lørdag 31. oktober 2009

- det er siste laurdag i oktober...

- det er ein sånn laurdag ein har for få av, -
når ein arbeider minst tredje kvar laurdag heile året igjennom - stiller ein allereie med litt i minus...

- denne laurdagen er det hjortefest på Fimland, skulle gjerne ha vore der også  - ete god og kortreist hjortegryte - truffe slekt og naboar av slekta... -

- denne helga er det nynorske litteraturdagar - skulle gjerne vore der også  - høyrt på Linda Eide - men "nynorske" har tvitra at det arrangementet er utseld... - jaja, i år tok vi oss ikkje tid til å tinge billettar på førehand - men det er greitt likevel - tek ein tur med bystudentane som kom heim igårkveld... - programmet til nynorske litteraturdagar -
                                                      
- fekk nye kyr i går, - frå Samlaget - desse kyrne er laga for Kuvenninnene...
meir om boka av Annlaug Auestad utgjeven av Samlaget.
Eg har ikkje halde boka og sett i den endå... - kanskje nokon andre frå Samlaget har teke den med til Aurland i helga - elles kan boka alltids vere ein av grunnane til å vitje ein velutstyrt bokhandel....
Målgruppa for boka er visst 3-6 år... men det sto ingenting om målgruppa til buttons - reknar med at det er oss kjøpesterke halvvaksne,  med sans for dei rare tinga i livet...



- det måtte bli ein tur innom Aurland i dag - var på teikneserieverkstad med Øystein Runde, eigentleg storytellerverkstad og lite teikning - og lyrikkmøte med Hilde Myklebust - Bergen mandolinorkester og Gaute Sortland...

Bloggen til Hilde Myklebust
Forfattaren av Johan, - Gaute Sortland les på YouTube










mandag 26. oktober 2009

Åttebladroser og stjerner osv...berre nokre eksempel frå forrige veke...

 
På spisestoveveggen hjå Suad

















På golvet i lobbyen på Intercontinental Jericho




På golvet i lobbyen i Kids Club









Frå utstillinga på Hishams Palass
På stoveveggen hjå mamma og pappa Erikat -


I Abu Jihad fengselet - eksempel på fangearbeid

I taket på i kyrkja på St. Gerasimusklosteret - Deir Hijla
På golvet i andre høgda på St.Gerasimusklosteret
Arbeid på mosaikkverkstaden

ny dag og nye mogelegheiter

jaudå det tek si tid å endre bloggen til det eg eigentleg hadde tenkt det skulle vere - ei frå dag til dag historie om Jerikoturen til og legge inn bileta...

berre nokre få dagar er bortimot ferdigskrivne hittil... - men det går framover - har mange bilete men ikkje alle dei eg treng - ein del er framleis ferske på netthinna....

sit på jobb og frys....!

søndag 25. oktober 2009

Sundag, om dagen derpå - og om korleis sår hals kan vere ei glede...


Eg vakna grytidleg der eg slokna i gårkveld, - vinden ruska i huset - og eg hadde usigeleg sår hals...

Eg sørga for ein mjukstart på denne dagen då eg skal starte fordøyinga av turen - augekrokane har vore ekstra fuktige eit par gongar allereie...


Eg starta frukosten med vakre tankar om ei koffertoppakkerske på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv, som i gårnatt i 3 halvfire tida, syntest det var naturleg å tenkje på dei to glasa eg hadde i kofferten som sprengstoff...

Ho gav meg to val, dei kunne pakkast i ein spesiell boks og sendast som spesialgods eller ho kunne opne dei og undersøke dei med instrumenta sine...
Eg gjekk ut frå at spesialboks betydde både ekstra ventetid som ho presiserte og ekstra kostnader - og var ikkje klar for det. Ho fann ikkje noko sprengstoff - og teipa dei usigeleg godt igjen -.

