturminister som var snurt fordi ho ikkje var invitert...

Grunna biologi/miljødiskusjonen til Eia har eg ramla borti ei rosa forklaring!
Hjå nokre er rosafargen bortimot ikkje eksisterande, - ikkje eingong i dei fire velfyllte trådhyllene mine fantest det skikkeleg rosa - ein mild hudtonefarga "nestenrosa" var den einaste eine..
Kjærasten til junior, meir enn likar alt som er rosa...
 ***
Legg meg heilt flat - har fått melding at fullt så spissformulert og enkelt kan eg ikkje skrive det -  ho er slettes ikkje ukritisk til alt rosa! Sorry! Det er nok eg som er på den ytterste hin kanten av total mangel på rosa!
***
Som min del av utfordringa har eg sydd eit framstykke til eit teppe på 2,05 x 1,55 laga av 49 ulike rosa stoff, - og har ikkje eingong brukt alle variantane eg har samla inn. Bakstykket er eit yndig rosa og raudrosete stoff, innkjøpt som resten av ein rull - det er 2,14 langt.
Bakstykket er på ingenmåte breitt nok, eg vel difor å spe på med litt kreativ lappesaum på baksida...
Eg er nesten sikker på at eg skal nytte eit tynt "dynete" teppe som mellomvatt, - eit krype-saman-under-teppe og ikkje som dette sengeteppet, der mellomvatten er av bomull og ganske stødig av tett kvilting. Det vert litt andre utfordringar til kviltinga, men verdt eit forsøk. Det kan jo vere at Ingrid forkastar teppet - at ho meiner det er FOR rosa og eg må starte på eit nytt, - kven veit?

tirsdag 2. mars 2010

Sterke meldingar frå NTNU, - ein må vere trønder for å vere god i OL...

Her sit ein stillt og fredeleg i sånn post-OL-tid! Ein gjer det når ein har skjøna at snørr og elendigheit plagar ein mest om ein ligg eller er framoverbøyd eller er i stor aktivitet. Høyrer på Nrk, tenkjer at ein skulle nok ha vore meir aktiv - når ein er frisk og rask...
På twitter kjem det opp ei lenkje som fortel at forskarane på NTNU har funne ut litt meir kvifor trønderar vinn mest OL-medaljar, sånn i lang tids perspektiv - det har vore fleire enn Bjørgen og Northug...
Ikkje rart det gjekk som det gjorde då, - ein er ikkje laga for det...
Kva då med dei spreke sunnfjordsgenane mine - dei skulle tilseie sprinteigenskapar av det heller betre,- i landsmålestokk iallefall!
Harald Eia diskuterer i programmet Hjernevask biologiske forklaringar på det meste, - han driv visst og forkastar sosiologien sin...
Likevel - også trønderane innrømmer mogelegheita for at eit godt idrettsmiljø hjelper til.
Jaja - ein får sette sin lit til at det vert produsert gode trønderar i gode idrettsmiljø framover også, - det ville no vere for gale om svenskane og russerane kjem og tek oss igjen! Eg har i ettertid fått med meg at det var ein kortbaneskøyteløper frå Korea som vann 10.000 meteren,  vi treng kanskje ikkje treng idrettsleiarar som Müller heller då! La oss få ein koreanar eller einkvan som skjønar seg på å gå svingar, - då kjem det nok til å gå framover...!
Alternativt så får Steinkjer setje i gang med ein skikkeleg "kom-heimattarbeid" på Kristina Groves,  sidan det er dei trøndske genene som mora tok med seg "over there" som hjalp Canada til skøyte-gull. Ho kan vel ta med seg trenaren sin?
Noko som derimot fungerer når ein er sjuk, er å ta korte små turar på aller øverste loftet, sy litt - stryke litt, tenkje og planlegge...
Alle blokkene i "det rosa" er ferdige! Alle blokkene er rosa, - om enn særs ulikt rosa, - frå det svakaste antydningar av kuløren via dei fleste sjatteringar og variantar av tildels særs mønstrete - til dei mørkare cerise...
No ligg alt "det rosa" i senga over "det blå". Det trengs litt tenkjearbeid - eg lagar eit stor glas cappucino og set meg fredeleg ned og berre ser. 
Spørsmålet er om der skal vere ein liten bit rosa til i sambindinga, - så får vi tru at ho kan få teppet til bursdagen sin...
- det er nok her spurteigenskapane kjem inn!

mandag 1. mars 2010

No er våren her, - mars iallefall!

Når ein er febril og syltandes forkjøla, vert verda litt ekstra kald...
Det trengs dobbelt par med ullsokkar, liksom!
Den store morgonlukka er likevel oppvarma grove rundstykke med heilt nylaga kortreist appelsinmarmelade - og te med honning frå Jeriko...
Men det er ikkje lenger natt i sjutida om morgonen, det er nesten heilt lyst, - kjenslene om at no er våren på gang. er heilt reell!