Sidan ho hadde opna dei, var det jo ikkje noko å spare på, difor har eg laga meg ei høgtidsstund ved datamaskina,-

Eg drikk te søta med honning frå YWCA og et rista grovbrødskive med Bitter Orange Marmalade frå YWCA. YWCA Jericho - KFUK Jeriko

Eg veit eg vil vitje desse kvinnenene rundt bordet på YWCA huset i Jeriko igjen, sjå smila og gleda dei deler med kvarandre over bordet medan dei sit og produserer ulik sesongbasert mat for glas, kjøleskap eller frysar...

lørdag 24. oktober 2009

Heimreisa frå Jeriko

alt vel...

skriv meir i morgon...

Dette var det eg skreiv i går kveld, eg tek meg endå i å skrive å med aa... ikkje meir enn ei veke skulle til for å koble vekk automatikken med bokstaven å som lillefingerbokstav på høgrehanda....



Heimreisa starta frå hotellresepsjonen der vi etter beste evne sat og sløva eit par timar medan stripynta gjester gjekk mellom toalettfacilitetane og det store lokalet nær lobbyarealet, der ei gruppe underheldt...

- litt dansbandinspirerte bilete på netthinna blandar seg inn når eg skal beskrive dette, - band som spelar på Alexandra i Loen eller på Skei hotel - uendeleg betydeleg mindre alkolhol - og uendeleg betydeleg høgare hælar på damene...
Vi budde på eit internasjonalt hotel, det vart sagt at dette var palestinske gjester frå ulike deler av  Israel som kom på helgatur til Jeriko. Jeriko har hatt vinterferiebystatus i tusenvis av år...
( den siste utsegna skal eg beskrive breiare seinare...)

Maxitaxien var ikkje større enn den vi hadde då vi kom til Ben Gurion natt til søndag. Svært mange av dei vel 20 kilos tunge koffertane måtte plasserast inne i taxien!
Sjåføren gjorde seg forstått på sjekkpunkta at vi var på veg heim no, - så det gjekk utan større hindringar.
På Ben Gurion gjekk vi i lange korridorar og store hallar dekka av sandstein - og ein del har flotte marmormosaikk - mange flotte oppbyggelege plakatar...
I avgangshallen vart vi raskt geleida inn i ein av slusene som galdt problematiske gjester...
Vi hadde god tid, særs god tid,- til å sjå på ulik behandling av ulike reisande...
I taket hang kamera forkledd som lampe og unge utspørjarar kom og gjekk, - og naturlegvis sa nok både kroppsspråket vårt og talen vår i mellomtida - noko anna enn det vi bedyra munleg med eit smil...

Jaja - koffertoppakkerska mi var iallefall høfleg - det skal ho ha, - der ho sto og rulla forsiktig ut glasa med bitter appelsinmarmelade og honning som var pakka inn i velbrukte klede...

- og gåvene mine hadde eg på meg eller i meg..., elles var den tyngre litteraturen eg bar,  ikkje gåver - men opplysningsmateriell... så eg laug ikkje om det eg hadde i kofferten...

Endeleg ombord i flyet, - sovna eg før dei hadde starta sikkerheitsrutinane, - vakna då frukosten var 3 rader unna, åt den - og sov før dei hadde rydda den vekk... og vakna like før vi landa i Wien.
Fleire av dei andre gjorde unna turen på same måten, dei fleste av oss sat på enkeltplassar mellom tysktalande eller amerikansktalande gjester...
I Wien vart det andre kontrollar inn og ut, mesteparten av tida - ein drøy halvtime vart nytta til forflytting inne på terminalen...

Frå Wien til Gardermoen er flyreisa kortare - og flyet mindre og trongare - lunsjen var to rugbrødskiver med cottage cheeseliknade osteblandig med noko ekstra i og eit glas kvitvin..

Gjekk på grønt på Gardermoen, halvflaska som var kjøpt på nedovertur var framleis forsegla i posen sin i kofferten... - og honningen og bitterappelsinmarmeladen var jo sjekka ut som sprengstoff...

Jan Geir venta på oss ute på parkeringsplassen sånn litt over eitt - Mari og Jostein forlet oss for sine eigne heimreiser til høvesvis Bergen og Oslo...

Vi stogga på Flå for mat og kaffi og småstogga for å lage mms-illustrasjon av snø i fjella til oppmerksome vertskapspersonar som lurte på om vi snart var heime...

og Jan Geir frakta oss alle vel heim - og hadde ein ekstratur innom her fordi eg ikkje sakna ryggsekken med tyngre litteratur og kaffi/te... - men då var eg allereie komen i dusjen...


Dei første bileta eg tok laurdagsmorgonen var av taxien til Jan Geir, - og ja eg greidde å tyne ut nok straum til eit bilete av han som avslutning på turen.

og ikkje greidde eg å fokusere heller i mørkret framfor trappa i Ø27...

-men det eine biletet eg hadde skulle med!

fredag 23. oktober 2009

-siste dag i Jeriko -

det tettpakka programmet vaart vert stendig meir tettpakka..

Jerusalem og Betlehem i gaar var sterkt paa saa mange vis...

Middagen i gaarkveld med smaaungar i hagen, grashoppene sang og det var behageleg varm temperatur og to bestemoedre som hadde jobba heile dagen med middagen vart den den gode kontrasten...
Troette, mette og salige og i starten paa ei vemodigheit som varer til neste gong...


Eg vel å la desse orda skrivne tidleg morgon siste dag i Jeriko stå igjen før eg skriv om resten og legg inn bilete...


Fredag er heilagdag - og difor var det barn som skulle opptre for oss vi møtte på Kids Club - som er ei blanding mellom SFO og ungdomsklubb, datamaskiner, musikkopplæring og krativt arbeid er nokre av tilboda her...

Denne vesle jenta spelte Ode til glede - frå  Beethovens 9.symfoni for oss...
ein gut spelte også fløyte og ein gut spelte kanon for oss- om forløperen til oud'en heiter det..
Dei var flinke, og fotografane sto tett...




Her er eit av prosjekta med å bruke avispapir til noko dekorativt, ordføraren fekk ei korg med hank som var eit av produkta dei hadde laga - elles trur eg det var smørkrukker i plast som var nytta til blomar.









og naturlegvis var det kyr på Kids Club også...










Her testar Abu M. og Jostein ut facilitetane - Jostein vart svært skuffa då kveldsarrangementet vart flytta til Biblioteket slik at han ikkje kunne nytte dette klaveret i musikksalen på Kids Club.










Gode bilete av Wiam, det må eg få låne av dei andre....

Wiam er ei nydeleg jente som leiar PR-avdelinga i Jeriko kommune,
då ordføraren ikkje kunne kome på møtet fredagsmorgonen var det ho som leia møtet der tankar vidare vart delte...

Ho har nok hatt det travelt før vi kom også, - ikkje mykje kvile medan vi var der - og om ei drøy veke tek ho turen til Stavanger for å representere Jeriko i vennskapssamarbeidet Jeriko - Lærdal.




og her har Jostein ein liten studie i arabisk i gangen i tredje høgda på rådhuset, medan han ventar på at møtet skal ta til...!







Etter møtet for vi til Dair Hajah, og møtte Father Christo og medarbeidarane hans på St.Gerasimus klosteret.
Det er eit gresk-ortodoks kloster frå det 5 århundre, det er ikkje alltid dei israelske myndigheitene gjer klosteret tilgjengeleg - men i det siste har klosteret utvida arealet sitt og har gjort klar for ein utstillingsplass for ein unik kopi av mosaikkgolvkartet frå Madaba i Jordan.

Vi åt saman med Father Christo, ordføraren og andre kommunale representantar...





Etterpå var det Daudehavet, nokre bada, andre bada føtene og fekk gjørmeinnpakning -
Jomaa inviterte oss til restauranten der eine dotra arbeidde - vi drakk vin frå Dair Hajah og åt sitrusfrukter frå hagen til Jomaa...

Derifrå direkte attende til Biblioteket der avslutningsarrangementet skulle vere,
vi skulle lage eplekake og vafler, men der var det ikkje steikeomn på kjøkkenet så det vart berre vafler igjen med god praktisk hjelp frå Jomaa..

Jerikanarane hadde sørga for varm mat i bitar... pizza er det einaste eg kan namnet på, dei hine skal eg nok finne namna på etterkvart - den eine var iallefall dekka med zataar...
Det var kvelden for "takk for no" talar og "vi møtest igjen" talar - og solidariske talar...

Jostein snakka vakkert og spela på ein synth - joda vi veit det store flygelet hadde fått fram storleiken i musikaren, men talen kring synth'en fekk fram hjarta i oss alle... tårekanalane treng også utskylling...

vemodig kveld -, kjem igjen om ikkje så lenge, - er det ein held fast ved...

og dette er det eg skreiv eg attende på hotellet:

ein uendeleg lang dag...
vi skal vere her paa hotellet eit par tre timar foer vi fer til flyplassen via Wien som sist - men denne gongen med berre ein kort mellomstogg...

troytte og slitne - verre vert det vel etter vi naermar oss Laerdal...

Paa Gardermoen staar maxitaxi og ventar oss i eitt tida i morgon - saa vi er vel heime til Dagsrevyen...

torsdag 22. oktober 2009

- ein dag for visjonar - saag Amman og Doedehavet fraa frukostrommet i dag..

Starten på denne dagen var fantastisk, disen var vekke....

Frå frukostsalen i 9.etasje såg eg Dødehavet  - berre få kilometer unna i søraustleg retning.
I nordaustleg retning om enn betydleg fjernare, viste siluettane av skyskraparane i Amman i synsranda mellom fjell og himmel...
Austbreidda av Jordanelva og Dødehavet er Jordan, Vestbreidda kan vere så mangt - men Vestbreidda av Dødehavet ved Jeriko er ikkje under palestinsk område. I periodar har ikkje palestinarar tilgang til Dødehavet på Vestbreidda, nett no kan dei vitje turistanlegg som det vi vitja seinare i veka, men ikkje alle dagar i veka, og då kun mot betaling... Elles er det ikkje tilgjengeleg område... Biletet er teke ut av vindauga i 4.etasje...


Jeriko er det lavast bebudde punktet på kloden - 258 meter under havoverflata, sett i eit slikt perspektiv er det ikkje så ulogisk at fjella rundt byen er bebygd, også her er det israelske settlements inne på palestinsk område. Dei borar djupt etter vatn - og øydelegg dei naturlege vassvegane slik at det fører til vassmangel.
Under opphaldet vårt såg vi også at kunstige vatningsvegane som har vore i bruk nokre hundre eller tusen år, er øydelagde eller blokkerte. Mengda av vatn på kibbutzane og plantasjane og oppbygginga av nye settlements øydelegg også vassvegane.

les kva Dagbladet skriv om dette.

eller sjå kva Palestinemonitororganisation.org sitt kart frå 2007 viser


Dette var altså dagen for å fare opp i høgda - når Jerusalem ligg på 600- 840 meter over havet, betyr det 1000 meter oppover...
Vi håpa på at det skulle vere litt lavare temperatur - det var det vel eigentleg ikkje denne gongen...

Bussen forlet hotellet klokka 8 om morgonen - vi var vekke i eit halvt døgn... Jerusalem er i luftlinje ikkje så veldig langt unna, men i reisetid vert det lett ein god del ekstra...


- dette er muren - sett opp der vegen frå Jeriko gjekk inn til Aust-Jerusalem.


Vi hadde også høve til å vitje AlQuds universitetet og
Abu Jihad Museüm for th Prisoners Movement Affairs

Vi sto lenge på sjekkpunktet og berre venta, - ein times tid  - men berre ein av oss hadde ein reell årsak til problema med å passere;-  det mangla eit stempel i passet frå flyplassen.
Saman med oss sto småungar med ryggsekk på ryggen på veg heim frå skulen... - tenkje seg til kvar dag... på veg til skule, universitet, arbeid, sjukehus, besøk...
Nokre sjekkpunkt er faste - andre kjem opp på kort varsel.
Vert ein nekta tilgjenge skal ein ikkje be om grunngjeving.
MUREN den er ikkje på israelsk område...



Vi såg også hotellet eigd av Signe Marie Breivik på det norske representasjonskontoret og mannen hennar som er omgjeven av muren og ikkje lenger tilgjengeleg for eigarane.

Sjå Odyseen om Cliff Hotel i Abu Dis ein forstad til Jerusalem      og slik skreiv Dagbladet om det




Vi vitja Gravkyrkja - men vart nekta tilgjenge til dei muslimske heilagdomane på Tempelhøgda - så det får vere til neste gong. Fødselskyrkja i Betlehem vert også utsett til neste gong,- eg rakk den ikkje før stengetid, men prioriterte å handle julekrybbene - hadde eg hatt meir dollar eller shekel hadde det vorte fleire...


- men ei litt større olivenku vart det råd til - og i ein butikk fann eg denne disken...

















Vi køyrde rundt og attende til Jeriko...




Om kvelden var vi alle invitert på middag til Issa og kona hans,-
ikkje visste ho at han var med oss til Jerusalem og ikkje viste ho at mor hennar og svigermor hennar hadde laga mat heile dagen fordi dei visste at vi skulle kome på middag om kvelden...
Eg håpar for deira del at dei ein vakker dag har eit felles liv...

Ein nydeleg kveld i ein ressursrik heim  - småungar leika i hagen... og ei svigerinne såg at Jostein var den rette for eit lynkurs i arabisk...- og kanskje for å understreke at han hadde skills på endå fleire plan, laga Issa kake til dessert på direkten - og det var ikkje fordi det mangla dessertkaker...

absolutt ein dag for visjonar...

onsdag 21. oktober 2009

- og beduinleiren er berre litt av det vi skal oppleve i dag...

Eg byrjar innsjaa at det vert vanskeleg aa faa med alt, og iallefall i rett rekkefoelge naar eg kjem heim...


men vi startar med barnehagen i dag...













Beduinleiren i ettermiddag vert endaameir eksotisk...
programmet utviklar og endrar seg - men noko staar fast,
laerdoelene bidreg med vafler og eplekake paa avskjedsfesten paa fredag...

og dagen vart noko ansleis enn venta uansett...


barnehagen var praktfull rundt 20 skjoenningar paa kvart "klasserom" med raudruta overdelar - driven av den palestinske kvinneorganisasjone vi vitja i gaar.. starta i 1962 - med den korte svangeskapspermisjonen og den hoege arbeidsloeysa er det ikkje alltid store valet... ein herleg plass..


etterpaa var vi paa vitjing hjaa guvernoeren i Jeriko og Jordandalen...
eit inntrykk som ogsaa gjorde stort inntrykk paa oss...
men guvernoeren var ein fredeleg og triveleg kar - hadde framleis evna til framtid og haap og vyer...

og Mari og Jostein gjorde oss stolte i si paa sparket orientering om oss!

paa turen nordover Jordandalen og gjennom sjekkpunktet saag vi verknadane av at vatningsveiter og kanalar vert gravd over, blokkert eller liknande og at vassvegar vert endra og at det vert bora etter vatn som gjer til at palestinske omraade vert vasslause og maa evt handle vatn hjaa okkupasjonsmakta...
og storleiken paa plantasjane - og hindringar paa eksport for andre...
sint og trist...


saa bar det i veg til beduinen og floytespelaren -Abu Sultan_  ingen leir med telt som vi igrunn kanskje forestilte oss...












ein gard med alle koner og alle barn og resten av slekta - og ein skule i landsbyen som den norske stat har bidrege til - og den nydelege maten ete med skei og lefse rett fraa store fat som vi delte og frukt meir eller mindre rett fraa trea... skal skrive meir seinare om dette..





saa bar det heimover med sjanse til aa faa dusja og kvile litt eller skrive litt og saa er det aa gjere seg klar til aa gaa paa middag til Jomaa no klokka 7...


Jomaa som laga lefser paa ein ovn laga av eit oljefat under Laerdalsmarknaden 2004 - den mest generoese og oppmerksame mann trass betydeleg enklare levevilkaar enn dei fleste andre av venene vaare her...







Vi var også innom ein seinkveldvisitt for å sjå den nye heimen til Suleiman og kona hans.

Elles hadde tildoemes Suad aldri vore i omraadet nord i Jordandalen foer - her er det snakk om mindre enn ein times reise...
Eg faar vente med til eg kjem heim foer eg skriv om dette...

aa setje seg i bussen saman med oss til Jerusalem og Betlehem i morgon og berre bli med oss er tildoemes ikkje like enkelt som aa ta bussen til Oevre Aardal... distansen er ikkje ulik...

tirsdag 20. oktober 2009

Dette er dagen for fristelsens fjell - i motsetning til Jesus nyttar vi cablecar!

I gaar avslutta vi dagen med eit teglas hjaa Fedeia, ein spasertur i byen og saa middag hjaa Gazi -

Resten maa forteljast seinare...

I dag startar vi med aa vitje ein guteskule...

og bileta maa kome naar eg kjem heim - eg nyttar ei disponibel maskin i the business center -

- dette er Marianne som viser bilete 1.-4.klasse på Borgund - der sonen
er den eine i 3. og ingen i 4...
- det er eksotisk for ei 3.klasse på ein guteskule... og lærarane deira...



No sit eg på Mari sitt rom med ein Mac og skriv....
det er snart midnatt

stikkord for dagen

Guteskule 10-11åringar ny moderne skule - når 40 smågutar sit tett i eit relativt lite klasserom... i 2 timar i strekk - og her snakkar vi heitt...

bruken av plakatar og symbol...
eg tok ein del video frå skulen - har endå ikkje hatt tid til å gå gjennom det





så var det fristelsens fjell - gondolheis var grei måte å kome seg høgt opp på
drakk vatn på veg opp i klosteret - så eg let meg friste til å verre budd på heten... i motsetning til Jesus som fasta i 40 døgn....

Eg let meg også friste av ein magnumis - ikkje ulik utsjånad med den frå Diplomis... - for dei som har fått med seg åttebladrosetanken - så pruta eg så hardt på ei veske at selgaren ropte etter meg på veg inn i gondolheisa at eg kunne få den for hundre... så det vart ei veske med åttebladrose...

om ettermiddagen vart vi delt opp i grupper, fire av oss møtte vi to kvinnerganisasjonar
Women's Benevolent Association starta i Jeriko i 1963 - og her snakkar vi om kvinner med heilheitstenking...
og KFUK mykje skal forteljast om dei - men her ifrå har eg med appelsinmarmelade, honning og mangt anna

duverda for flinke jenter det finst....

Eg fann kua frå Jeriko, i sjappa til ein palestinsk svenske eller omvendt... ein sølvsmed der jenter frå Lærdal har handla før...
- eg kan ikkje dy meg for å uttrykke bekymring for eigne val... - han har fine smykke også...

dvs det er to figurar ei ku og ei budeie som sit og mjølkar

Etter ein varm hard dag for vi heimom Intercontinental til dagleg skylling og totalt klesskifte før vi var innom ein snarvisitt til Wiam si familie,

"der vi også fekk appelsinar frå hagen og ein stor sitrusfrukt som vi må finne "norsk" namn på..." - skreiv eg same kvelden - og fekk meldinga frå Mari neste morgon så eg slapp finne det norske namnet sjølv...




Det er andre som også har kyr på dei pussigaste plassar, - denne på toalettet til mamma og pappa Erikat...
- kanskje det er naturleg her å innrømme at det er sjeldan eg tek bilete på toalett... -












Etter visitten delte vi oss opp i tre grupper til middagsbesøk, eg var av dei som vitja Suad, som var i Lærdal i 2004, og familien hennar..


Ho serverte fantastisk deilig mat og til dessert ei Nablus-kake... snop...

Suad og eldste dotra broderer, - både tradisjonelt og sånn litt vidare...
Suad sa det slik, ho likte å ha med ein ekstra farge som eigentleg ikkje skulle vere der...
men her tok eg ein god del bilete...

- og grapefrukt frå treet i hagen på veg til bilen med heim til hotellet...

det er eksotisk -----


I morgon beduinleir  - fløytespelaren frå 2004 - Abu Sultan, for dei som huskar han...

Ei ny kort natt..

og som eg har sagt tidlegare verda er full av dyktige tauser:
naturlegvis fann Mari dette paa Wikipedia...
foer eg fekk tenkt meg meir om - pompelmus var det vi aat - eller for aa ha sagt det paa heimemaalet - Citrus grandis - ( godt gjenkjenneleg namn for oss som opprinneleg er fraa staden der Grandis vert produsert...)

"Pompelmus eller pomelo (Citrus maxima, syn. C. grandis) är en stor citrusfrukt med grönt skal och ljusgult fruktkött. Det växer på det upp till 15 meter höga pompelmusträdet, som förekommer naturligt i Sydostasien. Trädet odlas där liksom i tropiska och subtropiska delar av Nord- och Centralamerika. USA är idag största producent av pompelmus-frukter, följt av Kina och Mexiko.

Ordet 'pompelmus' kommer från nederländskans 'pompelmoes', som även gett upphov till fruktens namn på tyska och franska. På engelska kallas frukten 'pomelo', vilket idag även är det vanliga namnet i svenska livsmedelsbutikers fruktdiskar."

Som en korsning mellan pompelmus och apelsin har grapefrukten odlats fram."

mandag 19. oktober 2009

Ein dag i Jeriko

I dag startar vi paa ein jenteskule - og har fullt program - ein ny solrik dag ventar...

mellomrapport:
Naela er laerar paa jenteskulen - Mohamad er leiar i skuleadministrasjonen - begge to har proevd snoescooter paa Filefjell - saa dagen starta med minna fraa 2002...

vel 500 jenter 4-7 klasse

Paa biblioteket etterpaa fekk fleire sterke opplevingar to korte filmar og den floeytespelande beduinen... saa programmet er endra vi skal paa vitjing til han onsdagskvelden - skulle forresten helse heim!
Suleimann kom no til lunsj - og mellom slaga i kveld skal vi vitje Fadeia - den eldste kvinna som var med i 2004 - foer vi fer til gazi for aa ete middag i kveld!

Elles var eg paa ein mosaikkverkstad - fantastisk spanande -

skriv meir seinare...


har funne den eine filmen vi såg Make a wish av Cherien Dabis.

søndag 18. oktober 2009

Frukost i Jeriko!


Ingen arabisk frukostkaffi på Intercontinental - men maten var relativt arabisk... med sterke islett av internasjonal frukost...

Men først gårsdagen, altså 17.oktober:
Vakna klokka 5 - og pakka om for siste gong.
Solheim Taxi venta klokka 7. Thomas kopierte pass, medan eg tok startbileta av maxitaxien med Jan Geir som sjåfør. Vi forlet rådhuset noko forseinka.
Jan Geir plukka opp Berit og Rein-Arne, Iren og Arne, Aud og Lasse og Marianne opp etter dalen, medan Anna og Jostein kom til Gardermoen frå Oslo og Mari kom med fly frå Bergen. Vi hadde frukostpause på Flå. På Gardermoen gjekk innsjekkinga av baggasjen veldig raskt og flyet var i rute.

Vi landa i Wien i firetida og hadde 4 timar i transitt, ikkje verste plassen å vente. Ein halvbrun kafe med god suppe og salat vart nytta som base, det sat alltids einkvan der som kunne passe det meste av handbaggasjen.
- og det var røykedusj der... kun for konsumerandes gjester...

Eg hadde merka meg ein ku-kjøleskapsmagnet som eg skulle handle, - og var nett innom i butikken for å handle den,- då ei veske bad så pent om merksemd!

Flyet til Tel Aviv var større, - allereie no var det varmt nok til å verte irritert over at det tok lang tid å vente på noko å drikke - slik vert det når ein ikkje får ha med drikkeflasker ombord.

Vi landa i rute på Ben Gurion flyplassen i Tel Aviv - i den første bloggen for denne dagen skreiv eg "litt ekstra oppmerksomheit for ei saa stor gruppe til Jeriko..." - var ikkje sikker på om eg skulle fortelje korleis eg opplevde det...
Dei fleste vil nok beskrive kjensla av uvennleg mottaking som sterk, - det har noko med den særs bitchy måten dei oppfører seg der dei sit inne i bura sine, hovedsakleg kvinner, og er i utgangspunktet særs mistenksome og lite imøtekomande...

Maxitaxien venta, den var stor nok til 12 passasjerar, men hadde lite plass til baggasje,- iallefall så mykje baggasje som vi hadde. Sidan sjåføren ikkje hadde trong om ekstraordinære oppbremsingar, så gjekk alt vel!

Passerte Jerusalem som ligg på eit høgdedrag  frå 650- 840 meter o.h. og køyrde austover i nedoverbakkane  til Jeriko som ligg 258 m under havoverflata.


Intercontinental Jericho har ein litt høgare standard enn det vi er van med til kvardags...
- men det juiceglaset vi fekk ved ankomst var vel så deilig som ei enkteltseng på 2x2 meter...

I seng nærare halv fire - vaken som eit lys klokka 7 - stor frukost i restauranten i 9. etasje - og fekk ein noko mjukare start på dagen, skulle møte ordføraren og fleire poltikarar på rådhuset klokka 11.

- og kommentare eg skriv nett før vi reiste i møtet var " D e heitt - fole heitt..."


- og det vart berre heitare...
Likevel fekk vi sett Hishams palass og dei arkeologiske utgravingane der - som viste at vassvegar og oppvarma badevatn har jerikanarane hatt lenge...( skal skrive meir om dette seinare)

Grunnlaget for at beduinane slo seg til her for 10.000 år sidan var naturlegvis vatnet  - oasen - og den varme fine vinteren...
Frå bibelsoga kjenner vi namnet på kjelda Elisjas kjelde, - den er i ferd med å verte bygd inn - og beskytta for forureining... Vi vart også orientert om dei stendig aukande vassproblema ( dette er også eit stort tema som vert skrive om seinare)


I dette området er det fantastiske mosaikk. I området ligg ein skule som vart starta med hjelp frå Italia, då prosjektet var over og all mosaikken var kartlagd hadde fleire jerikanarar lært seg teknikken med naturfarga marmor/sandstein frå området.

I Jeriko er det mange ulike kyrkjesamfunn som lever fredeleg side om side med moskeane og andre heilage bygningar. Heilage kristne stadar er det også mange av i Jeriko. Der Jesus vart døypt er på okkupert område av Vestbreidda, klosteret som etter tradisjonen er bygd over hola der Maria og Josef kvilte på veg til Egypt er midtveges mellom Jeriko og Dødehavet. Og fjellet Jesus var på og fasta i 40 døgn - er der kabelbana tek ein opp til nettopp Mount of Temptation - og ein kan berre tenkje seg til at  Temptation Tourist Center er det einaste logiske namnet på turistbutikken - eller det lokale "Flåm" som eg syntest det var naturleg å kalle det...
Fortauet der morbærtreet som Sakkeus klatra opp i for å sjå Jesus, er ein del av ein russisk eigendom...


Denne første kvelden var vi på vitjing i 3 ulike heimar, fire av oss vitja Marwan, den kommunale tolken og den nydelege kona Fufu - dei var nygifte, hadde vore gift i berre 9 dagar, hadde fått huset som høyrde til faren sin eigendom...